
Tar kampen: Elin Fuglestad frå Undheim vil sloss for sauen. Betre rammevilkår, rekruttering av unge og eit enda sterkare fagmiljø blant sauebøndene er blant oppskriftene ho meiner må til for å hindra at ein av fire sauebønder i kommunen forsvinn dei neste femten åra
Leiaren i Time Sau og Geit, Elin Fuglestad, gir seg ikkje ende over om statistikken peikar mot langt færre sauebønder i kommunen hennar. – Eg er positiv. At nokre vil falla i frå, må me nok akseptera. Men eg trur ikkje så mange som statistikken syner kjem til å slutta, seier ho.
Sjur Håland
Tal frå spørjeundersøkinga frå Landbrukspartnerskapen i Rogaland, som Bondevennen presenterte førre veke, syner ein svarprosent på heile 50,2 i Time. Sauen er eit viktig husdyr for mange Time-bønder. Likevel, av 73 respondentar som svarte at dei driv med sau i dag, var det berre 54 som såg føre seg at dei hadde sauer på bruket om 15 år. Det er ein reduksjon på ein dryg fjerdedel, 26,03 prosent.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






