Viktig arbeid for klima: NSG meiner Metanmåleren er eit nyttig bidrag til landbrukets klimadugnad, og håper medlemmane er stolte over arbeidet som vert gjort.

Ved hjelp av utstyret i Metanmåleren ønsker Norsk Sau og Geit å måle faktisk utslepp av metan, samt undersøke variasjon mellom dyr, og om det finst ein arveleg komponent.

 Liv Kristin Sola

I underkant av ni prosent av klimagassutsleppa kjem frå landbruk. Husdyra står for rundt halvparten og sauen for en tredjedel av dette igjen, noko som er rundt éin prosent av dei totale utsleppa.

Les om målingane på Finnøy her.

Metanmåleren

Det er forskjell mellom dyr i kor mykje metan dei produserer. Hypotesen er at ein produktiv sau slepper ut mindre metan per kilo kjøt enn ein som er mindre produktiv.

NSG kan vise til at målretta avlsarbeid for ein meir produktiv sau, allereie har redusert estimert utslepp av metangass frå NKS med seks prosent i løpet av dei siste 10 åra. Årsaka er auke i lammetal og høgare tilvekst på lamma.

NSG skal sikre seg meir innsikt i desse samanhengane, blant anna gjennom EU-prosjektet SMARTER. Avlsorganisasjonen har investert i ein lastebil som har fått namnet Metanmåleren. Bilen har ti gasstette kammer som gjer det mogleg å måle utslepp av metangass, oksygen og karbondioksid frå enkeltdyr.

Med meir kunnskap er planen å inkludere denne eigenskapen i avlsmålet for NKS ved å avle på dyr med lågast utslepp.

NSG si rolle i prosjektet er å finne ut om målingar gjort i felt er arvelege. 

Metanmåleren på Finnøy: I starten av juni registrerte NSG fleire hundre søyer på Finnøy i Rogaland. Her hjå Karl Andre Vignes (t.h.) som får god hjelp av dei andre sauebøndene på øya, blant anna Gaute Halleland.  

Metanutslepp inn i avlsmålet

Målingane skal gjennomførast på 6000 vaksne søyer. Det gir nok registreringar til å berekne ein arvegrad for eigenskapen. Foreløpige berekningar har vist at arvegraden ligg mellom 0,1 og 0,2. Til samanlikning er arvegraden for haustvekt hjå NKS 0,13. Det gir grunn til å gå vidare med prosjektet.

Med bruk av Metanmåleren i utvalde besetningar kombinert med gentesting har NSG god tru på at dei kan klare å få eigenskapen metanutslepp inn i avlsmålet for NKS.

Forskjellar mellom rasar og fôrkvalitetar

Ved NMBU på Ås skal dei sjå nærare på korleis grovfôrkvaliteten påverkar utslepp av metangass. Det gjer dei ved å samanlikne utslepp ved fôring med to kvalitetar av surfôr og av beitegras, og samanstille det med individuelt fôropptak. Prosjektet har fått namnet «Grass to Gas». 

Forskarane ved NMBU skal også sjå om dei kan finne forskjellar i utslepp mellom NKS og gammalnorsk spælsau (GNS).

Kjelde: Jette Jakobsen, avlsforskar i NSG, og Bladet «Sau og Geit» 1/2021.

Stikkord denne saka: , ,