Rydd opp i målkonfliktane

27. februar 2026 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.

Ta til dømes måla om stadig økonomisk vekst, meir utbygging og auka kraftforbruk. Du skal ha slukt mykje tran for å kunna påstå at dette let seg foreina med forpliktingane til samstundes å styrka naturen og nulla ut dei nasjonale klimautsleppa.

Eller kva med målet om at bøndene skal produsera 25 prosent meir mat innan 2030? Altså i dei fire åra då dei ifølgje klimaavtala med staten også skal kutta fem millionar tonn CO2-ekvivalentar?

Paradoksa ropar på vaksne med kunnskap og mot til heilskapleg samfunnsplanlegging og hard prioritering.

Miljødirektoratet sin nyaste klimarapport bør i så måte lesast som ein invitasjon til nettopp dette.

I «Klimatiltak i Norge 2026: Veivalg og utslippsbaner mot 2050» peikar direktoratet på ulike tiltak som industrien, transporten, energibransjen og jordbruket kan setja i verk for å nå målet om svimlande 95 prosent klimakutt innan 2050.

Konkret for jordbruket blir det hevda at store utslepp blir kutta ved at folk følgjer kosthaldsråda og et mindre raudt kjøt.

Og det har direktoratet rett i. Isolert sett.

Men så melder dilemmaa seg. For er ikkje Noreg eit grasland, ideelt for drøvtyggjarar? Er ikkje drøvtyggjarane grunnplanken i matberedskapen, når kornavlingane er små og like ustabile som verdssituasjonen? Er det ikkje drøvtyggjarane som sikrar opne landskap og liv i bygdene? Er dei ikkje vår sikraste kjelde til protein om grensene skulle stengast?

Bønder og Senterpartiet har sjølvsagt reagert på rapporten som ennå ei oppmoding til å «ta kua».

Me vil oppmoda desse til også å nytta høvet til vaksenopplæring.

Heller enn å sløsa momentum på å idiotforklara urbane byråkratar, bør jordbruket nytta høvet til å invitera politikarar og andre premissgivarar til ein ærleg debatt om kva som står på spel. Og til å rydda opp i dei openberre målkonfliktane.

I debatten om korleis me best områr oss, minner me om at bøndene sitt truverd veks gjennom solid dokumentasjon av eigne klimatiltak i arealbruk, maskinpark, jordarbeid og dyrehelse. Der har dei ein del å gå på.

Meiner me alvor med lågutsleppssamfunnet, og det må me, så vil klimatiltaka kjennast i alle sektorar. Matproduksjonen inkludert.

Også bøndene kjem til å måtta bevisa at påstanden «me skal gjera vår del av klimajobben» er meir enn ei frase.

Bondevennen nr 15
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 11. september.

Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!

Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.

DEI SISTE LEIARANE:

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.

Mangel på respekt og bondevett

Mangel på respekt og bondevett

Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet.

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.