Gjødseldebatt: Ei mogleg innstraming av gjødselregelverket er på trappene. Førstkomande tysdag får bøndene saka opp til debatt på stormøte på Varhaug. Her frå pelsdyrbøndene si markering mot styresmaktene under stormøtet i 2019. Foto: Liv Kristin Sola
– Ei innstraming av gjødselregelverket heng ikkje på greip, seier bonde Paul Aniksdal. I morgon, tysdag 8. mars, blir gjødselbruksføreskrifta tema på stormøte på Varhaug.

Sjur Håland

Parkeringsvaktene er klare. Varhaug Idrettsanlegg er rigga for å ta i mot bønder og andre interesserte frå heile Rogaland og enda vidare, lovar Aniksdal, som er leiar i Søre-Hå Bondelag.
Etter to års koronapause blir dørene i idrettshallen på Varhaug endeleg opna på vidt gap. Stormøtet tysdag 8. mars klokka 19.00 har tema «Nytt gjødselregelverk – kva betyr det for landbruket? »
Møteleiar Tom Hetland skal før debatten styra innlegg frå mellom andre styreleiaren i Felleskjøpet Rogaland Agder, Sveinung Svebestad, landbruks- og matminister Sandra Borch, bondelagsleiar Bjørn Gimming og statsforvaltaren i Rogaland, Bent Høie.

– Møtet har blitt ein årleg happening som både bondetoppar og statsrådar kryssar av i kalenderen lenge før dei blir spurt om å stilla, smilar Aniksdal.

Paul Aniksdal

Store konsekvensar

Det er Sparebank1 Sr-Bank, Hå kommune og dei tre bondelaga i Hå som står bak arrangementet.
Paul Aniksdal seier dei har valt eit tema som er svært aktuelt.

– Bøndene er, naturleg nok, opptekne av det komande gjødselregelverket som kan få store konsekvensar.

Målet med møtet er mellom anna å retta merksemda mot konsekvensane ei innstraming kan få for landbruket på Jæren og i Rogaland.

– Mykje av det som har kome frå styresmaktene vil eg definera som slett arbeid. Om me ser på vasskvaliteten i elver og bekker i Hå kommune, har den i det store og heile blitt betre dei siste 20 åra. Fosfortala går ikkje opp, dei går ned. I det lyset blir det meiningslaust med ei innstraming av regelverket, seier Aniksdal.

Bonden lover høgt trykk og god stemning, slik tradisjonen har vore.

– Og så lovar me pizza og kaffi til alle som kjem, seier han.