BN+

Trivsel: Slaktegrisene har det bra, konstaterer f.v. Laura Lundgaard Jensen, Toralf Gausvik Loe og Silje Svartveit Osmundsen.

Har starta slaktegrisproduksjon i leigd grisehus

Sambuarparet Silje Svartveit Osmundsen (20) og Toralf Gausvik Loe (21) har leigd seg eit tomt grisehus i Sveio. Her har dei starta med slaktegrisproduksjon medan dei venter på å ta over hennar gard.


Sjur Håland


Dei er unge, entusiastiske og fast bestemte på at bondeyrket er det rette valet. På Tjernagel i Sveio har Silje og Toralf nyleg starta opp med å fylla eit stort grisehus, bygd i 2006, med slaktegris. Førebels er to av dei fire avdelingane fylte opp. I dei to andre held dei på å gjera klart til innsett. Ristene skal skiftast og nokre opningar i bingeskilja skal tettast før nye 270 griser flytter inn. Huset dei har leigd var nytta til smågrisproduksjon der bonden som eig huset dreiv ei satelittbesetning. Bonden ynskte å trappa ned. Det passa godt for Silje og Toralf som skal trappa opp.

Møttest på Voss

Silje er frå gard i Sveio, medan Toralf er frå Voss. Begge foreldra hans kjem frå gard, og Toralf har vore avløysar på ein gard i Voss i ei årrekkje. Dei to møttest på Voss jordbruksskule, der dei begge, på kvart sitt klassetrinn, tok agronomutdanning. I februar flytte dei to nyutdanna agronomane inn i eit ledig hus på heimegarden hennar, seks kilometer frå der dei har grisehuset. Foreldra hennar er Gjertrud Svartveit Osmundsen og Gunnar Osmundsen.


– Planen er at me skal ta over garden kring ti år fram i tid, fortel Silje og Toralf.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: , ,