ANALYSE

Regjeringserklæring for eit tidsskifte

22. oktober 2021

Borch, bot og betring?: Senterpartiets nye landbruks- og matminister Sandra Borch må levera på høge forventingar om ny landbrukspolitisk kurs og høgare inntekt til bøndene. Her overtek Borch nøkkelen til departementet frå forgjengaren Olaug V. Bollestad 14.oktober. Foto: LMD

Der opptrappingsvedtaket i 1975 feila, bør Hurdalsplattforma lukkast.

Bjørn Lende,
bonde og lærar, Jæren.

Landbruket har store forventningar om betre økonomiske tider og ein ny politisk kurs. Det er ikkje uvanleg at lovnader om det eine og det andre sit laust i ein valkamp, men det er litt meir krevjande når dette skal utformast i praktisk politikk.

Som forventa resulterte stortingsvalet i eit nytt fleirtal og ei ny regjering. I regjeringsplattforma kjem dei første tydelege signala på kva vi kan forvente dei neste fire åra. I eit dokument som inneheld mange uforpliktande formuleringar om ting som skal utgreiast eller vurderast, er avsnittet om landbruk overraskande konkret og forpliktande. Dette gjeld viktige felt som inntekt, sjølvforsyning, marknadsordningar grensevern og investeringar. Det er også meir kontroversielle ting, som å fase ut konkurransepolitiske verkemiddel frå prisutjamningsordninga, og å senka kvotetaket ned mot 500.000 liter.

Sp bevegar seg

Noko av det mest interessante med Hurdalsplattforma er at den på einskilde område skil seg tydeleg frå sist Senterpartiet sat i landbruksdepartementet, og Lars Peder Brekk la fram stortingsmeldinga «Velkommen til bords» i 2011. Det er no presisert at målet om 50 prosent sjølvforsyning skal korrigerast for import av fôrråvarer. Vel så viktig for mange er det at det utskjelte talgrunnlaget som i Brekk si tid vart forsvart, nå er skrota. Inntekta skal trappast opp og målast på nivå med utgangspunkt i nytt talgrunnlag.

Nokon vil kan hende problematisera at det i regjeringserklæringa ikkje er tidfesta kva tid inntekta skal vera jamstilt. Men når det står at regjeringa vil leggja fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet, er målet rimeleg tydeleg.

Det første landbruket vil merke er at det alt i statsbudsjettet for 2022 skal innførast ei investeringspakke, utanom jordbruksavtalen, for blant anna å sikre omstilling til kravet om lausdrift på små og mellomstore mjølkebruk.

Investeringsmidlar er blitt problematisert fordi det bidreg til aksept av ein dårleg økonomi. Det er det ikkje grunn til. Det er viktig at den einskilde utbyggjar tek eigarskap til prosjektet, og vurderer det opp mot arbeidsforbruk og inntening. Der tilhøva ligg til rette for at investeringsmidlar gir brukbar økonomi i prosjektet, er det ikkje grunn til å vente. Det er mange fjøs som skal byggjast, det er bare å koma i gang.

…alt vel, då?

Den første store prøven for den nye landbruksministeren blir jordbruksforhandlingane til våren. Ein kan undra seg over kva det skal forhandlast om, når jordbruket har fått «alle» sine krav oppfylt i regjeringserklæringa. Kan hende vert dei hardaste forhandlingane mellom Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget for å utforme eit felles kravdokument.

Meir for maten, takk

Det store spørsmålet er likevel finansieringa. Ein må ikkje gløyme at dette handlar om pengar. Mykje pengar. Det trengst ei betydeleg auke i overføringane på statsbudsjettet, men for å kome i mål er ein også heilt avhengig av å auke prisuttaket i marknaden. Og skal det monna, må det vere på dei store voluma, korn, mjølk og kjøt.

Korn er problematisk fordi det fører til auka kostnader i husdyrproduksjonane, som alt opplever stor kostnadsvekst. For mjølk og kjøt er det konkurransen frå import som er problemet. Tine har i fleire år argumentert for svært moderat auke i målpris for å sikre konkurransekrafta til norsk mjølk. Samvirket kan ikkje fortsetja å levera betre og betre resultat av drifta, basert på ein mjølkepris som i stadig mindre grad dekkjer kostnaden med å produsere mjølka. Det er vanskeleg å sjå for seg at komande jordbruksforhandlingar kan gjennomførast utan monaleg auke i målpris.

Opptrappingsvedtak 2.0

Om det nokon gong skulle vera mogeleg å få gjennomslag for auka prisuttak til bonden, må det vera no. Den allmenne godviljen for landbruket har neppe vore større. Dei store matvarekjedene veit at det er både politisk vilje og fleirtal for å gjere fordelinga av økonomien i verdikjeda for mat meir rettferdig. Det er ingen tvil om at den nye landbruksministeren får ein krevjande jobb. Ho vil bli målt på resultat, og fallhøgda er stor.

Hurdalsplattforma sine ambisjonar for norsk landbruk vert med rette samanlikna med opptrappingsvedtaket frå 1975. Då eg gjekk på landbruksskulen i 1985, sa økonomilæraren at i staden for å heise flagget for det vedtaket, var det fleire som meinte at det heller burde vorte heist på halv stong. Me var då inne i store og krevjande overproduksjonsproblem.

Er det mogeleg å lære av historia, og ikkje gjenta dei same feila?  

Lovar ny kurs

Betre inntekt blir min viktigaste jobb, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Jane Brit Sande

Sandra Borch (Sp) vart utnemnt til Landbruks- og matminister førre veke. Borch kjem frå Lavangen i Troms, og er oppvaksen på eit sauebruk. I den nye regjeringsplattforma, Hurdalsplattforma, lovar regjeringa blant anna å komma med ein tidfesta og forpliktande opptrappingsplan for å betre inntekta til bøndene.

– Det blir min viktigaste jobb, og det gler eg meg til å ta fatt på, sa Borch til pressa under nøkkeloverrekkinga.

– Det kjem til å bli ein ny kurs i landbrukspolitikken. Det legger denne plattforma opp til.

På spørsmål frå Nationen om korleis ho vil handtera kostnadseksplosjonen på til dømes straum og gjødsel, svarar Borch:

– Det er ei av sakene eg kjem til å sette meg inn i ganske raskt og prøva å finna løysingar på. Men dette er eg nøydd til å koma tilbake til.

Haustar skryt

Den nye regjeringsplattforma får skryt frå landbruket.

– Å heva bonden si inntekt er det viktigaste no for å gi framtidstru i landbruket. Regjeringa har svart på dette behovet i næringa, og det er vi glade for, seier bondelagsleiar Bjørn Gimming i ei pressemelding.

– Det avgjerande no er å følga opp det nye inntektsmålet i dei kommande jordbruksoppgjera. Og det hastar, me ventar at arbeidet med planen startar raskt og at opptrappinga begynner allereie til våren, seier han.

Stikkord denne saka: