Fjosapning1

Betre seint enn aldri. I Årdal inviterte bøndene til fest eitt år etter mjølkeroboten starta svive.

Jane Brit Sande

Mjølkeroboten starta svive i juni i fjor, men først juni i år var det tid for offisiell opning av lausdriftfjøset. Birgit og Sven Magne Valheim, Årdal i Ryfylke, Rogaland, inviterte naboar og skodelystne til synfaring og grillmat.
– Det passa liksom aldri med denne opningsfesten, så me utsette det. Men no er alt på plass, så det passar fint slik. I fjor var det berre mjølkekyrne som fekk flytta inn i fjøset, fortel Sven Magne.
Den første tida var det berre 20 mjølkekyr i fjøset. No er forholda heilt annleis. Av den totale mjølkekvoten på 380 tonn, leiger bøndene 270 tonn. Trass i den store utvidinga av produksjonen, har bøndene greidd å halde mjølka på elitenivå. Dei fekk plaketten i 2015, like før dei flytta inn i det nye fjøset, og har greidd å halde same nivå sidan.

(Saka held fram under bileta)

Fjosapning03

Frå mjølkeroboten blir kyrne anten sendt tilbake til mjølkekuavdelinga, eller inn til velferdsavdelinga.

Fjosapning04

Fjøset har naturleg ventilasjon og automatisk fôring. Mjølkekyr og gjeldkyr til venstre for fôrbrettet. Ungdyr på andre sida.

Kalvahyttene står utandørs, og er lett tilgjengelege frå fjøset. Bøndene har tavler for beskjedar i fjøset, kvar tavle er plassert godt synleg

Kalvahyttene står utandørs, og er lett tilgjengelege frå fjøset. Bøndene har tavler for beskjedar i fjøset, kvar tavle er plassert godt synleg

Romsleg og gjennomtenkt

Fjøset måler 55×23 meter i grunnflate. Totalt 120 dyr får husly innomhus, halvparten er mjølkekyr. I fjøset er det tre sjukebingar, velferdsavdeling, gjeldkuavdeling, og gardar for ungdyr.
– Me fekk inn to kraftfôrautomatar hjå mjølkekyrne, og ein børste. Det er reine spa-avdelinga for kyrne. Det tok ikkje lang tid før det var kø på den, smiler bonden.
Grovfôret blir servert på band, fôrbrettet har vidde nok til traktor, 2,70 meter – med port i kvar ende. Kyrne har eiga dør med utgang til beite på baksida av fjøset. Kalvane startar livet utandørs. Kalvahyttene har fått plass under eit overbygg, godt beskytta mot vêr og vind.

Tre generasjonar bønder. Frå venstre: Bjørg Valheim (farmor til Sven Magne), Birgit og Sven Magne Valheim, og Solveig og Sven Valheim (Foreldra til Sven Magne).

Tre generasjonar bønder. Frå venstre: Bjørg Valheim (farmor til Sven Magne), Birgit og Sven Magne Valheim, og Solveig og Sven Valheim (Foreldra til Sven Magne).

 

(Denne saka har vore på trykk i Bondevennen)