Mål utan endringsvilje blir fiasko
Jofrid Åsland Gilje
Noreg skal bli meir sjølvforsynt med mat. Politikarane har samla seg kring eit mål om 50 prosent fôrkorrigert sjølvforsyning innan 2030. Det er eit viktig mål, men det bør ikkje vere endestasjonen.
Den nye NOU-en Matsystemet mot 2050 har nettopp 2050 som tidshorisont. NOU-en er rett nok ute på høyring, men kan likevel gi oss ein peikepinn om politisk endringsvilje. Eit spørsmål næringa kan stille seg sjølv er: Har bøndene tilstrekkeleg med endringsvilje?
Den diskusjonen bør me ta no. For vegen til eit land som er 50 prosent sjølvberga handlar ikkje berre om å produsere meir. Me må redusere avhengigheita av importert protein, auke produksjonen av norsk korn og proteinvekstar og få meir mat ut av det avgrensa jordbruksarealet me har. Samstundes skal næringsstoffa utnyttast betre, og nye gjødselreglar stiller strengare krav, mellom anna til fosfor.
Her ligg det ein krevjande balansegang: Korleis skal vi auke norsk matproduksjon og samstundes kutte klimaavtrykket?
Norsk matberedskap kan ikkje byggjast på eit mål. Det er også viktig å ha klart føre seg kva målet med beredskapen er. Det er stor skilnad på krig og fred. Dersom me møter ei alvorleg krise vil ikkje avokado til fredagstacoen stå så høgt på lista. Me treng ein langsiktig og konkret plan for kor stor norsk produksjon me faktisk skal ha, kva ressursar som skal brukast, og kor avhengige me skal vere av import. I fredstid vil truleg ein del import vere fornuftig grunna avgrensa jordbruksareal til produksjon av proteinvekstar, medan det i krise vil vere naturleg å tenke heilt annleis.
NOU-en opnar døra mot 2050. No bør politikarane gå gjennom døra og bli endå meir konkrete. Me kan skimte nye og heilt annleis mål for landbrukspolitikken der framme. Ein politikk der matproduksjonen er løfta til eit høgare nivå. Skal me for alvor løfte norsk matproduksjon vil det vere avgjerande å ha eit samspel mellom næring og politikk. Bøndene må også ta sin del av ansvaret her. Det er krevjande med stadig nye krav, men me kjem ikkje utanom klimadebatten. Skal me nå dei høge måla for norsk matproduksjon må både bønder og politikarar vise endringsvilje.
DEI SISTE LEIARANE:
Størst av alt er viljen
Høg gjennomsnittsalder, få damer og utfordringar med rekruttering til bondeyrket har lenge vore tema for diskusjon. Statistisk sentralbyrå melder om stadig færre gardsbruk.
Fosforreglane må ta omsyn til avlingane
Tid er meir enn berre pengar. Utsetjinga av innføringa av det nye gjødselregelverket med eitt år for å få reglane om balansegjødsling på plass, kan vonleg gi eit resultat som mange bønder er avhengig av.
Ikkje la mørket ta over
Hausten har allereie endra grønt liv til visnande raudt og brunt. I heia er det vakkert. Toppen på lukke er krystallklar frisk luft, sol og saueflokkar på veg ned fjellsida. Det kan vere tungt å springe etter kreative sauer med eigne planar, men likevel: Det er fint å vere bonde ein haustdag i heia.





