Sverre Reiten (i blått) og Oddvar Skårland delte eigne erfaringar frå det å møta veggen. Arna Vold (til venstre), frå Jæren Bedriftshelsetjeneste, og Maria Helliesen, Norsk Landbruksrådgivning, Rogaland, fortelde om helsetilbodet til bønder, og svara på spørsmål på kva ein kan gjere for å hjelpe ein kollega.

Sverre Reiten (i blått) og Oddvar Skårland delte eigne erfaringar frå det å møta veggen. Arna Vold (til venstre), frå Jæren Bedriftshelsetjeneste, og Maria Helliesen, Norsk Landbruksrådgivning, Rogaland, fortelde om helsetilbodet til bønder, og svara på spørsmål på kva ein kan gjere for å hjelpe ein kollega.

– Me var spente på responsen då me inviterte til dette møtet, seier Jæren Young Cowboys.

Jane Brit Sande, Bondevennen

– Me har hatt mange samlingar om dyr, om fjøs og om bygningar. Men det like viktig å tenka på den som skal gjere alt arbeidet, sa Arild Helland, styremedlem i Jæren Young Cowboys (JYC), då han ønskte velkomen til arrangementet «Å møte fjosveggen».
JYC har arrangert samlingar for unge, ku-interesserte i fleire år. Tema for kvelden var helsa til gardens viktigaste ressurs; bonden. Kring 50 unge bønder deltok på møtet på Øksnavad vidaregåande skule. Sverre Reiten, bonde på Garborg i Time, og Oddvar Skårland, lærar på KVS-Lyngdal delte eigne erfaringar frå det å møta veggen.

Når er det for mykje?

Sverre Reiten mista sonen i ei arbeidsulykke på garden i 1985. Då var sonen berre 2 ½ år gammal. Seinare fekk han ein depresjon.
– Men eg trur ikkje det er grunna tapet av sonen min, sa han.
Det var i 2005 Sverre først møtte den berømte veggen. Det skjedde ikkje plutseleg, han han hadde kjend på det at det var noko som ikkje stemde ei stund.
– Det er vanskeleg å finne grensa mellom «nok» og «for mykje».
Det starta med at han vakna tidlegera og tidlegare. Han vart trøyttare og trøyttare.
– Det var rundt 1. oktober i 2005 at eg tenkte «no går det ikkje». Eg la meg til normal tid, men vakna om nettene og berre låg og tenkte. Eg trudde det var normalt.
Så kom søndagen der alt endra seg. Kona ringte legen, han ringte søskena.
– Eg var klar til å gi frå meg garden same dagen. Eg spurte til og med broren min om han ville.
Etter ein samtale med legen, var der ikkje tvil.
– Legen sa til meg «Sverre, du er deprimert». Eg visste knapt kva det var.
Måndag morgon gjekk turen til Jæren DPS. Sverre var alvorleg deprimert, og legane på Jæren DPS var redde for kva han ville gjere med seg sjølv.
– Det var heilt mørkt. Eg visste ikkje at det var dét som var å vere deprimert. Eg hadde ikkje matlyst, eg sov ikkje.
Gode vener strøyma til, både for å hjelpe og for å samtala.
– Ein ven av meg sa det så fint: Viss du et, søv og drit, er du frisk. Det stemmer på ein prikk.
Sverre byrja å ta medisinar. Det tok tid før effekten melde seg, men den kom. I mellomtida orka ikkje Sverre tanken på arbeid. Han opna ikkje fjøsdøra før julehøgtida kom snikande. Ein god nabo tok seg av fjøsstellet i vekedagane. Svigersonen, broren og døtrene tok tak i helgene.
– Eg bestemte meg for at «nå må eg få orden». Eg fekk sove, og eg starta ete på bestemte tider. Medisinane hjelpte godt på matlysten som hadde hangla i fleire månadar.

Frå nakkeskade til psykisk sjuk

Oddvar Skårland fekk ein nakkeskade då han var deltidsstudent, fulltidslærar og dedikert trenar i Lyngdal Fotballklubb. Problemet var berre at ingen trudde han hadde vondt.
– Eg fekk ei sjukemelding, men sidan det ikkje hjelpte, friskmeldte eg meg, i trua på at det skulle gå bra. Same kvelden smalt det.
Oddvar blar i ein ringperm full av papir. «Terapien» kallar han permen. Kvar dag han var i helvete skreiv han, om både sjølvmordstankar og dei små ljosglimta. På møtet las Oddvar opp det han skreiv dagen då det smalt.
– Til lunsj kjentes det ut som eg hadde lagt bak ei arbeidsveke, sa han.
Oddvar ville ikkje til lege, han var redd for medisinering og neddoping. Han fall saman, kroppen skalv i ei uforklarleg smerte. Då ringde han legen.
– Eg hugsar ikkje så mykje. Men legen kom, kona mi kom. Eg låg der på golvet. Det må ha vore eit trist syn, ein mann på 35 år som grein som ein liten unge. Eg hadde ikkje krefter til å sette meg opp i stolen, eg måtte få støtte frå legen og kona.
Oddvar fekk tre val av legen: roande tablettar, sjukehus, eller reise vekk for å slappe av hjå nokon som kunne halde kontakt med legen og kona. Oddvar reiste til foreldra i Søgne. Diagnosen var depresjon og panikkangst.
– Tankane var vonde og tunge, men samstundes kjende eg meg varm og lukkeleg over alle rundt meg.

Dei små tinga

Oddvar oppmoda dei frammøtte til å prioritera, og å hugse å setje pris på dei tinga som er verdifulle.
– Dette seier eg dykk; kua bør ikkje vere meir verdt enn kjerringa!
– I dag handlar det om karriere, velstand og luksus. Først og frem vil eg takka meg sjølv som har kjempa mot dette uhyret kalla «krav».
– Korleis du vel disponere tida di, er ditt eige val, slo han fast.

Bønder og helse

Jæren Bedriftshelsetjeneste, utfører på oppdrag frå Rogaland Landbruksrådgivning, helsekontrollar av bønder kvart 3. år. Ei samtale med ein sjukepleiar er ein del av denne kontrollen.
– Fleire bønder berer på store utfordringar og bekymringar, og dei kjenner seg aleine, sa Arna Vold, Jæren Bedriftshelsetjeneste.
Det er vanskeleg å vite kva ein kan gjere for å hjelpe.
– Du varslar, så tek me kontakt, og oppmodar til ein samtale. Men viss du mistenker at nokon slit litt; tør du vere direkte nok til å spørje dei rett ut? Du forstår fort om dei vil snakka om det, seier Vold.