Verdsett lang beitesesong: Gro Merethe (12), Svein Olav og Siv Marie strekk beitesesongen frå rundt 17. mai til slutten av september. Mykje av tida er kyrne ute også om natta.

– Å vere bonde er kompromissets kunst. Nye krav til kalvingsbingar og lufting året rundt kan sjå bra ut på papiret, men i praksis tyr me til kompromiss for å finne gode løysingar, seier Svein Olav Tengesdal.

Liv Kristin Sola

– Eg må ærleg innrømme at eg ikkje har tenkt så mykje på krava som kjem før du ringde, seier Svein Olav Tengesdal, mjølkebonde i Eigersund kommune, i Rogaland. Han viser til nye krav til kalvings-/sjukebinge, utlastingsrampe og høve til mosjon også i vinterhalvåret, som vert innført i båsfjøs frå 2024.

Han og sambuar, Siv Marie Skåra, driv ei samdrift med utgangspunkt i kvart sitt bruk. Dei har 23 mjølkekyr på bås, 176.000 i kvote og kalving heile året. Basert på eigne og nokre innkjøpte kalvar, fôrar dei fram mellom 30 og 40 mellomkalv i året. Skåra er bonde på heiltid, medan Tengesdal har ei halv stilling på landbrukskontoret i Bjerkreim kommune.

Ikkje heilt klar

I 2000 skifta dei innreiing i fjøset. Seks år seinare bygde dei eit kombinert sauehus og ungdyrfjøs. I 2011 tok dei eit skikkeleg løft i båsfjøset og investerte i skinnebane, automatisk avtakar og kraftfôrvogn.

– Det var særdeles lurt, og skulle vore gjort ti år tidlegare, seier Tengesdal.

Gro Merethe trør til når kyrne skal ut.

Ein papirsak

Beitesesongen strekk seg frå rundt 17. mai til slutten av september. Kvigene er gjerne ute lenger, om vêret er lagleg.

– Å ha dyra på beite er noko me held høgt i vår driftsform. Det gir meining og har i tillegg ein økonomisk verdi. Men å begynne å lufte kyrne nå og då ein vintersdag – eg må innrømme at det ser eg mørkt på, seier Tengesdal.

Bonden karakteriserer jordsmonnet som feit moldjord på fjellgrunn. Ein jordtype som tørkar dårleg opp.

– Konsekvensen kan fort bli kyr som går i sørpe og øydelagde beiter. Det å støype ein platting for at dyra skal stå utanfor fjøsdøra nokre timar nokre vinterdagar i året – det vert også ganske meiningslaust, seier Tengesdal.

Kalvingsbinge

Når ei ku nærmar seg kalving heng dei opp kamera for å ha tilsyn med kua og ta turen i fjøset når noko er i ferd med å skje. Slik har dei god kontroll på kalvingane.

– Ser du nokre fordelar med kalvingsbingar i båsfjøs?

– Det har eg ærleg talt ingen erfaring med. Å ta tre båsar og legge til rette for kalvingsbinge er ikkje umogleg, men det vert ei slags kvasiløysing. Eit tilbygg utanfor fjøset vert mindre aktuelt for vår del, seier Tengesdal.

Trengst ei klargjering

Tengesdal har merka seg at bøndene har auka merksemd på dyrevelferd. Bøndene vil ha ting i orden, men er usikre på kva som vert kravd av dei. Han åtvarar mot at nye krav vert ei rein papirsak utan praktisk nytteverdi.

– Eg er litt usikker på det konkrete innhaldet i lovendringa og trur det er trong for faglaga å ta ein runde med styresmaktene og definere kva som er hensikta og korleis det skal gjennomførast ipraksis, seier Tengesdal.

– Me bønder skyv nok dette litt framføre oss. Mange med meg tenker nok at dette vil gå seg til innan 2024. Ei utlastingsrampe er det mogleg å få til på fornuftig vis, men eg skal innrømme at eg ser mørkt på å mosjonere dyr ut over beitesesong. Eg er nok heller ikkje overtydd om at kalvingsbingar for kyr som elles står på bås, gir noko spesielt betre dyrevelferd.

Dette skjer i 2024

Krav til kalvings-/sjukebinge, utlastingsrampe og mosjon heile året ventar bønder som framleis driv i båsfjøs i 2024.

I 2004 vart det vedteke å forby båsfjøs frå 2024. Fristen for å bygge om til lausdriftsfjøs vart seinare utsett til 2034. Samstundes er det varsla endringar i regelverket for oppstalling av kyr på bås.

Kalvings- og sjukebinge

I forskrift om hold av storfe, samt rettleiaren til forskrifta Frå 1.1.2024, vert det i båsfjøs bygd før 1.1.2004 krav om minst ein kalvings-/ sjukebinge for kvar begynte 25 kyr. Har du 28 kyr er det til dømes krav om to kalvings-/sjukebingar.

Mosjon heile året

Kyr som er oppstalla i båsfjøs skal sikrast høve til fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 16 veker i løpet av sommarhalvåret. Dersom dei naturgitte tilhøva ikkje ligg til rette for 16 veker, kan beitetida reduserast med inntil fire veker. Dyra skal i tillegg sikrast høve til regelmessig mosjon og fri rørsle resten av året, etter naturlege og åtferdsmessige behov.

Utlastingsrampe

Av omsyn til smittevern og dyrevelferd, skal alle fjøs ha ei sikker inn- og utlastingsrampe eller utlastingsrom. Dyrebilsjåfør eller anna personell skal ikkje inn i sjølve husdyrrommet. Rampen må ha sklisikkert underlag og veggar som er høge nok til å unngå at dyr forsøker å hoppe over.

Kjelde: Forskrift om hold av storfe frå 2004, sist endra i 2017.

Ikkje berre å bygge

Fjøset er relativt gammalt og noko må gjerast før eller seinare. Men dei var ikkje klar til å bygge om til lausdrift då dei oppgraderte i 2011.

– Eg trur at me innan 2034 har bygd nytt. Men av ulike årsaker trur eg ikkje me er klar til å ta det valet før 2024. Å bygge heilt nytt fjøs er så mykje meir enn berre å bygge. Det handlar om kvardagen til heile familien, seier Tengesdal.

Han minner om at dei har ein kvote som er stor nok til å satse på, og er meir uroa for bønder med små kvotar og lite jord. Dei går ei krevjande tid i møte, med mange krevjande avgjersler.

 

Trengst ei klargjering: Svein Olav er usikker på det konkrete innhaldet i lovendringa og ber faglaga ta ein runde med styresmaktene for å klargjere mål og hensikt.

Kan ikkje vedta god dyrevelferd

– Me gjer klokt i å vere føre var og tenke betre dyrevelferd også i eksisterande båsfjøs, uavhengig av driftsform, seier landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg.

Han er nøgd med at mange ønsker å satse på nye fjøs og modernisering av driftsbygningane.

– Lausdriftsfjøs kjem ved nybygg. Spørsmålet er meir om det å forby båsfjøs innan ein viss dato er det beste verkemiddelet. Det er i alle fall svært strukturdrivande, seier Skadberg.

Sjå til Sveits

– God dyrevelferd kan me ikkje vedta. Om dei fysiske rammene ikkje er optimale, kan ein god røktar likevel oppnå god velferd for dyra sine, seier Skadberg.

Han trur bøndene gjer lurt i å ruste eksisterande båsfjøs med tanke på betre dyrevelferd, uavhengig av 2024 og 2034.

Geir Skadberg

– Det skal berre mangle at kyr ikkje skal få kalve i ein kalvingsbinge eller få gå fritt og romsleg i ein binge når dei er sjuke, seier Skadberg.

Den største utfordringa trur han for mange er knytt til at dyra skal ha tilgang til mosjon heile året.

– Det kan bli krevjande for somme, men mykje er mogleg for dei som vil, seier han.

Skadberg viser til sveitsisk landbruk der dei satsar sterkt på mindre bruk og løfter dyrevelferdsproblematikken inn i dagens struktur og driftsformer.

– Kan hende bør me sjå meir på den sveitsiske modellen og tilpasse båsfjøsa til betre dyrevelferd.

Føre var

Det kan virke langt fram til 2024 og 2034 og mykje kan skje før den tid. Dyrevernarar og forbrukarar held auge med husdyrproduksjonen og kan presse fram endringar.

– Me må kome opinionen i forkjøpet og ruste eksisterande bygg for nye krav og forventningar til dyrevelferd, seier Skadberg.

– Etisk kvalitet vil me truleg sjå meir av. Det går ikkje over. Kjedemakta let seg drive av ulike pressgrupper. Bøndene må vere i forkant, snakke om god dyrevelferd, sjå på spennande løysingar med luftebingar/luftesystem, velferdsbingar til kalving og sjuke dyr. Det er vegen å gå, seier Skadberg.