Familien Rødset Øvrebust i sauefjøset. F.v. Johan, Carolus (13), Hilde, Martinus (10) og Sakarias (8).

Slitet til tidlegare generasjonar er ei arv ekteparet Hilde Rødset og Johan Øvrebust vil bere vidare, gjennom å gi nytt liv til gamle  tradisjonar.

Liv Kristin Sola

Det er ein kald og grå dag på Øvrebust i Stordal på Sunnmøre, men i huset til Hilde Rødset og Johan Øvrebust er det varme og tende lys. Gutane har fri og har lag i sofaen der dei driv med ulike spel. Mor og far har kaffi klar på kjøkkenet. Huset er pussa opp og bygd ut fleire gonger. Den eldste delen er ei tømmerstove frå 1800-talet. Her budde Johan sine besteforeldra fram til det siste.

– Huset har meir sjel enn stil, smiler Hilde.

Frå optimisme til avvikling

Johan mista faren tidleg. Han og Hilde overtok garden i 2002 etter Johan sine besteforeldre. Familien har satsa i ei bygd kor dei fleste andre vel det stikk motsette. Det gir somme fordelar, som tilgang til jord og beiteressursar. Ulempa er at landbruksmiljøet forsvinn, noko som fører til tap av fagleg og sosialt påfyll. Garden har støl i Langsætra sameige. Langsætrane er fellesnamnet for stølane Pusken og Kvitlane. Stølane har historisk interesse og var truleg dei største samla seterstølane som har vore i drift på Vestlandet. I dag er området utbygd med hytter og er ein populær utfartsstad, blant anna for folk frå Ålesund. På 1980-talet var bygda prega av optimisme.

– Femten mjølkebønder gjekk i lag og dyrka 200 dekar på Langsætrane og bygde eit fellesfjøs med 2×8 fiskebein mjølkegrav. På det meste mjølka dei hundre kyr på stølen, minnast Johan.

Fellesfjøset er ikkje lenger i bruk. Beiteområda har vore nytta til sinkyr, kastratar og sau. Optimisme er snudd til avvikling.

– Mange har flytta frå bygda og leiger vekk jorda, men ingen sel eit gardsbruk som har rettar, både til skog, jakt og laksefiske, konstaterer Johan.

 

Huset er bygd på og om i fleire omgangar. Den eldste delen er ei tømmerstove frå 1800-talet. Sauefjøset stod nytt i 2014 og har plass til 250 vinterfôra sau, men rommar i dag 160.

Aktiv drift

Garden var eit tradisjonelt vestlandsbruk med fleire produksjonar der mjølk var bærebjelken. Sauen vart historie på slutten av 70-talet. Mjølkeproduksjonen vart avvikla før Hilde og Johan overtok. Dei gamle driftsbygningane stod til nedfalls.

– For oss var aktiv drift ein del av valet med å overta. Både for vår eigen del, men ikkje minst for gutane sin del, seier Hilde.

Johan nikkar. Valet stod mellom sau og storfe. Med minner frå oppveksten, var Hilde ein sterk pådrivar for å satse på sau. Det heile starta med to gimrer. Den tomme plansiloen vart bygd om til sauefjøs og buskapen auka til sytti vinterfôra sau. I lamminga måtte dei ty til avlasting i ein stålhall.

– Lamming i eit overfylt fjøs er ikkje eit alternativ for oss, slår Hilde fast.

I august 2014 vart det nye fjøset innvia med bryllaupsfest og nær 100 gjester til bords.

Bryllaup i fjøset

Etter eit tiår i gamalt og tungdrive fjøs bestemde bøndene seg for å satse nytt og større.

– Me brukte lang tid på å planlegge og tenke ut fleksible løysingar som kunne effektivisere kvardagen, seier Johan.

Byggeprosjekt, bryllaupsplanar og lamming gjorde våren 2014 spesielt hektisk. At Johan vart sett ut av spel i tre månadar etter å ha kutta fingeren under eit keisarsnitt, kunne sett ein effektiv stoppar for framdrifta.

– Takka vere familie, gode vener og naboar, gjekk det bra, skryt Hilde.

Fjøset stod klart til bryllaupsdagen 14. august. Med stor innsats frå kreative veninner vart sauefjøset forvandla til eit festlokale med nærare hundre gjestar til bords.

Mykje eigeninnsats

Kaldfjøset på 12×32 meter har kapasitet på 250 sau fordelt på fire bingar på 70 m2. Buskapen tel i dag 160 søyer og påsettlam.

– I teorien, er grupper på tjue sauer optimalt. Vår erfaring er at større flokkar fungerer godt så lenge dei har romsleg med plass og fri tilgang til grovfôr, seier Hilde.

Med lettgrinder kan dei dele av inntil førti lammingsbingar. Drikkeniplar er montert for kvar meter langs fronten, slik at alle  lammingsbingane har tilgang til temperert vatn.

Skissa av fjøset teikna dei sjølve. Veggene er 3,20 meter høge med ståande kledning hogd i eigen skog, skorne på sagbruket til Johan sin onkel.
– Det vart mange timar med hogst og saging, kommenterer Johan.

Tømrarar sette opp stenderverk og takstolar. Asfaltplater stiver av veggane, og plastplater dekker nedste del av innvendige veggar. Heile golvet er av strekkmetall på rammer av treverk frå eigen skog. Dragarar av limtre og pilarar for kvar sjette meter. Gjødsellageret har ei fordjuping i midten mot ein av portane, slik at røring og pumping av gjødsla vert gjort med traktordriven pumpe gjennom ein av dei fem portane på bygget.

 

Islandshekken har dei bygd sjølve. Den rommar tre rundballar som kan leggast inn frå porten i sida. Ein du kan rullast ned og held sauene vekke frå fôrbrettet medan dei fôrar. Etterkvart som det minkar på fôret, vert den bevegelege fronten skyvd innover slik at dei får tak i fôret.

Enkel fôring

Innreiinga har dei snekra sjølve.

– Ikkje moderne, men funksjonelt, seier Johan.

Bortsett frå frontane, er dei to Islandshekkane heimesnekra. Flata på 5×1,5 meter rommar tre rundballar, som vert plassert med  traktor frå utsida gjennom høge skyveportar. To bingar deler ein fôrhekk. Fronten kan skyvast inn mot midten av fôrbrettet slik at sauene alltid kan nå fôret. Kraftfôrtildelinga skjer individuelt frå kraftfôrautomatar.

– Sauene har fri tilgang til grovfôr. Det er difor ikkje naudsynt med ein eteplass kvar, forklarer Johan.

– Dyra finn sin dagsrytme og me kan bruke meir tid til å sjekke at dyra er oppegåande og friske, seier Hilde.

Under budsjett

Kostnadsoverslaget var på 2,4 millionar, inkludert 1569 timar eigeninnsats til 300 kroner timen. Ein verdi på 470.000. Innleidd tømmerarbeid kosta 180.000 kroner. Prislappen på dei to kraftfôrautomatane kom på til saman 250.000. Innovasjon Norge støtta med tjue prosent av totalkostnaden. Resten klarte dei med oppsparte midlar og driftskreditt.

– Me tømte heile sparegrisen, smiler Johan.

Faktisk kostnad vart rett over to millionar. Utan oppsparte midlar hadde reknestykket vore heilt annleis. Underskot på sauekjøt i 2013, samt tilskot frå Innovasjon Norge gjorde det lettare å ta avgjersla om å investere i nytt sauefjøs. Ikkje lenge etter at dei tok fjøset i bruk, kom overproduksjon av lammekjøt og slakteprisane vart noko heilt anna enn dei vart førespegla under planlegginga. Planen var å auke til 240 sau innan fem år, men no revurderer dei planane.

– Med 160 sau har me god plass i lamminga og betre kontroll på smittepress og andre utfordringar som aukar med auka dyretettleik, seier Hilde.

Utan beitedyr vil beiteområdet rundt Langsætrane gro att.

Kontroll på vekt og tilvekst

Mor til Johan er til god hjelp i lamminga og ved andre arbeidsoperasjonar.

– Når lamminga tek til 15. april, flytter ho inn i fjøset. Verdens beste svigermor, seier Hilde.

Bøndene registrerer fødselsvekt, vårvekt og haustvekt. Vårvekta i 2017 for 300 lam var i snitt 25 kilo, og dagleg tilvekst var 320 gram om våren. Tilvekst haust er rundt 200 gram per dag.

– Vårvekt indikerer søya si mjølkeevne og seier noko om kvaliteten på vårbeitet, seier Hilde.

Johan har bygd om vekta og montert på ei Led-vekt frå Lindholt data. Elektronikkboksen overfører data direkte til sauekontrollen.

– Vekta kan til og med snakke. Den gir nummer og vekt på dyret, og seier frå når vekta er registrert, forklarer Johan.

Sauer og lam vert sende på fjellbeite i midten av juni. Tilveksten på fjellbeite har vore svakare enn ønskjeleg dei to siste sesongane.

– Truleg vert dyra gåande for lenge på svake heimebeite. Det svekker nok mjølkeevna til søya, seier Hilde.

Svært få søyer går med meir enn to lam, noko som resulterer i rundt femti kopplam. Kopplamma får mjølkeerstatning, kraftfôr og silo inne til langt uti juni.

– Lamma vert meir motstandsdyktige når dei er litt større før dei kjem ut, erfarer Hilde.

Førti prosent av lamma vert slakta rett frå fjellbeite. Lammetalet er på 2,5 levandefødde og 1,9 slakta per søye. Slakteoppgjeret viser 100 lam i klasse R+. Resten stabiliserer seg rundt R, med nokre lam i O+. Før utvidinga låg dei på topp i ROS-analysen. No er dei rundt middels, men har mål om å klatre høgare.

– Målet er å nå R+ i klassesnitt, innrømmer bøndene.

 

Det er plassert drikkeniplar for kvar meter langs heile fronten. Dermed kan dei dele inn i førti lemmingsbingar som alle har tilgang til reint vatn. Johan har bygd om vekta og montert på ei Led-vekt frå Lindholt data. Elektronikkboksen overfører data direkte til sauekontrollen.

Lite miljø

Stordal sau og geit har fem medlemmar. Miljøet er for lite til å ha ein eigen verering, så bøndene kjøper indeksverar frå andre ringar. Dei kårar også eigne verar som dei vil selje. Bein, kjøttfylde og vårvekt er viktig når dei vurderer påsettlam. Lamma må vere store slik at dei taklar to lam første året. Haldbare søyer med gode bein er viktig i avlen.

– Den eldste søya er fødd i 2009 og har hatt 17 lam, fortel Johan.

Arven frå åttitalet

For familien er Langsætrane ein moglegheit til å realisere ein ny draum. På eit seminar om gamle norske storferasar møtte dei Nils Drabløs, kjend for sin entusiasme for vestlandsk fjordfe.

– På Sunnmøre hadde bøndene ein variant av fjordfe, kalla grått mørefe, fortel Johan.

Møtet med Drabløs resulterte i fire fjordfe oksekalvar. Kalvane vart kastrert og sende på fjellbeite. Seinare har det blitt fleire kalvar. No har dei fem drektige kviger som skal kalve til våren. Kjøpet av desse var mest på impuls. Hilde og Johan ser på kvarandre. Dei angrar ikkje.

– Fellesfjøset på setra forfell, jord og beite gror att om ikkje talet på beitedyr aukar, seier Johan.

Paret har kjøpt ut dei andre eigarane og fått kontrakt om langtidsleige av fellesbeitet. Dei har gått på ystekurs i Aurland i Sogn og Fjordane, og søkt om utviklingsmidlar for å bygge om delar av fjøset til ysteri. Utan mjølkekvote må dei foredle mjølka sjølve. Går alt etter planen, starter dei prøveproduksjon sommaren 2019.

Marknaden rett utanfor stølsdøra

Dei opplever auka merksemd for kulturminna i fjellet, med gamle seterhus, lødde steingardar og beitemark. Tanken på å formidle seterkulturen og vidareutvikle tradisjonell foredling av råvarer er det som driv dette prosjektet.

– Me satsar fordi me har lyst, ikkje fordi me trur det er så smart økonomisk, seier Hilde.

– Me får sette vår lit til storkapitalen frå Ålesund, fleiper Johan, og viser til at Langsætrane er eit populært turterreng for byfolk,  spesielt på vinterstid.

Ekteparet ønsker å bygge opp att satsinga som bygdefolket gjorde for førti år sidan, då optimisme dominerte landbruket i bygda.

– Men dette kunne ingen av oss gjort som eit solo-løp, konstaterer Johan.

 

Vestlandsk fjordfe er siste tilskot til drifta. Dei er framtidsdraumen om å yste av eiga mjølk i fellesfjøset på stølen.

 

Dei tre brørne Martinus, Sakarias og Carolus lærer mykje av å vekse opp på eit bruk med dyr.

Tradisjonsberarar

Johan sa opp jobben og satsar no fulltid på gardsdrifta. Han tek litt skogsarbeid, presser rundball for andre, og tek nokre vakter for tidlegare arbeidsgivar.

– Det merkast at ei inntekt er vekke, men bonusen er middag på bordet og at gutane er ferdig med leksene når eg kjem heim frå jobb. Hilde smiler nøgd.

– To vekers ferie er ikkje aktuelt slik me har det no. Men heile familien bruker tid i lag på gardsdrifta og gutane våre får lære seg mykje meir enn mange andre på deira alder, seier Hilde.

Johan nikker. – Det valet tok me då me velde å satse på garden.

 

 

 

Hilde Rødset og Johan Øvrebust, og gutane Sakarias (8), Martinus (10) og Carolus (13), driv med sau og storfe på Arnegarden i Stordal kommune, Møre og Romsdal. Familien eig femti dekar dyrka jord, og disponerer totalt 250 dekar, 120 dekar kulturbeite og nesten uavgrensa fjellbeite.

Hilde har full stilling som lærar ved Stordal skule. Johan sa i haust opp jobben hjå bedrifta Fjordlaks for å satse fulltid som bonde. I 2014 bygde dei nytt sauefjøs med kapasitet på 250 vfs. No ønsker dei å ruste opp fellesfjøset på  Langsætrane og på sikt yste av mjølk frå eigne kyr av vestlandsk fjordfe.