
Dystert: Brannstatistikken frå norske gardsbruk er dyster. I følgje Landbrukets brannvernkomité vart det i 2020 registrert 141 brannar i driftsbygningar. 852 husdyr omkom. Dei fleste brannane skuldast elektrisk feil. Sensorteknologi kan varsle om unormal varmeutvikling i el-skap og bidra til brannførebygging. Illustrasjonsfoto: Istock.
Moderne sensorteknologi med trådlaus kommunikasjon til din smarttelefon eller pc gjer det nå mogleg å ha full kontroll på eventuelle temperatursvingingar i sikringsskapa i driftsbygningane. Gjensidige er i ferd med å implementera teknologien i deira rabattordning.
Sjur Håland
Dermed kan du avdekka avvik på elektrisk utstyr på garden og bli varsla på eit tidleg tidspunkt og setja i verk vedlikehald eller reparasjon i god tid før det oppstår driftsstopp, skade eller brann.
Landbruksbrannar oppstår dessverre framleis. To av tre brannar skuldast elektrisk feil og oppstår i dei fleste tilfella i sikringsskap. I følgje Landbrukets brannvernkomité vart det i 2020 registrert 141 brannar i driftsbygningar og 140 bustadbrannar med skade på meir enn 100.000 kroner på norske gardsbruk. 852 husdyr omkom i brannar i 2020. Det er betydeleg mindre enn vanleg. Snittet for dei siste ti åra, synar at 6.800 dyr går med i brann kvart år.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






