Toppar på sosiale media: Sogn og Fjordane Bondelag er svært synlege på sosiale media, og vert løna med det desidert høgste talet på følgjarar, blant anna på Facebook, fortel Elisabeth Sæther frå Norges Bondelag.

Det viktigaste tiltaket mot feilinformasjon om landbruket på nettet, er å sjølv bli meir synlege i debatten, meiner Elisabeth Sæther frå Norges Bondelag.

Liv Kristin Sola

I årsmøtetalen sin oppmoda fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, til å seie tydeleg ifrå om at raudt kjøtt ikkje er ein klimaversting. Bønder må få fram at matproduksjon basert på fotosyntesen er noko heilt anna enn utslepp frå fossile energikjelder.

– Vi må auke kunnskapen hjå forbrukarane og gjere dei meir bevisst på å velje norsk mat. Her har vi ei viktig oppgåve som vi alle må ta på alvor, sa Felde.

Silje Åsnes Skarstein, Loen Bondelag, prioriterer mykje tid til å diskutere på facebook, blant anna med veganarar. Ho merka seg fylkesleiaren si oppmoding, og etterlyste ei klarare og meir eintydig stemme frå landbruket.

– Vi treng eit felles bodskap og kome med. Eg saknar ein stad der vi kan finne det vi treng for å vere meir samstemt i det vi formidlar om landbruket på sosiale media, sa Åsnes Skarstein. Ho fryktar tilstandar som i Sverige, med trakassering og hets mot bønder, om næringa ikkje står meir samla om eigen bodskap.

Silje Åsnes Skarstein, Loen Bondelag

Knusande overlegne

Elisabeth Sæter frå Bondelaget si kommunikasjonsavdeling, var invitert til årsmøtet for å snakke om korleis landbruket kan bli meir aktive influensarar, altså påverkarar av debatten. Informasjonsrådgivaren minna om at landbruket har noko heilt unikt.

– Folk elskar kvardagen vår. Vi handterer alt frå store maskinar til små søte dyr. Vis det fram – bli ein «influensar», oppmoda Sæther.

Ho oppmoda bønder som kan tenke seg til å invitere kritikarane heim, om å gjera nett det. Slik kan kritikarane dine betre forstå kvardagen din og bli kjent med deg.

– Vi får ein mykje meir konstruktiv debatt mellom folk dersom dei kjenner kvarandre og respekterer kvarandre, sjølv om dei er grunneleggjande usamde i sak, sa Sæther.

Sæther kunne elles presentere ei gladmelding: Sogn og Fjordane Bondelag er overlegent det fylkeslaget som engasjerer mest i sosiale mediar.

Fylkeslaget har med god margin passert 5000 følgjarar på facebook. Neste fylke på lista er Hedmark med kring 4000 følgjarar. Dei tre neste er Oppland, Telemark og Sør-Trøndelag som alle har passert 2000 følgjarar.
Det er ikkje tilfeldig. Anders Felde, presentert som landets mest kjende fylkesleiar, står i spissen for engasjerte bønder som byr på seg sjølve og nyttar alle tenkeleg høve til å profilere vestlandsbonden og norsk mat.

– Fortsett med det de gjer, berre gjer enda meir, sa Sæther, medan årsmøtedelegatane applauderte eiga innsats.