100 år etter Hitra
Bothild Å. Nordsletten
Går det eigentleg rette vegen? Kjenner me historia godt nok til å unngå å gjenta fortidas feilgrep?
Så vel den spente verdssituasjonen, som markeringa av eit skilsetjande stykke norsk historie, gir høve til å reflektera over kor me kjem frå, kor me står og kor me vil.
I år er det 50 år sidan Hitra-aksjonen. Bøndene på øya sør for innløpet til Trondheimsfjorden protesterte mot den harde rasjonaliseringa og omstruktureringa av landbruket. Dei kravde stans i strukturrasjonaliseringa og økonomisk jamstilling. Aksjonen fekk raskt støttespelarar landet rundt – og politisk kraft.
På eit stormøte i oktober 1975 vart ein samde om at Hitra-bøndene sine krav skulle takast vidare av bondeorganisasjonane gjennom parlamentariske kanalar. Resten er altså historie: Natt til 2. desember vedtok Stortinget jamnstillingsvedtaket, som skulle få lønsvilkåra i jordbruket opp på nivå med industrien.
Hitra-aksjonen la grunnen for eit opptrappingsvedtak som skapte optimisme (og overproduksjon), og som hindra ein del nedleggingar. Opprøret fødde også eit politisk kompromiss som eksisterer den dag i dag: Bøndene skal bli sett og høyrt.
I ein tekst i vekas Bondevennen skriv nestoren i norsk bygdeforsking, Reidar Almås, at «utan opptrappinga ville talet på gardsbruk i dag vore det halve av dagens brukstal.»
Det er noko å tygga på når me veit at talet på jordbruksføretak dei siste drygt 50 åra, frå 1969 til 2023, er redusert frå 155 000 til 37 000, altså med 75 prosent. Og at denne utraderinga har skjedd parallelt med nemnde opptrappingsvedtak, årlege jordbrukstingingar og langlevde politiske kompromiss.
Dersom Almås har rett kunne talet på bruk i dag, utan Hitra-bøndene sin innsats, altså vore i underkant av 20 000.
Ved 50-årsmarkeringa av Hitra-aksjonen er dei attverande bøndene framleis ikkje jamstilte. Almås, som sjølv var på Hitra då det skjedde, etterlyser ennå eit fleirtalsvedtak på Stortinget om tidfesta opptrapping. Og blir det høgresida som vinn valet til hausten, er det mykje som tyder på at dei vil skrote målet om inntektsutjamning i 2027.
I tida fram til årets jordbruksoppgjer er det derfor på sin plass å reflektera kring følgjande spørsmål: Kor få bønder er få nok? Går det rette vegen? Kva er rett veg? Kor vil me vera 100 år etter Hitra?
DEI SISTE LEIARANE:
Teknologien gir – og krev ei offergåve
Den teknologiske ferda til landbruket er imponerande, men også kostbar på fleire vis. Frå 1800-talet med fjord- og fjellbruk på Sørvestlandet, har bøndene gjennom generasjonar gjort store investeringar i teknologi.
Kva er det eigenleg me vil ha?
«Dei bøndene syter og klagar uansett», kan ein høyre frå folk flest. Med si magre lommebok kjøper bonden seg likevel den gildaste traktoren, før han dreg med seg gjødselspreiaren inn til byen for å demonstrere.
I medvind og storm
Kva veg bles vinden? Skal me tru tall frå både Statistisk Sentralbyrå og NIBIO går det ganske bra for mange bønder. Særleg heiltidsbøndene har positiv inntektsutvikling.




