Open gard 28.05.14 124

Olav Johan sendte opp ti duer for å markera jubileet på Haugen Gard.
Alle foto: Kari Synnøve Haugen

 

 

I strålande sommarsol og med ti duer mot blå himmel, feira Haugen Gard ti års-jubileum med meir enn 400 besøkande.

 

Jane Brit Sande

–    I starten hadde me fire elevar som var hjå oss nokre dagar i veka. Ein periode var me oppe i tretti elevar kvar veke, men no ligg det stabilt på kring tjue elevar, fortel Kari Synnøve Haugen. Haugen Gard er ein alternativ læringsarena for elevar i grunnskulen.

Open bygd

Då Haugen Gard skulle feirast og jubilerast med open gard, ville naboane vere med på festen, og det blei heller open bygd i Austrheimsbygda i Skjold, Rogaland, denne dagen.
–    Naboane bidrog med sine spesialitetar denne dagen, så det var ikkje berre på vår gard det var livleg, fortel Kari Synnøve.
–    Naboane på eine sida er flinke med gjeterhundane sine, og hadde oppvisning. På andre sida var der utstilling av maskinar og traktorar, og dei har smågrisproduksjon, som me ikkje har på garden var sjølv, og dei har biofyringsanlegg så folk kunne sjå korleis fungerer, fortel ho vidare.
På Haugen Gard har dei mjølkeproduksjon med lausdrift og mjølkerobot, slaktegris, sau, og i tillegg ein heil del andre dyr: høner, kaninar, marsvin, katt, og hund, ramsar ho opp. Her er ikkje mangel på aktivitetar og oppgåver for elevane som er hjå Kari Synnøve.

Mange inviterte

Meir enn 400 vitja Haugen Gard og naboane denne varme ettermiddagen i mai. Kari Synnøve såg til at alle som har vore elevar hjå dei gjennom åra var invitert. Lærarar og rektorar dei har samarbeida med, og andre «bygdefolk» var òg invitert for å ta turen.
–    Det var utruleg kjekt å sjå fleire av elevane igjen etter åra som er gått, fortel Kari Synnøve.
Ordførar Ole Johan Vierdal haldt tale, det var song, og mykje anna. Det heile måtte toppast med noko spesielt.
–    Me grubla litt på kva me skulle finne på, og me var inne på å senda opp ti rakettar. Men dyra kom til å bli skremde, så me la det frå oss ganske fort. Då kom sonen min, Olav Johan, opp med ein idé; kva om me sender opp til duer i staden? Og det gjorde me, og alle var me og telte dei. Det var ei fantastiske stemning, fortel Kari Synnøve nøgd, før ho går tilbake til brødbakinga.