• Nina Skjelnes inviterte til gards. Ho overtok heimegarden for 2 år sidan, og har mjølk og sau.

Varaldsøy bondelag tok vel imot premien dei fekk etter at laget vart trekt ut som vinnar blant dei lokallaga som støtta Bondelaget sitt utviklingsprosjekt i Malawi.

Liv Kristin Sola

Dei er sårbare åleine, men streke i lag, bøndene på Varaldsøy. Store ord, ein klisjé, slik me snakkar i festtalar. Ja. Det kan nok vera. Men orda blir sterke, dersom dei vert fylt med handling og innhald. Bøndene på Varaldsøy i Hordaland, kjenner litt på dette, kvar dag.

Støtte til Malawi Varaldsøy bondelag var eitt av mange bondelag som bidrog økonomisk då Norges Bondelag utlyste kampanje til støtte for Malawi-prosjekt. Og premien, det var besøk av øvste leiar, Lars Petter Bartnes.

Karin Thauland og Tore Eik, frå Kvinnherad kommune, Lars Peter Thaule og Frøydis Haugen, frå Hordaland bondelag, var også invitert på besøk til Varaldsøy denne dagen.

Varaldsøy i tal

– Varaldsøy ligg inst i Hardangerfjorden, sa Trygve Kvamme, då han ønskte gjestene velkommen.

Øya er på 46 km2 og har 200 fastbuande. Her er store beiteressursar og mykje skog. Høgste toppen ligg 600 moh. Varaldsøy bondelag har 21 medlemmar.

– Det er ingen kamp om styreverva, for å seia det slik. Det går på odel, kommenterer Kvamme, til latter frå gjestene i bussen.

På øya er det 2 besetningar med ammekyr, 14 saueflokkar, 1 eggprodusent og 6 mjølkeprodusentar fordelt på 5 hentepunkt. Mjølkekvotane er frå 50.000 til 118.000 liter. Den største sauebesetninga er på 100 vinterfôra. Dei andre 13 er på 50 sauer eller færre. Småflokkane beitar heime for å pussa beite.

– Me MÅ ha beitedyr i inn- og utmarka, elles er kampen tapt, seier Kvamme.

Bøndene opplever å få aksept for jobben dei gjer med å halda dyr på beite og skjøtta kulturlandskapet.

– Dei helsar fint når me slår med ljå, men ikkje når me køyrer møkk, spøker Kvamme.

På sjøen har dei 4 matfiskanlegg og eit klekkeri.

Sau som beitepussarar

Nina Skjelnes overtok garden Lindeberg for to år sidan. Ho har 12 kyr, 80.000 liter mjølk og 200 dekar dyrka jord fordelt på fleire gardsbruk. Bonden har 25 vinterfôra sauer på garden. Sauer som skal hindra skog og kratt i å snika seg innpå beita.

Tek vare på kvarandre

Turen går til det dei kallar fjellgardane. Her er åtte bruk redusert til eitt.

– Du kan parkera i tunet. Her er ingen heime, han reiste nett med ferja, kommenterer Erling Skjelnes.

Gjestene i bussen flirer, men det er alvor bak spøk.

– Me er ikkje fleire her på øya, enn at me har kontroll. Sjølvsagt ikkje alltid ein fordel, men når det verkeleg trengst, då er me der for kvarandre, – så lenge det trengst, seier Trygve Kvamme, og får stadfestande nikk frå dei andre bøndene i bussen.

Kombinasjonsbruk

Samtalen går. Dei snakkar om kombinasjonsbruket som er så viktig for at dei skal overleva som bønder på øya. Det er totaløkonomien som er viktig. Dei må ha fleire bein å stå på og fordela risiko og gjeld.

– Me stritta imot då utviklinga gjekk mot spesialiserte produksjonar på 90-talet. Det var då me datt av. Ingen har lidd meir enn  Hordaland på grunn av det som skjedde, seier dei lokale bøndene.

No ser dei lyspunkt. Kombinasjonsbruk er på veg attende. Lars Petter Bartnes stadfestar tendensane til at landbruket utviklar seg mot meir mangfald, og ei betre utnytting både av menneskelege og naturgitte ressursar.

– Dersom rammene for jordbruksfrådrag vert innsnevra slik det er forslag om, står me i fare for å ta knekken på mangfaldsjordbruket. Eg er spent på korleis det vert handtert i statsbudsjettet. Det er svært viktig at eit breitt grunnlag for  jordbruksfrådrag blir vidareført, understrekar bondelagsleiaren.

Berre måtte heim

Bussen gjer eit nytt stopp. Denne gongen hjå Laila Haukenes og Terje Øye på Haukenes. I tillegg til sauedrifta, har dei inntekt frå hytteutleige nede ved fjorden,

– Det heng i hop. Sauene gir moglegheit for turisme og turistane gir oss fleire inntektskjelder på garden, seier Laila Haukenes.

Ho slår rundt 75 dekar, litt med vossakasse, litt med slåmaskin og litt med ljå.

Haukenes kallar seg sjølv for heimføing. Ho flytta frå øya då ho var 16, men var heime kvar helg.

– Eg måtte heim, fordi eg måtte heim, fordi eg måtte heim, skildrar bonden.

Giv i landbruket

Tore Eik frå landbrukskontoret, og Karin Thauland, næringsrådgivar i Kvinnherad kommune, er opptatt av å motivera og legga til rette for bøndene i kommunen. Fleire gardsbruk har vore gjennom eit generasjonsskifte. Yngre bønder tek over. Kommunen tek imot søknadar både om bygging og dyrking.

– Det er kjekt på landbrukskontoret om dagen, skryt Tore Eik.

Gjuvslandslia

Gjuvslandslia har eit variert natur- og kulturmiljø med ein av landets største førekomstar av barlind, og rike førekomstar av kristtorn. Eit område på rundt 200 dekar vart verna i 2000. I 2008 vart delar av området verna som Hordaland sitt utvalde kulturlandskap i jordbruket. Målet er å sikra langsiktig vern gjennom aktiv drift og skjøtsel.

Terje Aggvin fortel at dei har rydda mykje gran for å frigjera plass for barlind. Området vert skjøtta med tidleg vårbeiting, sein sommarslått og sein haustbeiting.

– Det er museumsdrift, med slåmaskin og stuttorv (kort ljå), kommenterer Aggvin.

Arbeidet vert støtta økonomisk gjennom prosjektmiddel. Det er heilt avgjerande for god skjøtsel, slik dei har gjort i hundrevis av år.

Imponert bondelagsleiar

– Dette var ein flott dag. Til vanleg må eg kommentera og stå til rette for politiske standpunkt. I dag kan eg berre nyta, sa ein nøgd bondelagsleiar.

Lars Petter Bartnes var imponert. Imponert over mangfaldet som landbruket representerer i område som Varaldsøy. Eit broderi av eit landskap, som han skildra det. Men ikkje minst var han imponert over samhaldet mellom bøndene.

– De vitsar med kvarandre som søsken. Det vitnar om solid venskap, at de tek vare på kvarandre, sa bondelagsleiaren, og takka bøndene på Varaldsøy.

– Ikkje for å snakka ned premien, men då me fatta vedtak om å løyva pengar til Malawi, var me ukjende med at det var ein konkurranse. For oss var det heilt naturleg å bidra. Bonde hjelper bonde, avslutta Terje Aggvin, og takka Bartnes for at han tok turen.