Nær 15.000 personar sytte for yrande folkeliv og besøksrekord under Agrovisjon 2016.
Sjur Håland, Bondevennen
– Som etter eit vellukka OL, Best Ever, smilar leiaren for hovudkomiteen, Olav Røysland, som no saman med dei andre komitémedlemmane kan tillata seg å pusta godt ut etter lang tids førebuing og vel gjennomført Agrovisjon 2016 førre helg.
God stemning blant utstillarane og publikum, er gjennomgangstonen. Olav Røysland held og fram at konferanseprogrammet og dei mange sidearrangementa vart gjennomført med stil. Dei besøkjande ville også ha med seg dei sosiale høgdepunkta.
– Bondepuben fredagskvelden og middagsbanketten på laurdagen var fullpakka med glade folk, seier Røysland, som ikkje ser nokon som helst grunn til å tvila på at suksessen blir gjenteken om tre år.
– Er det noko de vil gjera annleis neste gong?
– Nokre småting er det jo alltid å justera på. Den største utfordringa er parkeringa. Her kan det bli aktuelt å finna fleire parkeringsområde lenger unna og syta for at besøkjande kjem til og frå med skyttelbussar.
Pris for kvinneklede
Kring tretti nyheiter vart presentert på ulike standar på det rekordstore utstillingsarealet i Stavanger Forum. Innan kategorien Teknikk, gjekk Felleskjøpet Rogaland Agder heilt til topps med sin batteridrivne kompaktlaster frå Avant. Tine Rådgjeving toppa kategorien Rådgiving med rådgivingskonseptet Tine Mjølkeøkonomi, medan Traktorpikene AS fekk Driftsmiddelprisen og lovord for sin kledekolleksjon retta mot kvinner i landbruket generelt, og ein ny jakke tilpassa gravide, spesielt.
Juryen gav i tillegg heiderleg omtale til Felleskjøpet Rogaland Agder og Eiksenteret sine nye traktorseriar.
– John Deere 5 R og MF 4700 er effektive traktorer med låg vekt og teknisk gode løysingar, tilpassa et landbruk med mindre eller mellomstore bruk på Sørvestlandet, uttalte fagjuryen som også gav heiderleg omtale til Kverneland sin nye 2500S-I Plough.
Limmo bikka millionen
På laurdagen gjekk livdyrauksjonen, Limmo 2016, av stabelen. Både dei besøkjande og dei som selde Limousin-livdyr fekk valuta for pengane. Det vart omsett livdyr for 1.112.000 kroner. Den dyraste oksen vart seld for 85.000 kroner medan bonden som kjøpte den dyraste kua, måtte punga ut med 77.000 kroner.