Likar børsten: Billa har vore med bøndene frå båsfjøs til lausdrift med mjølkerobot. Ho likar tydeleg børsten. Foto: Espen Sand, Fædrelandsvennen

Mjølkekua Billa har vist kva ho er god for. På veggen i fjøskontoret henger diplomet for 100 tonn mjølk levert til meieriet.

Jane Brit Sande

Mjølkekua Billa vart tidlegare i vår heidra for å passera 100 tonn i totalproduksjon. 396 Billa er født 16.10.2008 og har ein avlsverdi på -23. Kua står i fjøset hjå Birte Usland og Oddgeir Steinberg i Marnardal i Lindesnes kommune.

– Billa er den einaste kua me har som er frå den tida då me fortsatt hadde båsfjøs, seier Oddgeir til Bondevennen. Nest eldste ku i flokken har nummer 481 og er født i 2012. Billa har opplevd litt av ei utvikling.

– I 2012 bygde me nytt fjøs med lausdrift og mjølkegrav, og i 2015 sette me inn mjølkeroboten. I sine første leveår var Billa også med på fellesbeite, seier Oddgeir.

Inseminering og GS-testar

Far til Billa er 10108, morfar er 5612. Kua har kalva åtte gonger, og ho har fått tvillingar to gonger. Ho var også tvilling sjølv.

– Billa var den minste av dei. Systera var ein del større, og fekk namnet Bolla, seier Oddgeir.

Billa er inseminert med kjønnsseparert sæd, og skal kalve 15. august.

– Me har nytta kjønnsseparert dei siste gongene me har inseminert, og dei to siste gongene har ho tatt seg på første forsøk. No ventar ho ein kvigekalv, seier Oddgeir.

Heider og ære: Oddgeir Stenberg fekk diplom og blomar for kua 396 Billa. Foto: Kari Lauvdal, Tine Kristiansand og Lindesnes produsentlag.

Tre kviger etter Billa er GS-testa. Avlsverdiane er på -4, -5, og den yngste kviga, født i mars 2019, har ein avlsverdi på 6. Far hennar er 11308.

Snille Billa

Billa blir karakterisert som ei snill og grei ku av bøndene.

– Ho er ei gammal dame, og me ser at ho føretrekk å legga seg i utkanten og sjå på alle sprella til dei unge damene. Ho rister nok litt på hovudet, seier Oddgeir.

Billa er kanskje eldst i flokken, men på ingen måte øvst på rangsstigen. Det lever ho godt med, skal me tru Oddgeir.

– Ho venter på tur, og er ikkje ei ku som kranglar, seier han. Billa har ein stor kropp, gode bein, og mjølkar godt. Bøndene er sikre på at ho et ein heil del grovfôr.

– Ho mjølker gjerne 40-50 liter mjølk til dagen, så ho skal heller få lov, seier Oddgeir.

Stikkord denne saka: , ,