Eit alternativ: – Kva om Tine hadde gitt flat pedal, og satsa på å bygge eit økomiljø på Jæren. Då meiner eg me kunne produsert økomjølk<br />
med kortare inntransport og dermed også den billigaste økomjølka i heile landet, seier Jørgen Narvestad Anda, økologisk bonde på Randaberg i Rogaland (framme). Her saman med faren Kolbjørn Anda. Foto: Priva

Eit alternativ: – Kva om Tine hadde gitt flat pedal, og satsa på å bygge eit økomiljø på Jæren. Då meiner eg me kunne produsert økomjølk med kortare inntransport og dermed også den billigaste økomjølka i heile landet, seier Jørgen Narvestad Anda, økologisk bonde på Randaberg i Rogaland (framme). Her saman med faren Kolbjørn Anda. Foto: Privat.

Produksjon med usikker framtid

9. juni 2026 | Aktuelt

– Det er eit paradoks å kutte avtalar medan marknaden skrik etter økomjølk, seier Kolbjørn Anda.

Jofrid Åsland Gilje

Leikvoll økologiske Gard har vore driven økologisk sidan 2000.

– Eg var veldig sjokka då Tine sa opp avtalane om økologisk mjølk i starten av 2025, seier Kolbjørn.

Han forstår ikkje kvifor Tine har valt å kutte avtalane med produsentar i sørvest.

– Her har Tine så til dei grader sove i timen. Det er eit paradoks å kutte avtalar medan marknaden skrik etter økomjølk, seier Kolbjørn.

Sjølv om neste generasjon har teke over drifta er Kolbjørn framleis på kunnskapsjakt, og skildrar eit spanande liv som økobonde.

– Jo meir eg lærer, desto meir oppdagar eg at eg ikkje kan. For min del har dette vore veldig kjekt, sjølv om ein må rekne med nokre stikk som økobonde.

«Her har Tine så til dei grader sove i timen.»

Kolbjørn Anda

Kunne tatt ein posisjon

Jørgen Narvestad Anda fekk ein fem års avtale med Tine då han overtok garden i 2024. Dermed treng han enn så lenge ikkje ta det vanskelege valet om han vil halde fram med drifta utan økotillegg for mjølka. Samstundes leverer dei halvparten av mjølka til lokalproduksjon av ost, og vil uansett få økotillegget på den parten som går til ysteriet.

Jørgen er samd med faren, og meiner at Tine kunne ha teke ein betre posisjon i sørvest når det gjeld økomjølk.

– Kva om Tine hadde gitt flat pedal, og satsa på å bygge eit økomiljø på Jæren. Då meiner eg me kunne produsert økomjølk med kortare inntransport og dermed også den billigaste økomjølka i heile landet, seier Jørgen.

Han har stor tru på at den kunnskapsrike jærbonden som driv konvensjonelt lett vil kunne tilpasse seg økologiske spelereglar, men det fordrar at meieriet gir langsiktige rammer for ei slik satsing.

No skjer det stikk motsette ved at økologisk produsert mjølk ikkje vert verdsett som dette, men seld som vanleg konvensjonell mjølk.

– Eg fryktar at fleire produsentar vil miste motivasjonen, og at miljøet vil forsvinne.

– Kunne ha styrka laget

Åslaug Åsland Grude har drive økologisk mjølkeproduksjon i Klepp kommune i lag med mannen sidan 1996. Ho er samd med Kolbjørn Anda om at Tine har sove i timen.

– Dette har dei visst om lenge. Hadde det vore vilje kunne dei oppretthalde produksjon i desse områda kor dei har aktive produsentar, og heller styrka laget der, seier ho.  

– Me blir heia fram

Randi Terese Nese fekk øko-kontrakt med Tine i 2021. I 2023 leverte ho all mjølka si som økologisk til Tine på Sola. I 2005 vart avtalen oppsagd.  Men Klepp-bonden kjem ikkje til å gå tilbake til å drive konvensjonelt.

– Eg tar ein dag om gongen og trur faktisk at dette vil ordne seg – på eit eller anna vis. Øko er i vinden og me opplever at kundane vil ha økologisk mjølk, også lokalt i Rogaland. Me kjenner me blir heia fram, seier ho.

Åslaug og Lars Kristian Grude. Foto: Liv Kristin Sola

Åslaug og Lars Kristian Grude. Foto: Liv Kristin Sola

Frå overskot til mangel

Les òg artikkelen:

Frå overskot til mangel

For små volum<br />

Les òg artikkelen:

For små volum

Sårbar beredskap

Les òg artikkelen:

Sårbar beredskap

Stikkord denne saka: