image description

Dei 85 rikaste personane i verda kontrollerer like mykje pengar som halve jordas befolkning. Denne utrulege opplysninga kom fram under konferansen, Verdens økonomiske forum, som årleg blir avvikla i Davos. Utfordringa med økonomiske skilnader blir i forumets rapport, Global-Risks, omtala slik:
“Det vedvarande inntektsgapet mellom dei rikaste og dei fattigaste innbyggjarane blir sett på som ei av dei største truslane for verdsøkonomien det komande ti-året.” Det er Oxfam, ein internasjonal ideell og humanitær organisasjon, som i ein ny rapport la fram dei ekstreme tala. Og rapporten seier vidare: “Medan forskjellar hindrar økonomisk utvikling, skapar kriminalitet og svekker befolkningas helse, fører store ulikheiter også til å fyre opp under folks forakt for elitane.”
Den økonomiske eliten som var samla i Davos, var bekymra for mangel på vidare økonomisk vekst. Handlar dette om vekst for ytterlegare skilnader eller vekst for den delen av jordas befolkning som lever i fattigdom? Vi kan mistenke Davos-eliten for å vera meir opptekne av eigen økonomisk vekst enn folks ve og vel. Vår tid blir kalla globaliseringas tidsalder. Med fri verdsmarknad, ei avregulert finansnæring og minimal politisk styring av økonomien, har politikarane lagt til rette for forskjellssamfunnet.
Mange er uroa for det dei kallar underskott på demokrati, ikkje minst kjem denne problemstillinga til overflata i mange EU-land, der mykje av nasjonalmakta er overført til overnasjonale byråkratstyrde instansar. Når den økonomiske eliten, via tung lobbyverksemd og i mange land korrupsjon, går inn og styrer politiske avgjerder blir folkestyret ytterlegare svekka.

– Meir enn to milliardar menneske driv familiejordbruk på verdsbasis, fekk vi høyre av Josè A. Osaba, under samvirkekonferansen om Mat og landbruk. Osaba er koordinator for FNs internasjonale år for familiejordbruk. Mange av dei to milliardar menneska som Osaba snakka om, er nok representert blant dei fattigaste av dei 3,5 milliardane som vart omtala under Davos-møtet. Småbøndene med familiejordbruk er dessverre i mange land ei underbetalt og utnytta gruppe, men det utrulege er at familiejordbruket står for 70 prosent av matproduksjonen i verda.
– Mat bør produserast i nærleiken av der folk bur, og har ein ikkje ein konkret politikk for familiejordbruket vil dei sterke kreftene vinne, understreka FN-koordinatoren.
På vår heimlege arena har vi no ein politikk som vil gi landbruket ein ny retning. Kva er målet, og kva landbruk kjem ut i andre enden når prosessen er ført til ende? – De fleste vil påstå at de gjør det nødvendige, selv når de går over lik for å bli konkurransedyktige, skriv Kari Gåsvatn, Nationen, i ein utfordrande artikkel om romanfiguren Åge, som er dansk svineprodusent. Og Gåsvatn held fram:
– Matprodusenter må forholde seg til den nye følsomheten rundt maten. Det holder ikke å beskrive en idyll som ikke finnes. Fortellingen om maten er eksistensiell.
Vi er inne i det internasjonale familiejordbrukets år. Det kallar til merksemd og solidaritet med yrkesbrør verda over. Reknestykket 85 =3500 000 000 er truleg rett, i så fall speglar det ei djupt urettferdig verd.