For å følgja Arild Grødum må du først kople saman eit Duracell-batteri med ein Ajax-tornado. Så må du vera bankmann, husdyrmann og menneskekjennar med meir enn 24 timar i døgnet disponibelt.

Sjur Håland

– Du treng ikkje ha kunnskap om alt, men du må ha eit nettverk slik at du kan syta for at folk får dei råda og den hjelpa dei treng, erfarer rådgjevarveteranen.
Arild Grødum frå Hisøy i Arendal veit kva han snakkar om. Gjennom 40 år på høggir som Nortura sin rådgjevar på Agder har han vore innom tunet hjå svært mange. Han har gått vegen frå plastark og lommekalkulator til pc og minnepinne. Rådgjevaren og prosjektleiaren har rigga møtelokale, kokt kaffi og gitt råd om langt meir enn berre tilvekst på lam og oksar. Arild er kjent og omtykt blant bønder og kollegar. I 2008 fekk han Landbruksselskapet i Aust-Agder sin ærespris for innsatsen, den heng høgt.

Tar oppdrag

No, åtte år seinare, har han runda 65. Då Arild var 62, fekk han trøbbel med hjarta og byrja å ta det rolegare.
– Det går bra med helsa, forsikrar han. – No er eg pensjonist, men tar enkelte små oppdrag for Nortura, det er ikkje berre å stenge av etter 40 år. Nortura er ein del av meg, og kontaktnettet har jo blitt veldig stort, seier Arild, og inviterer på kaffi, påsmurt og søtt snadder i mjuke stolar i heimen til han og Liv Anny.
Dei siste åra var Arild tilsett ved Nortura sitt kontor i Tønsberg. Han hadde tilførsel- og organisasjonsleiaransvar for begge Agder-fylka saman med Sokndal og Lund i Rogaland. Slikt blir det gjerne lange dagar av. Å telja timar har vore uråd. Ofte var han glad for å koma heim same datoen han tok ut. Om sauemøtet i Valle drog ut til elleve på kvelden, tok han den tjue mil lange bilturen heim til Arendal på natta og møtte på kontoret i Lillesand klokka sju same morgonen.

Full gass

Årlig kjørelengd var oppe i 50 –60.000 kilometer på det meste. Prikkbelastningane på førarkortet og talet på fartsbøter vart ein snakkis med positivt forteikn blant bøndene. Her hadde dei ein alliert som verkelg gav gass når det galdt.
– Ein tovekersperiode toppa det seg med til saman 14.000 kroner i bøter. Då sa kona at eg måtte slakka på gassen.
Han har vore ein allrounder. Sports- og skøyteentusiasten fekk, innimellom alt det andre, tid til å følgja sonen Øystein sin suksess på skøyteisen for ein del år sidan. To barn og to barnebarn har det blitt. Arild definerer seg som heimekjær, han har hytte på Gjøvdal, er lidenskapleg interessert i jakt, i tillegg til sport, og gler seg no til å få tid til å vera handy og ta i bruk verktøyet han har samla opp gjennom åra. Å sjå resultat har alltid inspirert.
– Noko av det kjekkaste eg fekk vera med på, var det treårige investeringsprosjektet i Kvinesdal. Prosjektet var eit samarbeid mellom fleire aktørar som førte til at ei rekke bønder la vekk skepsisen og til saman investerte rundt femti millionar kroner i nye driftsbygningar.

Lam og gris

Arild Grødum har saumfart sauebeita i Setesdal, sytt for fôrprøvar langt til heis, og gjennom ulike kvalitetsprosjekt synleggjort potensialet med å løfta kvaliteten på lam. Det første prosjektet han var med på, galdt haldføreskriftene på gris. Då vart engasjementet også for dette dyreslaget vekt.
– Å halde liv i svinenæringa på Agder har vore viktig. Ikkje minst i høve til at grisen bidreg til aktiv drift for andre produksjonar rundt om i bygdene, seier Arild, og peikar særleg på innsatsen til Jon Leif Eikaas og Sommerveien purkering.
Bergingsaksjonen enda opp med innføring av Distriktstilskotet på gris.
– Det var avgjerande viktig her på Agder, understrekar han. Eit anna resultat har vore Sørlandssamlinga. Arrangementet har blitt ein stadig breiare og vaksande møteplass for landbruksnæringa i landsdelen.

Naudslakt utan lappen

Yrkeskarrieren til Arild Grødum starta i Arendal i 1968.
– Far var disponent i Aust-Agder Slakteri. Eg tok økonomisk utdanning og praktiserte samstundes som slaktar. Første gongen eg vart sendt ut på naudslakt var eg på langt nær gammal nok til å køyra bil, så far sendte meg ut med eigen sjåfør.

Tamrein og bygdefest

Han har mellom mykje anna vore med og slakta tamrein, frakta ned frå fjellet med beltetraktor og slakta på mobilt slakteri på Hovden. Slaktinga på Hovden var ei kulturhending for bygda sine folk. Det var folksamt på slakteplassen gjennom hele døgnet. Frå 1990 har Arild sitt arbeid vore retta mot bøndene. Han har kome tett på folk i ulike situasjonar.
– Både av det positive og det langt mindre positive slaget. Livet handlar om sorger og gleder. Mykje har vore tungt å handtera. Eg har sett kor stritt det kan vera for bønder å kjenna seg åleine. Opp gjennom åra har det også vore dyretragedier som har kravd mykje av ein rådgjevar, seier han.

Besøk i krisesituasjonar

Livet kan verta vanskeleg og skjera seg for sjølv dei mest ressurssterke.
– I dette arbeidet kjem ein inn i dagleglivet til folk, også då livet blir vanskeleg grunna til dømes økonomi eller familietilhøve. Mi erfaring er at vi som er rådgjevarar må syta for at bøndene får besøk også når dagliglivet kjennest tungt og urettferdig.
Gleda over å vera til nytte, er stor. Og, Arild gjer framleis nytte for seg. Nyleg var han ute på tre gardsbruk saman med Innovasjon Norge. Neste veke skal han til Setesdal og treffa gamle kjente. Han snakkar seg fort varm og gestikulerer ivrig med armane, anten det er i møte med gamle kjenningar, eller det er i klinsj med lokale eller sentrale politikarar. Distriktslandbruk er ei hjartesak.
– Å ha eit spreidd landbruk på Agder er veldig viktig. Eg prøver å synleggjera korleis kulturlandskapet vårt hadde sett ut utan beitedyr.

Lønsamt matmangfald

Arild Grødum set pris på initiativ. Men av og til må han kjøla ned varme planar.
– Lokal og kortreist mat er i vinden. Dessverre er det alt for mange som har jobba seg halvt i hel utan å lukkast i å koma ut i marknaden og tena pengar på produkta sine. Høg kvalitet på produkta må ligga i botn, i tillegg til sterk identitet. Så må du ha sterke alliansepartnarar. Eg registrerer at Nortura engasjerer seg i matmangfaldet, til dømes med Gourmetlam frå Hallingskarvet. Det er bra. Slikt vil vi ha meir av.

Må kjenne lynnet

– Kva råd vil du gje til kollegar som er på veg inn i ditt yrke?
– Du må ikkje la jobben sluka deg heilt. Hugs at du skal ha eit liv utanom. Men du må kunna snakka med folk, og du må vera interessert i det du skal jobbe med.
Tallause produsentmøter opp gjennom åra har gitt spesialkompetanse. Det er skil på ein setesdøl og ein bonde frå Lista, erfarer rådgjevaren.
– Det er ein fordel å kjenne lynnet til folk, smiler Arild Grødum.

Dette portrettet har vore på trykk i Bondevennen tidlegare i år, i BV nr. 8 – 24. februar 2017