Helge Todnem, leiar av Randaberg Bondelag, er stolt av monumentet bondelaget har fått på plass.

Helge Todnem, leiar av Randaberg Bondelag, er stolt av monumentet bondelaget har fått på plass.

Randaberg Bondelag avduka jordvernsteinen i strålande sommarsol, i spedd kraftige mannrøster frå Randaberg mannskor, og 150 publikummarar i alle aldrar.

 

Jane Brit Sande
– Med å reise denne bautasteinen ynskjer me å heidre og seie takk til alle dei som med enkle midlar har dyrka opp matjorda vår, og me ynskjer fokus på at me ikkje må øydelegge meir av det som tidlegare generasjonar har strevd for, og fått til, sa Helge Todnem, leiar av Randaberg Bondelag, i sin tale under avdukinga av bautasteinen.
– Me er samla her for å ha fokus på vern av matjorda vår i denne kommunen, i jærregionen, og i heile landet, haldt han fram.

Stein frå garden

Bautasteinen blei grava fram då utmark skulle dyrkas opp. Todnem ville ikkje den skulle øydeleggast, men det skulle gå to år før han fekk ideen om eit monument for jordvern.
– Me snakka ein del om det i styret i bondelaget, at me burde gjere noko for å markera kor viktig vern av matjord er, minnest Todnem. – Då kom eg på denne steinen eg hadde liggande, den kunne brukast til dette.

Lokalt engasjement

Garden steinen er plassert på, Frøvoll Gard på Todnem i Randaberg, ligg heilt på grensa til to industriområde, Mekjarvik og Harestadvika, og ligg heilt på «40-årsgrensa» til Fylkesdelsplan for langsiktig byutvikling på Jæren.
– Eg har alltid sagt at turgåarar er dei beste jordvernarane. Står ein tursti i fare, om det er langs ei mark, i utmarka eller langs sjøen, seier dei klart ifrå. Derfor passer det ekstra godt at bautasteinen er plassert her på turstien som går over Todnem og Håfjellet, forklarar Todnem.
Todnem anslår at bautasteinen er nærare ti tonn tung, og fundamentet er på mellom tolv og fjorten tonn. Fleire lokale aktørar har bidrege med dugnadsinnsats i arbeidet for å få monumentet på plass.
– Entreprenør Steinar Kolnes har grava ut fundamentet, Rygg Maskin har reist steinen, og betong og anna for å fylle fundamentet har me fått av Ommund Todnem, fortel Todnem.
– Nokon lurte på om steinen berre stod i grusen, men det er mykje som held den på plass. Den blir vanskeleg å flytta, om nokon skulle prøve på det, smiler Todnem.

Storstilt avduking

Vêrgudane viste seg frå si beste side den siste søndagen i april, då avdukinga var heldt. Vel 150 publikummarar tok vegen til Frøvoll Gard denne dagen.
– Me hadde alle aldersgrupper presentert blant publikum, og både politikarar og folk frå Fylkesmannen i Rogaland var tilstade. Det var utruleg kjekt å sjå, fortel Todnem. Randaberg Mannskor song, og varaordførar Jarle Bø stod for avdukinga.
– Me håper fleire bondelag vil henge seg på, og sette opp eigne monument for å markere betydinga for vern av matjord, seier bondelagsleiar Helge Todnem.