Dag Jørund Lønning

— Dette er ei feiring i framtidas teikn, sa rektor ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvkling, Dag Jørund Lønning. (Arkivfoto)

 

Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling blei feira med både talar og kunnskapdeling i dag.
— Dette er ei feiring i framtidas teikn, sa rektor Dag Jørund Lønning.

 

Jane Brit Sande

 

Dag Jørund Lønning var tydeleg stolt då han opna jubileumsseminaret for Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling (HLB). I mai er det ti år sidan høgskulen vart etablert. ”Å vere liten i ei tid då alle andre vil vere store”, var tema for opningskåseriet.

— HLB tar opp kampen mot tyngden. Me avslører den etablerte sanninga for det den er: Eit perspektiv på mange moglege løysningar, sa Lønning.

Fem år som høgskulerektor har gjort inntrykk på fleire vis. Kunnskap skal utviklast og formidlast, søknadar skal skrivast. I 2005 var skulen for første gong på statsbudsjettet.

— Me må skriva masse søknadar. Søknad for å søke om forskingsmidlar, søknad for å skifte namn på eit studiefag, søknad om fagmiljøet er stort nok, søknad om fagmiljøet er godt nok, ramsa Lønning opp, til humring frå salen.

Auditoriet på Øksnevad Vidaregåande skule er fylt opp av studentar og andre inviterte gjester.

— Historia om HLB er ei historie om å verdiskapa, og ikkje om å bli verdiskapt, sa Lønning.

— Me må ha mot til å stå imot det etablerte. Me fryder oss over kvart hinder me passerer, sa han vidare, og viste til eit ukjent tal søknadar dei kvart år fyller ut, sender inn, og får godkjent.

Lønning og HLB har tatt initiativ til dialogportalen Jærmsiå, eit initiativ på tvers av interesse grupper. Dialogportalen samlar ressursar knytt til dialog som verdiskapingsverktøy. Jærregionen står i fokus på desse samlingane.

Vegen framover

Eit regionskontor i Steigen, Nordland, er allereie på plass, offisiell opning er venta i september. HLB har kome ein lang veg sidan bachelor-programmet vart etablert i 2010.

— No gir me full gass mot utvikling av eit eige masterprogram. Hausten 2016 ventar me å ha på plass eit masterprogram i regional samfunnsutvkling, kunne rektor Dag Jørund Lønning stolt annonsere på jubileumsdagen.

 

Stikkord denne saka: