
Kjedar seg: Sauer som står åleine og kjedar seg, eller som står for tett, kan lettare byrja å nappe seg sjølve eller andre. Napping kan dermed vere eit teikn på at sauene ikkje har det optimalt.
VETERINÆREN:
Ullavfall og ullnapping hjå sau
Du har kanskje opplevd det? Nokre av sauene dine står og nappar ull av sine medsystrer. Kvifor – og kva kan du gjere med det?
Asle Bjørgaas, starta i klinisk praksis på Voss i 1984, no praktiserande veterinær i Vaksdal og Modalen med vaktsamarbeid med Voss.
Ullavfall og ullnapping er velkjende fenomen i mange norske sauebesetningar. Dei fleste sauebønder har sett sauer som har ullavfall. Som oftast skuldast det at andre sauer i besetninga nappar ull, og ulla ser ut til å sleppe lett.
Finn syndaren
Ullavfall er mest vanleg på bøgene, på sidene av buken, og bak på låra. Det er mest vanleg at ullavfall berre vedkjem nokre få sauer i flokken, og at det berre er ein eller få andre som nappar.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Sjå korleis du bytar passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.
