Med ny forskrift, og dei klargjeringane som no blir gjort, vil tapa for dei som får påvist MRSA bli mindre. Foto: Torbjørn Tandberg

Med ny forskrift, og dei klargjeringane som no blir gjort, vil tapa for dei som får påvist MRSA bli mindre. Foto: Torbjørn Tandberg

På vegne av Landbruks- og matdepartementet sender Landbruksdirektoratet på høyring eit forslag til ny forskrift om erstatning etter offentlige pålegg i plante- og husdyrproduksjonen. Samanlikna med den forskrifta som gjeld i dag, blir satsane for erstatning for dyr auka med om lag 20 prosent. Det blir òg lagt opp til å auke godtgjøringa for eigeninnsats i arbeidet med smittesanering.

– Det er viktig at det er føreseieleg for bonden kva den offentlege erstatningsordninga omfattar. Med ny forskrift, og dei klargjeringane som no blir gjort, vil tapa for dei som får påvist MRSA bli mindre, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Landbruks- og matdepartementet har og sendt eit brev til Landbruksdirektoratet og Mattilsynet der departementet klargjer nokre punkter i praktiseringa av regelverket når det gjeld den antibiotikaresistente bakterien MRSA i svinebuskapar. Klargjeringa gjeld følgjande område:

Kjelde: Mat og landbruksdepartementet