Tek arven vidare: Onkelen til Lars Kristian, Torger Grude, ivra for vestlandsraudkolla og faren, Karl Grude, var ein ihuga tilhengar av økologisk landbruk. Åslaug og Lars Kristian har teke arven vidare.

For små volum

9. juni 2026 | Aktuelt

Parallelt med Tine si nedskalering av økologisk produksjon, planlegg Rørosmeieriet nytt bygg og utviding av produksjonen.

Liv Kristin Sola, skribent

Meierisamvirket konsentrerer no den økologiske produksjonen i same område som Rørosmeieriet allereie dominerer marknaden, og talet på Tineanlegg med økologisk produksjon er redusert frå sju til fire på fem år.

Kommunikasjonsrådgivar Hanna Kolbjørnsen Lilleengen i Tine stadfestar i ein e-post til Bondevennen at det per i dag er økologisk produksjon på Tine sine anlegg på Kalbakken i Oslo, i Brummunddal, samt på Dovre og på Tunga i Trøndelag.

– For å sikre effektiv drift og god kvalitet på mjølka treng vi eit visst volum inn på våre anlegg. Anlegga må heller ikkje ligge for langt unna der marknaden for økologisk mjølk er størst, skriv Kolbjørnsen.

Økologisk mjølkeproduksjon i Tine

I 2021 hadde Tine kontrakt med 251 debiogodkjende mjølkeprodusentar. I år er talet 189. Produsentar som har fått oppseiing eller som foredlar mjølka sjølv er ikkje inkludert i dette talet.

I 2021 produserte meierisamvirket økologisk rømme, fløyte, yoghurt, smør og fleire ostevariantar, i tillegg til mjølk og kefir. I 2026 er produktutvalet i butikk avgrensa til mjølk, kefir og éin type brie.

«Samstundes ser vi auka interesse og vurderer fortløpande nye lanseringar.»

Annicka i kommunikasjonsavdelinga til tine

Fordeling av ein knapp ressurs

Ifølgje Landbruksdirektoratet vart det i 2025 produsert 43,4 millionar liter økologisk mjølk her til lands. Ein marginal nedgang samanlikna med året før, men ein nedgang på 4,7 millionar liter frå 2021 då volumet var over 48 millionar liter.

Norsk melkeråvare (NMR) sel øko­mjølk på like vilkår til alle aktørar. Er det knappheit på råvare, er det kjøpt volum føregåande år som gir grunnlag for tildeling i inneverande år.

Meirpris

Frå første juli i år betaler Norsk Melkeråvare ut ein meirpris på 1,05 kroner til bønder som har kontrakt med Tine. Nye produsentar får i tillegg 60 øre per liter i omleggingsperioda.

Uavhengig av kontrakt med Tine, får alle debiogodkjende mjølkeprodusentar eit tillegg på 60 øre per liter via jordbruksavtalen. Årets jordbruksavtale sikrar ytterlegare 15 øre i meirpris per liter.

Totalt er meirprisen for økomjølka på 1,80 kroner for dei som har kontrakt med Tine. For dei resterande produsentane er meirprisen på 75 øre per liter.​

Utvikling av volum og bruk: Levert volum økologisk kumjølk, omsett volum økologisk<br />
mjølk frå Norsk melkeråvare og del av den leverte økologiske mjølka selt vidare som økologisk råvare, 2007–2025. Tal i millionar liter og prosent.<br />
Kjelde: Norsk melkeråvare, 2026a/Landbruksdirektoratet.

Utvikling av volum og bruk: Levert volum økologisk kumjølk, omsett volum økologisk mjølk frå Norsk melkeråvare og del av den leverte økologiske mjølka selt vidare som økologisk råvare, 2007–2025. Tal i millionar liter og prosent.
Kjelde: Norsk melkeråvare, 2026a/Landbruksdirektoratet.

Sjølvfinansiert ordning

Økotillegget frå Norsk melkeråvare blir ikkje belasta fellesskapet. Kostnaden med å få inn økologisk mjølk blir belasta industrien som kjøper mjølka. Frå 1. juli i år er meirprisen for økologisk mjølk til industri på kr 1,38 per liter, i tillegg til gjeldande noteringspris for mjølk.

Slutt i Nord og i Sørvest

Produsentar i nord mista økotillegget frå og med 2025. I 2027 vil produsentar sør for Bergen mista sitt tillegg, litt avhengig av kor lenge dei har hatt kontrakt med Tine. Volumet i nord var på 923 tonn og i Rogaland er produksjonen 1100 tonn.

Enorm vekst hjå Rørosmeieriet

Her til lands er det Rørosmeieriet som foredlar det meste av den økologiske mjølka. Volumet har auka over fleire år og i fjor var auken på rundt seks millionar liter.

For ti år sidan stod Rørosmeieriet for ein fjerdedel av det omsette økologiske mjølkevolumet. I fjor var talet 76 prosent. Det utgjer om lag 27 millionar liter.

Tine foredla 8,1 millionar liter økologisk mjølk i 2025, noko som er éin million mindre enn året før.

Om lag 350.000 liter økologisk mjølk vart selt frå Norsk melkeråvare til andre aktørar og småskalaforedling som kjøper mjølk frå Norsk melkeråvare.

Lokal foredling av økologisk mjølk produsert på eigen gard er ikkje ein del av statistikken, då det ikkje går via Norsk melkeråvare.

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Framsynt: Rørosmeieriet har auka volumet kvart einaste år sidan starten for 25 år sidan. No får dei ikkje tak i nok mjølk, ein situasjon som Trond Lund i Rørosmeieriet lenge har varsla om. Foto: Rørosmeieriet.

Tine – færre økologiske produkt: I 2021 produserte meierisamvirket økologisk rømme, fløyte, yoghurt, smør og fleire ostevariantar, i tillegg til mjølk og kefir. I 2026 er produktutvalet i butikk avgrensa til mjølk, kefir og éin type brie. Foto: Tine.

Tine på gjerdet

Bondevennen tok kontakt med styreleiar Rolf Øyvind Thune i Tine for ein kommentar. Svaret vi fekk kom frå kommunikasjonsavdelinga og var signert Annicka. Ho informerte om at styreleiar ikkje var rette vedkommande til å svare Bondevennen på desse spørsmåla, og at alle spørsmål til Tine skal gå til kommunikasjonsavdelinga. 

På kritikken frå økobonde Kolbjørn Anda om at Tine har sove i økotimen, svarar Annicka at Tine er positive til økologisk satsing og auka etterspurnad etter norske økologiske meieriprodukt. Ho minner om at det er krevjande å planlegge tilgangen på økologisk råvare og at omlegging til økologisk drift tar to til tre år.

På spørsmål om kvifor Tine vel å legge sin økologiske produksjon til same region som Rørosmeieriet, svarar Annicka følgjande:

– Tine har hatt økologisk produksjon i aktuelle regionar i over 30 år, og dette er områda som har volum til å dekke behovet vårt.

Årsaka til at Tine har redusert sitt økologiske sortiment er lågare etterspurnad og færre «listingar» på somme produkt.

– Samstundes ser vi auka interesse og vurderer fortløpande nye lanseringar, seier Annicka i Tine kommunikasjon.

Politikk verkar

I 2005 sette regjeringa Stoltenberg eit mål om at 15 prosent av arealet her til lands skulle drivast økologisk. Som ein konsekvens av vedtaket, gjekk forsvaret i nord over til å kjøpe økologisk mjølk til alle sine baser i nord. Det sikra stabile volum for Tine og for produsentane.

I 2018 gjekk regjeringa Solberg vekk frå det talfesta økomålet. Forsvaret valde vekk økomjølk og Tine avvikla den økologiske produksjonen i Harstad. Produsentane fekk beskjed om at kontrakten ikkje lenger var gjeldande og i januar i 2025 mista produsentane i nord økotillegget frå Tine.

For å redusere ekstrakostnaden i verdikjeda for økologisk mjølk, blei partane i jordbruksforhandlingane i 2023 samde om å innføra eit statleg grunntilskot for økologisk mjølk på 40 øre. I 2024 vart tilskotet auka frå 40 til 50 øre per liter. Samstundes reduserte Tine sitt økotillegg til 70 øre per liter.

Påska 2025 la regjeringa fram strategien «Frå økologisk jord til middagsbord». Ambisjonen er ti prosent økologisk areal her til lands i 2032. Omtrent samstundes sa Tine opp kontrakten med økologiske produsentar sør for Bergen, med verknad frå 2027. Eit volum på 1,1 millionar økologiske liter.

10. april i år kom Norsk Melkeråvare med melding om at kontrakttillegget til mjølkeprodusentar for økologisk mjølk aukar med fem øre, til 1,05 kroner frå 1. juli i år. Auken er meint å stimulere bønder i det aktuelle området til å legge om til økologisk mjølkeproduksjon – samt å hindre fråfall av eksisterande produsentar.

I årets jordbruksoppgjer vart partane samde om å auke tillegget frå 60 til 75 øre per liter debiogodkjent mjølk som blir levert til meieri eller lokal foredling.

Kjelde: Jordbruksoppgjeret 2023 og Norsk Melkeråvare.

Foto: Istock / lisegagne

Foto: Istock / lisegagne
Frå overskot til mangel

Les òg artikkelen:

Frå overskot til mangel

Produksjon med usikker framtid

Les òg artikkelen:

Produksjon med usikker framtid

Sårbar beredskap

Les òg artikkelen:

Sårbar beredskap

Stikkord denne saka: