
Veksthusprodusentane betaler dyrt for å halde fram med produksjonen. Nokre kastar inn handkledet. Jørgen Wølstad bit seg fast, men går over til propan.
Jane Brit Sande
Propantanken er kome tilbake til Wølstad Gartneri på Sunde i Stavanger, etter fleire år med naturgass. Med den enorme prisveksten på naturgass ser gartnar Jørgen Wølstad ingen annan utveg.
– Det hadde nok vore kjekkare med eit vasskraftverk enn eit gartneri i desse dagar, seier han til Bondevennen.
Energiprisane har skutt i vêret sidan i haust, og det ser ikkje ut til å bli betre. Wølstad er ikkje aleine om å helse propanbilen velkomen att i tunet. Mange produsentar ser seg nøydde til å gjere det same, men det er ikkje alle som har høve til å gjere dei naudsynte investeringane. Det får konsekvensar. Til dømes blir tomatarealet redusert med 20 dekar i år.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






