Me har spurt 10 bønder om ei oppsummering av 2020.

Alle fekk dei same to spørsmåla:

1. Kva var det beste og det verste med året som gjekk?
2. Kva planar har du for neste år?

Her er svara me fekk:

Per Inge Indrebø med odelsdottera Eira Indrebø på armen.

Per Inge Indrebø, 33 år, Jølster, Vestland
Type produksjon: Ammeku. 50 mordyr, full framfôring.

1. Ting har fungert godt i fjøset i år. Det har vore lite kluss med kalving og dyra generelt. Mykje godt vêr gjennom sesongen har gjeve gode forhold for jordarbeiding og innhausting. Fått ferdigstilt inngjerding av mykje nytt beite.
Det verste: Kapitalkrevjande å bygge opp ammekuproduksjon.

2. Følgje driftsplanen og fortsette å auke opp antall mordyr. Snu jord for å auke opp avlingsmengde. Bli betre på å sette av tid saman med familien.

Eyvind Reme, 46 år, Innvik, Vestland
Type produksjon: Plommer, bringebær, epler og bier.

1. Det beste var at eg fekk tak i utanlandsk arbeidshjelp til bringebærsesongen. Og at bringebæravlinga blei nokonlunde, trass i vinterskade. Det verste var usikkerheita om våren knytt til innreiserestriksjonar i høve covid-19. Og at plommeavlinga vart svært dårleg.

2. Eg gler meg til at eit større plommeareal kjem i bæring. Og til å sjå ei byrjande epleavling. Det kan fortsatt bli utfordringar knytt til arbeidskraft og covid-19. Elles skal eg optimalisere drifta etter fleire år med store utvidingar.

Mari Eidså, 29 år, Øvrebø, Agder
Type produksjon: Melkekyr. Jobber fulltid med mannen min.

1. 2020 har gitt veldig gode avlinger med god kvalitet og gode høsteforhold, sårt etterlengta etter to dårlige år. Covid har fått vist forbrukere viktigheten av trygg norsk mat på bordet.
Det beste var å endelig gi opp traktoren som sto på verksted i ti måneder, og å kjøpe ny. Det verste var at alle restriksjonene i forbindelse med covid har ført til lite sosiale arrangement og begrenset møtevirksomhet.

2. Planen for 2021 er å sysselsette avløserlaget siden vi venter smått til sommeren. Håper vi får grøftet noen jorder før fødsel, så tar vi resten som bonus. Krysser fingre for gode forhold i året som kommer, så møter vi 2021 med friskt mot!

Kjersti Hjelmeland, 30 år, Omvikdalen, Vestland
Type produksjon: Mjølkeproduksjon på ca. 100 000 liter i gamal og sliten båsflor med 12 spælsauer og éin fjordhest

1. Som bonde har me hatt eit greitt år med tanke på grovfôr og friske dyr, men me var uheldig å mista ei god mjølkeku berre fem veker før kalving. Sånne dagar er vonde. Covid 19 kom til landet og grensehandel vart stengt. Då vakna folk, og byrja prissetja norskprodusert mat, og kanskje sjå viktigheita av at Noreg må vera sjølvforsynt. Året har bydd på utfordringar for fruktbønder, noko som resulterer i vanskar med å få norske «julaepler».

2. Lausdriftskravet kjem eit år nærmare, samt kravet om sjukebinge og kalvingsbingar. Me håpar å få klar teikningar og «landa» dei. Og sjølvsagt vil me driva best mogleg den produksjonen me har no.

Sindre Skjelnes Tveit, 27 år, Røyrvik, Vestland
Type produksjon: Mjølk og sau i samdrift.

1. Det beste og mest spanande med året har vore å overta heimgarden og at eg har hatt ein forholdsvis god grovfôr- og beitesesong.
Det verste er nok pandemien som har prega oss, sjølv om det ikkje har hatt like stor betydning for meg personleg.

2. Planen for 2021 er å fortsette i det gode sporet. Prøve å optimalisere og utvikle drifta framover.

Grete Gerritsen, 45 år, Taksdal, Rogaland
Type produksjon: Sau

1. Det beste med 2020 var nok nytt sauhus, problemfri lemming (nesten), god slått og ny hund. Det verste var koronapandemien og at ungdomsskulen blei flytta frå bygda.

2. Planen for 2021 er å utvikle drifta vidare og få unna ein del vedlikehald på garden. Så skal eg engasjere meg vidare i arbeidet for levande bygder og i kampen for jordvern.

Bjørnar Gjerde, 40 år, Omastrand, Vestland.
Type produksjon: Mjølk i båsfjøs

1. Eg hadde planar om at 2020 skulle bli eit annleisår. Fyrst var me kome langt i planlegging av nytt fjøs med tenkt byggestart i juni og dertil auke i driftsgrunnlaget. Me venta òg ein liten gut midtsommars, og på toppen vart eg valt inn i konsernstyret i Tine SA.
Årets høgdepunkt var då vesle Magnus kom. Rett nok ei veke tidlegare enn me hadde planlagt avløysar for, men lukka var at han ikkje melde sin ankomst før eg var ferdig i fjøset om kvelden. Grunna Covid-restriksjonar vart far sendt raskt ut att frå fødestova, og dermed rakk eg både fjøsstellet på morgonen, fortelja dei to uvitande søskena om kva som hadde skjedd medan dei låg i djup søvn, og så bar det rett i digitalt styremøte i Tine.
For fjøsprosjektet sin del møtte det «skjær i sjøen» i februar. Utan kvotegrunnlag valde me å setta søknader og bygging på vent. Når ein står midt i ein slik situasjon er ein ganske trygg på at ein slik smell må kunne definere det verste som skjedde i 2020. Mentalt hadde eg gått mange rundar med meg sjølv før eg var bestemt på å satse. Det er naudsynt å bruke litt tid før ein vel å investere så mykje pengar i ei så marginal avkasting, og som samtidig legg beslag på tid og energi så langt tidshorisonten min strekk seg. På mange måtar var det brutalt å lande konklusjonen, men når alt kjem til alt – heilt rett, og eit fantastisk privilegium å ha mogeligheita til å drive og utvikle det som er aller mest meiningsfullt å halde på med.

2. I 2021 er igjen ambisjonen at eit nytt fjøs skal realiserast. Det står fortsatt att å finna nokon som vil selje kvote til oss, men no er ein ny omsetningsrunde i kjømda og då håper me det blir ei råd. På mange måtar var det kanskje heilt greitt at planar om nytt fjøs fekk modna ein runde til, men no vil me ikkje vente lenger. Me planlegg for at 2021 også blir eit annleis år.

Katrine Hesnes Jarnes, 43 år, Hesnes, Agder
Type produksjon: Sammen med mannen min, Frode Jarnes, driver jeg Hesnes Gartneri med blomster, urter, drivhus-og frilandsgrønnsaker, gårdsbutikk og kafé.

1. Det beste med 2020 er at alt har gått så bra som det har gjort. Vi har fått vist mangfoldet av norskproduserte grønnsaker til enda flere nordmenn som har vært på norgesferie og at sesongen av norsk er mye lengre enn hva folk tror. Men vi er selvfølgelig avhengige av å ha været på vår side. Det verste har vært den økonomiske usikkerheten fra dag til dag.

2. Planene for 2021 er å slå 2020, dyrke gode grønnsaker, skape gode matminner for kundene våre og fortsette å informere om de herlige norske råvarene våre.

Liv Sollesnes, 52 år, Jondal, Vestland
Type produksjon: Fruktbonde og dagleg leiar av Hardanger Fjordfrukt

1. Det beste med 2020 må vera at me som bur på ein liten plass med langt mellom husa kan leva nokolunde normalt i ei tid der koronasmitte styrer kvardagen til veldig mange. Me er heldige.
Det verste med 2020 er dei skrale avlingane i frukthagen. Total avlingssvikt på plommer og svært lite eple for min del. Mykje av arbeidet ein legg ned er det same uavhengig av avlingsresultat.

2. Planen for komande år er å stå på vidare og leggja grunnlaget for ein bra frukthaust med god kvalitet til forbrukarane. Og kanskje rydda eit eplefelt og planta nytt.

Jørund Kvaale Hansen, 38 år, Bygland, Agder
Type produksjon: ammeku og slaktegris

1. Beste: Ein sumar med gode avlingar og store fine kalvar som kom heim frå beite.
Verste: Om økonomiske bekymringar heng over ein heile tida, er daudfødslar det traurigaste eg opplever som ammekubonde. Kalvinga i år starta veldig bra, og eg var for første gong i ferd med å nå besetningsmålet eg har sett meg. Men heilt på slutten var det to kviger som kalva daudfødte kalvar, og det med ti minutts mellomrom. Då vart eg sitjande med hendene i andletet eit bel.

2. Ettersom eg satsa og bygde hausten før turkesumaren 2018, er dette eit tilbakeslag som har hengt med i besetninga i lang tid. Målet mitt er difor noko enkelt: Prøve å få til eit normalår i drifta, utan noko vidare krimskrams.