Allsidig yrke: Ruth Jane og Inga Lill har faste kundar her til lands, men har også klipt sau i andre land. Inga Lill (t.h.) var ein periode på New Zealand. Ruth Jane har kvalifisert seg til VM i ullhandtering i Skottland.

Saueklipping på timeplanen

27. januar 2023

Usikker på kva du skal til hausten? Hallingdal folkehøgskule tilbyr ti ungdommar eit års utdanning i saueklipp. Du kan bli ein av dei, og du vil bli historisk og ettertrakta.

Liv Kristin Sola

Likar du sau og folk, og er litt eventyrlysten? Då kan eit år med saueklipp ved Hallingdal folkehøgskule på Gol vere akkurat det du er ute etter. Ikkje høyrt om det, seier du? Nei, nettopp. Linja er nemleg ny, og eit unikt tilskot til den rike folkehøgskulefloraen her til lands.

Tett oppfølging

Eirik Kolbjørnshus er prosjektleiar og pådrivar for linja, som er den første i sitt slag i Europa. Eirik er sauebonde, saueklippar og leiar i ull- og klipperådet i NSG. Han lovar eit år fullpakka med sau og ull – og tur til New Zealand.

– Dette blir eit eksklusivt opplegg med maks ti elevar i klassen og veldig god oppfølging.

Eirik Kolbjørnshus

– Ikkje lenge etter skulestart ber det til fjells på sanking. Sauene skal ned frå fjellet, flokkane skal skiljast og dyra skal heim til klipping og haustbeiting. Før det er tid for ny paring, seier Eirik.
På klippelinja får du lære om teknikkar, om utstyr og ullbehandling, og korleis du tek vare både på sauen og på deg sjølv. I tillegg får du gode råd om korleis du startar ditt eige føretak.
– Dette blir eit eksklusivt opplegg med maks ti elevar i klassen og veldig god oppfølging, seier Eirik.

Tur til New Zealand

Etter ei grundig innføring, får elevane kvar sin mentor og skal prøve seg på å klippe hjå lokale bønder i Hallingdal og Valdres. Likar du konkurranse kan du ta utfordringa og delta i NM. Etter juleferien går turen til New Zealand.
– På New Zealand får me sjå eit heilt anna landbruk. Landet er eit mekka for saueklipparar, og har nokre av dei beste utøvarane i verda. Her er saueklipping ein folkeidrett, som langrenn her til lands, seier Eirik.
Så er det heimatt til det han kallar den vanskelege vårklippen. Når du har vore gjennom det, er du klar til å ta oppdrag på eiga hand.
– Sjølv om det er ei lita klasse, er det mange andre linjer ved skulen og mykje moro. Gol er kjend for flott turterreng og vinteraktivitetar. Etter ein dag med ski og leik i snøen kan du hoppe rett i badestampen. Betre blir det vel ikkje, meiner Eirik.

Ei god inntekt

Som saueklippar er du din eigen sjef. Kor mange oppdrag du tar og kor langt du vil reise er opp til deg. For du vil bli ettertrakta. Er du eventyrlysten kan du reise til utlandet og klippe heile året. Eller du kan ta deg fri og reise ut i verda utan klippemaskin.
– Å klippe sau kan vere ein fin tilleggsjobb for bønder, eller ein måte å finansiere utdanninga på. Vil du kjøpe deg gard, er dette ein god måte å spare pengar på, seier Eirik.

Møteplassen: Som saueklippar blir du tatt godt imot hjå bøndene. Det går mykje i sau, og du får høyre mange gode historier. F.v. Jan Halvard Aase, Inga Lill Rossevatn og Ruth Jane Rossevatn.

– Det er tøft å kjenne at me handterer dei tyngste dyra like lett som gutane.

Ruth Jane Rossevatn

Treng fleire klipparar

– Så spennande. Dette er kjempebra, og skulle kome mykje tidlegare, seier Inga Lill Rossevatn då ho høyrer om linja for saueklipp.
Inga Lill og tvillingsyster Ruth Jane Rossevatn er i gang med å klippe ein flokk texel hjå Jan Halvard Aase i Egersund. Dei tar tak i kvar sin sau, set dei på baken, stør dei opp med beina, og startar klipparen. Først buken, så det første låret. Den ulla skal sorterast vekk. Med rolege rørsle beveger dei dyret og strekker på huda slik at dei unngår sår. Sauene er reine i fellen og knivbladet glir fint over huda. Med lange drag får dei fellane av.
– Me treng fleire klipparar, både her til lands og i resten av verda. Ei linje for saueklipp er eit supert tilbod til ungdom som vil prøve seg. Og du vil få jobb etterpå, seier Ruth Jane, som sjølv har hatt eit år på folkehøgskule.
Ho håper også ull får mykje merksemd.
– Den norske ulla er undervurdert. Men det ser ut til at det er ting på gang, også for den farga ulla. Det er viktig, seier ho.

Greitt å veta om du tenker å søke på Hallingdal folkehøgskule:
Hallingdal folkehøgskule har ingen søknadsfrist, men opnar for opptak 1. februar.
Du treng ikkje studiekompetanse og søknaden er uforpliktande, du kan ombestemme deg.
Lånekassen gir støtte til utdanninga.

Verda ventar

Inga Lill og Ruth Jane starta å klippe sauene heime på garden i Eiken på Agder. Etter vidaregåande valde Inga Lill å klippe på heiltid, medan Ruth Jane flytte til Blæstad for å studere landbruksteknikk. Mellom øktene på lesesalen klipte ho sau og jobba som ullsorterer på Furuseth Slakteri. Medan Ruth Jane sat på skulebenken, reiste Inga Lill ut i verda for å klippe.
– Skal du bli verkeleg god må du ha mengdetrening. New Zealand er eit eldorado, med flokkar på 10-15.000 sau, seier ho.
Systrene har vore i England, Skottland og på Færøyane, både på jobb og i konkurransar. Begge er på landslaget for saueklipparar. Inga Lill er instruktør på kurs og Ruth Jane skal representere Norge i VM i ullhandtering i år.
– Når du kjem inn i miljøet opnar det seg mange moglegheiter, seier Inga Lill.

Bra jobb for jenter

Sau er eit yrke, ein livsstil og lidenskap hjå tvillingane. Dei tek også oppdrag med fosterteljing. Til kvardags er dei med og driv kvar sin gard. Ruth Jane med sau og ammekyr i Kvinesdal. Inga Lill på Kvåle i Hægebostad med sau, ammeku og gris.
Tvillingsystrene er bevis på at teknikk og smidigheit, godt fotarbeid og kontakt med sauen er like viktig for å gjere ein god jobb, som kraftige musklar. God teknikk og godt fotarbeid sparer krefter og avlastar kroppen. Farten kjem med erfaring. At dei er damer i eit mannsdominert miljø tenker dei ikkje så mykje over.
– Miljøet er flott. Alle blir behandla likt. Men det er klart du må tole ein kommentar. Det gjeld også mannfolka, seier Inga Lill.
– Det er tøft å kjenne at me handterer dei tyngste dyra like lett som gutane, seier Ruth Jane.
Og saueeigaren, Jan Halvard, er ikkje i tvil.
– Damene gjer ein vel så god jobb. Dei er rolege og har god kvalitet på klippinga. Det er mi erfaring, seier bonden.

Skulle Inga Lill (t.h.) og Ruth Jane Rossevatn lage timeplan for elevane ville dei hatt med følgjande tema:

  • Klippeteknikk, utstyr og ergonomi.
  • Ullhandtering, ullkvalitet og bruks­område for den norske ulla.
  • Tidspunkt for klipping med tanke på dyrevelferd og tilvekst på påsettlam.
  • Korleis avl og fôring påverkar ullkvali­teten. Avl for god ullkvalitet.
  • Dei ulike sauerasane og ullkvalitet, skilnaden mellom crossbredull, som texel, og spælull, som har dekkull og botnull.
  • Handtering av dyra under klipping.
  • Regnskap og fakturering, om å starte sitt eige føretak.

Ein rotfesta livsstil

Dei har sau i blodet og kunne ikkje tenke seg eit trivelegare yrke enn å drive med sau og saueklipping.

Liv Kristin Sola

«Då har du røta du ikkji må fløta.
Slutt å lure deg sjøl
Det går ein veg mellom fortid og framtid
Ikkji heft meg med møl.»

Hellbillies gjer det lett å finne fram til smalhuset. Elias Nevland og Anthony Strømstad Vassbø er godt i gang med klippinga. Dei to 19-åringane har klipt sau sidan dei var 14. Eller rettare sagt, då begynte dei å ta betalt for jobben. For dei har klipt sau mykje lenger.
– Når du kan klare å legge ned ein sau og halde den medan du klipper, då er du klar, seier Elias.

– Me får oppleva utruleg mykje og treffer enormt mange forskjellige folk.

Anthony Strømstad Vassbø

Klippebobla

Dei begynte med mindre flokkar. Etterkvart vart flokkane større og dagane lenger.
– Gjer du ein god jobb vil rykte spreie seg og du får fleire oppdrag, seier Anthony.
I februar går dei inn i klippebobla. Alt handlar om sau. Ungdommane klipper til saman rundt 10.000 dyr i året. Dei klipper alltid i lag og er temmeleg jamgode. Innbyrdes konkurranse skjerpar innsatsen.
Elias og Anthony blir teke godt imot når dei kjem til gards. For mange bønder er det eit avbrekk i kvardagen. Dei får vise fram dyra sine og snakke sau. Ofte vankar det ein kaffitår og noko å bita i når jobben er gjort. Unggutane veit betre enn å takka nei.
– Sauebønder er dei særaste folka du kan ha med å gjera, utan tvil, seier Elias.
Han smiler godt og legg til: – Men er du litt sær sjølv, så går dette veldig godt.
At to 19-åringar er så interessert i sau er kan hende sært. At to tenåringar har så god kontakt med bønder på seksti pluss er heller ikkje vanleg.
– Me får oppleva utruleg mykje og treffer enormt mange forskjellige folk, seier Anthony.
– Det er mest det gildaste med heile klippinga, meiner Elias.

Alle kan lære

Dei vaks opp i sauekommunen Bjerkreim i Rogaland. Elias på Steinsland, på ein gard med sau, mjølkekyr, ammekyr og gris i kombinertproduksjon. Anthony i Ørsdalen, med sau, mjølkegeit og kjøtfe. Anthony var med far sin på klipping rundt i bygdene. Etter kvart fekk han prøve seg åleine.
– Alle kan lære å klippe sau, men du får litt gratis når du er frå gard, seier han.
Anthony var utdanna agronom i fjor og klipper no sau på slakteriet. Elias går siste året i lære som tømrar. No skal han trappe ned vårklippinga for å drive med fosterteljing.
I fjor klipte dei på Austlandet ein periode, og for Anthony freistar det å prøve seg i utlandet. Begge har vore med i NM i saueklipping. Mest for gøy, men også for å bryne seg mot erfarne konkurranseklipparar.

Pengane kjem godt med

Det er noko med sauen og miljøet rundt som gjer at Elias og Anthony finn fram klippeutstyret og krummar ryggen kvar einaste haust og vår. Men er det god butikk?
– Tjaaa, me må vel kunne seie det. Når du får erfaring og ei kundegruppe, kan du tene gode pengar, seier Elias.
Ingen av dei to har best odel på heimegarden. Elias har eit håp om å få overta, men Anthony har innsett at han må ut på den frie marknaden for å kjøpe. Då kjem inntekta frå saueklippinga godt med. Men dei understrekar at det er tungt arbeid og lange dagar i sesongen.
– Du må vere over middels interessert i sau og trivast på bygda skal du like dette, seier Elias.
Dei har tru på at eit folkehøgskuleår med saueklipping kan vere ein god inngang for mange til å prøve om det er noko dei vil satse på.
– Det er berre å prøve. Men det er ikkje eit friår for å kose med sauen. Saueklipping er eit yrke og ein jobb som skal gjerast. Og det er god dyrevelferd, seier Anthony.

«Det renn ei elv gjennom ro og larm
Eit tankespinn, gjer sjele mi varm
Som å kvile ved ein jentebarm»

Gutane har skifta knivar i klipparen og samla neste pulje med sau som skal klippast. Og Hellbillies syng vidare om røter og sjelefred.

Ettertrakta arbeidskraft: Saueklipping er lærerikt, hektisk og sosialt, og det gir ei god ekstrainntekt om du vil stå på litt. Og du vil bli ettertrakta.

Anthony (t.v.) og Elias har nokre tips til deg som har lyst til å bli saueklippar:

  • Du må vere disiplinert og klara å planlegge arbeids­dagen din.
  • Du må sette deg mål.
  • Du må ha mengdetrening for å bli god.
  • Du må tole skitt under neglene.
  • Du må vere glad i dyr, men ha eit realistisk syn på husdyrhald.
  • Du må vere interessert i sau og like å drøse med folk.
  • Alle kan lære. Det er berre å hoppe i det.

Tilfeldigvis hekta

Heilt tilfeldig melde Bård seg på eit saueklipperkurs då han var 16 år. Og det var saueklipping som seinare finansierte studia på Blæstad.

Utan erfaring med sau, melde Bård Nordrum seg på klippekurs. Så fekk han kalde føter og melde seg av att, før kameratane fekk han på betre tankar. Slik vart Bård heilt tilfeldig hekta på sau.
– Eg har aldri angra, seier han.
Bård og kameraten møttest etter skuletid og reiste rundt på gardane med klippeutstyret, somme gonger jobba dei i lag med meir erfarne klipparar. Sidan har det balla på seg.

Blir verdsett

Bård har full jobb som rådgivar i Tine i Gudbrandsdalen. Vår og haust er kalenderen i tillegg full av klippeoppdrag på kveldstid og i helger. Etter ti år i bransjen har 27-åringen fått ei stabil kundegruppe og klipper rundt 3000 dyr i sesongen, 6000 i året. Haustsesongen startar i byrjinga av september og er ferdig i desember. Om våren er sesongen kortare, frå slutten av februar til midt i april.
– Det er eit givande og artig yrke. Bøndene er glad for besøk. Mange er svært pratsame og du kjem innpå dei på ein fin måte. Det kjennest godt å reise frå garden når ting har gått bra og me har gjort eit godt arbeid, seier Bård.
Ei klippeøkt vert som regel avslutta med eit måltid i lag med gardsfolket.
– Å ete i lag når arbeidet er gjort er ein fin tradisjon dei har klart å halde på i sauemiljøet. Du kjenner deg ekstra velkommen og verdsett for arbeidet, seier Bård.

Ikkje få kalde føter: Tilfeldigheiter gjorde at Bård (t.h.) kom seg på klippekurs. Seinare har inntekt frå klippinga betalt for utdanninga. No klipper han mest for sosialt og moro, og for å halde seg i form. Foto: Marit Glærum, Norsk Landbruk.

Ved kjøkenbordet

Bård meiner saueklipping er ein fin jobb for deg som er glad i dyr og i folk, og fysisk arbeid. Men du må vere fleksibel.
– Du bestemmer sjølv kor mykje du vil jobbe, men Ikkje ta på deg meir om hausten enn du veit du rekker over om våren. Og du må ta godt vare på kundane dine, seier Bård.
Han understrekar at pengar ikkje må vere den viktigaste motivasjonsfaktoren, i alle fall ikkje i starten. Og som ny kan det vere ei utfordring å selje seg sjølv inn til bøndene.
– I starten er det mykje jobb og lite pengar. Pengane kjem med erfaring, mengde og god teknikk. Men skal du halde ut i det lange løp er det avgjerande at du synest det er moro og sosialt, og at du gjer ein god jobb, seier Bård.
Han meiner det er mogleg å leve av yrket, om du er innstilt på å jobbe og reise mykje i sesong. Sjølv brukte han pengane frå klippinga til å finansiere studia.
– Akkurat no er det ein fin attåtjobb som gir ei god ekstrainntekt, seier 27-åringen.

– Akkurat no er det ein fin attåtjobb
som gir ei god ekstrainntekt.

Bård Nordrum

Sosialt og moro

Bård og sambuaren bur på Fåvang i Gudbrandsdalen. Etter kvart skal dei overta heimegarden med mjølkekyr. Men klippemaskinen vert ikkje lagt på hylla med det første.
– Eg vil halde på så lenge det er sosialt og moro. Det er veldig god trening, både fysisk og mentalt – og så er eg nok litt rastlaus, innrømmer gudbrandsdølen.
27-åringen blir motivert av å sette seg mål og pushe seg litt psykisk. Å delta i NM er også viktig for å utfordre seg sjølv mot dei beste. NM er også ein viktig sosial møteplass.
– Er du nysgjerrig på om dette er noko for deg, er det berre å hoppe i det. For det var heilt tilfeldig at eg melde meg på kurs og vart gira på saueklipping, seier Bård.