– Den nye Mat- og landbruksministeren har fått beskjed. – Bøndene treng ein føreseieleg politikk for å kunne investere, og næringsmiddelindustrien treng råvarer for å kunne produsere.
Sjur Håland
– Listhaug lyttar, og lover å ta med seg signala. Det er alt me får av respons så langt, innleia Ola Andreas Byrkjedal på Rogaland Bondelag sitt felles leiarmøte med Nord-Trøndelag Bondelag nyleg.
Usikre eigartilhøve uroar
Fylkesleiaren i Nord-Trøndelag Bondelag, Asbjørn Helland, var også oppteken av å få til tovegs-kommunikasjon med den nye statsråden.
– Eg lurer for eksempel på korleis statsråden meiner me skal finansiere naudsynt utbygging i tida som kjem. – Mål om auka produksjon og etterslep på investeringssida, gjer at kapitalbehovet vil vere stort dei neste åra. Fylkesleiaren var vidare oppteken av å få svar på korleis statsråden ser føre seg dei framtidige eigartilhøva i landbruket. – Fjerning av odelslova, bu- og driveplikta og opning for aksjeselskap kan samla få dramatiske følgjer, understreka Helland.
Enklare byråkrati
– Me har tre prosent dyrka areal her i landet. Det er ubegripeleg for meg at me ikkje kan få til ei felles målsetjing om å nytta dei 97 prosenta med uproduktivt areal til utbygging framover, sa styremedlem i Norges Bondelag, Solabonden Arnstein Røyneberg til leiarmøtet. – Mange, også av oss bønder, vil vere samd i at det kan vere nyttig å forenkle landbruksbyråkratiet. Men me bør stå på for å behalde dei som jobbar for oss på dei kommunale landbrukskontora. Og i høve til jordvern, er Fylkesmannen vår viktigaste allierte.
Jordbruksavtale i budsjettida
– Spørsmålet er om dei varsla tiltaka frå den nye regjeringa vil byggje opp om måla om norsk landbruk og matproduksjon. Mange av landbruks-tiltaka i regjeringa si plattform, rokkar ved den norske modellen. Regjeringa vil satse meir på kompetansetiltak.
– Det er bra, slo Røyneberg fast. – Det er også bra at ordninga med jordbruksavtalen skal halde fram, men den nye regjeringa seier ikkje om me framleis vil få forhandle om våren, eller om forhandlingane vil bli lagt til hausten og meir eller mindre samstundes med arbeidet med statsbudsjettet. Då vil samfunnet si merksemd kring jordbruksforhandlingane bli monaleg redusert, åtvara Sola-bonden.
Triggande støtte
– Signala om å forenkla støttestrukturen uroar, sa Røyneberg. – Det må vere rom for ulik støtte til ulike bruksstorleikar og ulik drift, skal me ha eit variert landbruk over heile landet. Forslaget om å gjere budsjettstøtta meir produksjonsavhengig, omtalte Røyneberg som «litt spanande». – Får me vridd noko av støtta over på kva som blir produsert, meir uavhengig av areala som blir nytta, vil kanskje det vere produksjonsdrivande også i distrikta, sa han. – Kanskje treng me å bli trigga på meir produksjon.
Bra med fond
Røyneberg synte til det bondelaget oppfatta som positive tiltak frå den nye regjeringa. – Enkelte av produksjonane våre er det råd å tene pengar på. Akkurat no går det bra med pelsdyr og kylling. Då er det bra at regjeringa legg opp til ei fondsordning etter same modellen som i skogbruket, poengterte Arnstein Røyneberg.