Direktør Ola Bekken og styreleiar Gabriel Joa, i FKRA presenterte eit solid økonomisk resultat på årsmøtet.

Direktør Ola Bekken og styreleiar Gabriel Joa, i FKRA presenterte eit solid økonomisk resultat på årsmøtet. (Foto: May Linda Schølberg)

Ein tilfreds styreleiar i Felleskjøpet Rogaland Agder la fram eit solid årsresultat.

Eirik Stople

– Tala syner at me har selt meir kraftfôr enn nokon gong, rundt 374.000 tonn. Salet av John Deere traktorar er tilbake til gamle høgder, med nær ein tredjedel av totalmarknaden, etter ein dupp i 2014, sa styreleirar Gabriel Joa til årsmøterepresentantane på Sola i dag.

 Oppleves trygt

– I ei tid med mykje uro og uvisse i arbeidsmarknaden oppleves det å vera bonde som trygt. Det er rett nok mange bønder som gir opp, men det er frivillig og utan dramatikk. Og ja, me skulle gjerne hatt betre økonomiske vilkår, men me må vera villige til å sjå at i dag er me heldige i forhold til bøndene i våre naboland, sa Joa.

Felles landbrukspolitikk

– Norske bønder har alltid argumentert for ein felles landbruksplitikk for heile landet. Og eg vil påstå at dei store bruka i sentrale område har hatt fordelar av ein politikk som også har gjort det leveleg for dei små bruka i utkantstrok, På same vis har dei små bruka hatt fordelar av dei store, ved at kostnadane per produsert eining har blitt haldne nede.

Tabben

– Eg håpar ar regjeringa ser tabben med, og dei store konsekvensane av, å auka konsesjonsgrensa for kylling og ikkje gjer feilen om igjen. Eg håpar også at dei ser det store investeringsbehovet næringa har, mellom anna i samband med lausdriftskravet, og kjem med investeringsmidlar i stort nok omfang, eventuelt utset fristen for lausdrift. Ikkje minst håpar eg at dei ser at eit sterkt importvern er den viktigaste av alle saker, sa styreleiaren.

Etterbetaling

– Det har stundom vore reist spørsmål om det er rett med etterbetaling, også for andre kjøp enn tonnvarer. For traktorar og maskinar har det så langt ikkje vore aktuelt. Vi har nå opna for etterbetaling av butikkvarer. Dette er ein medlemsfordel og vil gjelde frå 1. januar i år, Gabriel Joa.

 

Les meir om årsmøtet i Bondevennen nr 13/14 – 8. april.