Fleire grøne strå: Bondelaget vil gjerne stimulere til auka beitebruk, men er samstundes nøgd med at Tine gjer grep for å få inn meir sommarmjølk. Slik vert det opp til bonden som bedriftsleiar å gjere sine vurderingar.

Dyrevelferd, klima og trendar i evig endring – eit fullpakka program for Storfe 2019 spegla dagens utfordringar.

Liv Kristin Sola

– Responsen har vore svært god og kongressen var fullteikna før fristen for påmelding gjekk ut, seier Asgeir Svendsen, leiar av arrangementskomiteen for Storfe 2019.

Arrangementet som gjekk føre seg på Gardermoen førre veke, er eit samarbeid mellom alle aktørane i storfenæringa. Målgruppa er den aktive bonden, og Svendsen kan nøgd konstatere at to tredelar av deltarane er aktive bønder.

– Det er deltakarar frå alle landets fylke og ei jamn fordeling mellom mjølkebønder, spesialiserte kjøtprodusentar og kombinasjonsbruk, seier Svendsen.

Forklare – ikkje forsvare

Samspelet mellom landbruket og forbrukaren går som ein raud tråd gjennom opningsforedraga. Fleire av innleiarane trekker fram informasjon og openheit som avgjerande for at forbrukaren skal ha tillit til norsk matproduksjon, som igjen er avgjerande for at folk skal velje norsk mat i butikkane. Innleiarane er samde om at landbruket kan – og må, bli betre, både på klima og dyrevelferd, men også på kunnskap og på kommunikasjon med forbrukar.

– Vi må forklare – ikkje forsvare, seier Lars Petter Bartnes.

Bondelagsleiaren vert ofte utfordra med spørsmål om korleis bøndene kan forsvare seg, blant anna i kjøttdebatten.

– Å handtere klima og dyrevelferd er vår «license to produce», seier Trine Hasvang Vaag, styreleiar i Nortura.

Aldri i mål

Hasvang Vaag heldt innlegg i lag med Nils Asle Dolmseth, nestleiar i Tine. Dolmseth meiner omgrepet «Frå jord til bord» er utdatert.

– Det står meir og meir klart for meg. Vi må tenke motsett; frå bord til jord. Vi bønder må forstå kor viktig samanhengen mellom fjøsgolvet og butikkhyllene er, seier Dolmseth.

Han trur krava til kvalitet vil bli skjerpa, og at kvar enkelt bonde må bli endå meir bevisst på kvalitet, både med tanke på råvara, men også for driftsmåten.

– Kunden vil ha ei historie som er akseptabel og truverdig gjennom heile verdikjeda. Og kjære forsamling – vi kjem aldri i mål, seier Dolmseth.

Soya, beite og yting

I sitt innlegg trekker Bartnes fram tre dagsaktuelle tema; bruk av soya, bruk av beite og diskusjonen om avdråttsnivå i mjølkeproduksjonen.

– Soyadebatten må vi ta på alvor. Vi har avgrensa ressursar til å produsere protein til dyrefôr, men må leite etter moglegheiter. Eg trur vi kan komme eit stykke på veg, seier Bartnes.

Meir norsk protein?

I etterkant av innlegget spør Bondevennen om bondelagsleiaren meiner utviklinga går fort nok. Bartnes viser til at det skjer ting på forsøksbasis. Blant anna er gjærbakteriar som produserer proteinsubstrat testa i kraftfôr til kylling og gris.

– Men det er eit stykke frå forsøk til kommersielt sal. Det er eit kostnadsspørsmål. I tillegg er soya ei effektiv proteinkjelde med høg proteinverdi. Det gjer at vi kan bruke ein høg del norsk korn i kraftfôrblandingane, seier Bartnes.

– Men går utviklinga fort nok?

Lars Petter Bartnes

– Vi registrerer at debatten har blitt ganske heftig og kunne nok ønske oss ei større framdrift. Samstundes er det viktig å gjere ein grundig jobb slik at økonomien – og kvaliteten, i matproduksjon ikkje vert råka, seier Bartnes.

Bruk av beite

Tal frå 2017 viser at rundt ein fjerdedel av fôreiningsopptaket til alle drøvtyggjarane våre kjem frå beite. Talet er nokså stabilt, i følgje Bartnes, men i mjølkeproduksjonen er beitebruken på veg ned.

– Beite står høgt hjå forbrukarane. Det handlar om omdømmet. I tillegg er beite ein betydeleg ressurs i husdyrhaldet og ein av dei rimelegaste måtane å hente fôr på, seier bondelagsleiaren.

Han ser gjerne at beitebruken vert auka, spesielt på utmark, noko det er kraftig stimulert til gjennom jordbruksforhandlingane dei siste åra.

– Beite gir også ein klimagevinst. I tillegg er det også eit omdømmespørsmål korleis vi pleier landskapet og motverkar attgroing, seier Bartnes.

Utmark eller sommarmjølk?

– Forbrukaren vil sjå dyr på beite og bruken av norske ressursar i matproduksjonen skal aukast. Samstundes åtvarar Tine mot ei skeiv mjølkekurve og differensierer no mjølkeprisen endå sterkare for å få inn meir mjølk i tredje kvartal. Korleis ser Bondelaget på denne utfordringa?

– Ein klassisk målkonflikt, svarar Bartnes. – Landskapet og klima i vårt langstrakte land er så vidt forskjellig at vi ikkje kan unngå slike konfliktar. Vi er glad for at Tine nyttar pris for å sikre nok sommarmjølk. Ifølgje Tine, kan ei jamn mjølkekurve auke mjølkeprisen med sju og åtte øre, held han fram.

Bondelagsleiaren har tillit til at kvar enkelt bonde gjer sine vurderingar, men oppmodar likevel alle som kan bidra til meir sommarmjølk, om å legge ein strategi for å gjere nettopp det.

– Tine si prisdifferensiering er eit tydeleg signal. Så må vi som driftsleiar på eige bruk, gjere dei konkrete og rette vurderingane, seier Bartnes.

Bli betre agronom

Debatten om avdråttsnivå knytt til auka bruk av kraftfôr og redusert bruk av norske ressursar i mjølkeproduksjonen, er høgaktuell. Bartnes si klare melding er at Bondelaget ikkje skal ha noko meining om kva mjølkeavdrått den enkelte bonde skal legge seg på. Han viser til at avdråttsauken har fleire årsaker; ny teknologi, målretta avl og ikkje minst kvaliteten på grovfôr og kraftfôr. I tillegg meiner han at måten meieriet betaler for mjølka, samt tilskotsgrep gjennom jordbruksavtalen også har bidrege til avdråttsauke.

– Kan det kome til eit punkt i klimadebatten, kor Bondelaget må meine noko om avdråttsnivå – for kven er den mest klimavennlege kua, den høgtytande eller ho med moderat yting?

– Det viktigaste vi gjer som storfebønder er å sikre best mogleg kvalitet og avlingsnivå på dei areala vi disponerer til grasproduksjon, seier Bartnes.

Bondelagsleiaren er inspirert av Grovfôr 2020 og meiner tal frå det tre år lange grovfôrprosjektet har vist eit potensial til å hente ut større verdiar i grovfôrproduksjonen.

– Grovfôr 2020 viser at eit tradisjonelt jordbruksoppgjer i økonomisk samanheng berre er ein fjert samanlikna med kva vi kan hente ut i meir og betre grovfôr. Men prosessen frå inspirasjon til gjennomføring, er ganske krevjande, også for eigen del, innrømmer Bartnes.

Han meiner at meir og betre grovfôr vil gi ein økonomisk gevinst og på sikt kunne redusere kraftfôrbruken. I tillegg er optimal bruk av enga eit godt klimatiltak.

Investeringsbehov på mindre bruk

Avdråttsnivå og bruk av norske fôrressursar heng saman med investering og modernisering av mjølkeproduksjonen, ei utvikling som har gitt færre og større bruk, og for mange, eit litt vaklande ressursgrunnlag. Politiske føringar legg no til rette for at også mindre bruk skal få høve til å investere i mjølkeproduksjonen. Utfordringa er korleis det kan skje i praksis, gitt Innovasjon Norge sitt krav til inntekt og lønsemd.

– Me veit at IN og partnarskapa prioriterer noko ulikt, både i prioritering og utmåling av tilskot og krav til lønsemd. Korleis skal vi sikre at små og mellomstore mjølkebruk over heile landet kan klare å investere for framtida?

– Når avtalepartane har lagt ein prioritet på 15-30 kyrs bruket, er det med sikte på å oppretthalde økonomi i produksjonen slik at det vert interessant å drive og rekruttere unge inn i næringa også på mindre bruk i framtida, seier Bartnes.

Han minner om at mange gardsbruk har ulike tilleggsproduksjonar; andre husdyrslag eller andre aktivitetar som i sum gir ein robust økonomi på bruket.

– Det vil vere ei viktig tilpassing også framover. Derfor har Bondelaget jobba for at samla næringsinntekt knytt til bruket, skal leggast til grunn når lønsemda skal vurderast i investeringsprosjekta, seier Bartnes.

Han er nøgd med at avtalepartane under årets jordbruksoppgjer fekk protokollført nettopp dette, og at det vart presisert at det på mjølkebruk er særleg trong for fornying av 15-30 kyrs fjøs. Dette er nasjonale føringar som skal gjennomførast over heile landet.

– Den totale lønsemda på garden skal bere reknestykket. Slik har bønder, som næringsdrivande, alltid tenkt om investering, seier Bartnes.

– Dette omfattar ikkje dei med 20 kyr og inntekt utanfor bruket.

– Rammevilkåra per i dag treff ikkje alle, men vilkåra er betra gjennom at prosentsatsen på støttenivået er auka. Avtalepartane har følgt opp politiske signal om å prioritere 15-20 kyrs bruk, og lønsemda for næringsgrunnlaget på bruket skal være grunnlag for finansieringa. Så er vi klar over at for enkelte bruk er dette ikkje tilstrekkeleg, men vår prioritering er at IN skal rette sine verkemidlar mot landbruket, seier Bartnes.

– Er det rett prioritering?

– Det er eit spennande spørsmål kor vidt inntekt utanfor bruket skal leggast inn i kalkyla. Det kan openbart gi ei investeringsmoglegheit for fleire, seier Bartnes.

Samstundes er han skeptisk til å dra enda ein risikofaktor inn i landbruksnæringa, ein risiko knytt til korleis andre næringar og offentleg sektor utviklar seg i området.  Bartnes stadfestar likevel at Bondelaget har stort trykk på å utvikle investeringsordningane, og oppmodar medlemmane til å engasjere seg i desse spørsmåla, ikkje minst i forkant av neste jordbruksoppgjer.

Stikkord denne saka: , ,