I eplehagen: Plantelærar Olav Arnar Bøe, ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, fortel fagskulestudentane korleis epletrea skal skjerast for å få god avling. Dei komande agroteknikarane er inne i sitt siste semester.

Med ein miks av teori og praksis, tradisjonar og ny kunnskap, vert landets første kull av fagskulestudentar innan økologisk landbruk uteksaminerte denne våren.

Tekst og foto: Anne Rivenes, frilansjournalist Voss

– Ja, det vil seia, me har ikkje eksamen. Me har i staden oppgåver som skal godkjennast gjennom heile studiet. Det er ei fornuftig ordning, for eg trur me lærer betre gjennom å arbeida grundig med stoffet enn å lesa mykje til eksamen, seier Christin Kjølseth. Ho er ein av ti studentar som til våren kan kalla seg agroteknikar i økologisk landbruk, etter eit toårig deltidsstudie ved Fagskolen Innlandet, med studiestader Hvam videregående skole og Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

Kjenner plikt til å læra

At Christin skulle ta høgare yrkesutdanning innan landbruk, var langt ifrå sjølvsagt.

– Eg er ingeniøren som hoppa av oljebransjen. Eg kjenner meg forplikta til å vera med å arbeida for at framtidige generasjonar kan overleva på planeten, seier Christin Kjølseth.

Ho deltek i andelslandbruk i Asker, der ho dyrkar gulrøter, og prøver ut metodar i regenerativt landbruk. Korleis desse metodane påverkar plantene og jorda er tema for hovudoppgåva ho skriv som del av agroteknikar-utdanninga.

Pengar, planter, jord og dyr

Fagskulestudiet i økologisk landbruk har fire hovudtema. Plantelære, husdyr, økonomi og jord. Og særleg det brennaktuelle temaet jordfruktbarheit er noko som opptek fagskulestudentane.

– Når me veit at 30 prosent av fruktbar jord er til dels øydelagt, ser ein at dyrkingsmetodane har vore utfordringa, og det hjelper ikkje lenger å pøsa på med kunstgjødsel. Det ein såg på som ny tenking, har vist seg å vera kortsiktig tenking. Me må bruka andre metodar, og det er det me lærer her. Me må byrja å fokusera på kva som er i jorda. Det er der svaret ligg, meiner Christin Kjølseth.

Vaksne og motiverte studentar

Det er Fagskolen Innlandet som organiserer fagskulestudiet Økologisk landbruk. Utdanninga er eitt-årig (60 studiepoeng), men blir gjennomført som deltidsstudium over to år, med ti samlingar i året på studiestadane Hvam vgs (Nes i Akershus) og Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

– Fordelen med to studiestader er at me utfyller kvarandre, seier Bjørg Fritsvold, teamleiar for fagskulen i økologisk landbruk.

Skulane ligg i kvar sin landsdel, der det er naturleg med ulike produksjonar. Hvam har til dømes korn og potet, og Aurland har hagebruk, grønsaker, frukt og bær. Økonomi og husdyr har begge studiestader god kompetanse på.

Plantelære: Nathaniel Platt Mead underviser dei komande agroteknikarane i planteoppal, altså forkultivering inne før utplanting, med ulike jordblandingar. Foto: Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Naturbruk eller landbrukspraksis

Til hausten startar eit nytt kull, og opptaket skjer i vår. For å bli fagskulestudent i økologisk landbruk, er kravet naturbruk eller liknande frå vidaregåande eller yrkeserfaring frå landbruk. Studiet gjev ei yrkesfagleg, høgare landbruksutdanning, med praktisk tilnærming. Fagskulen har som mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar og rådgjevarar som deltek aktivt i planlegging og produksjon av økologisk mat.
Dei ti studentane i det aller første kullet, er ei vaksen gruppe med mangslungen bakgrunn, og sterk interesse og motivasjon for studiet.

– Når me møtest er det mange innspel og spørsmål, så det blir gode diskusjonar. Det er ingen som har heile fasiten, men me kan læra mykje av kvarandre, meiner Petter Tærud frå Eidsvoll, ein av dei som i vår kan kalla seg agroteknikar i økologisk landbruk.

Bra med høgare yrkesutdanning

Ein gong i månaden samlast studentane to-tre dagar anten på Hvam eller i Aurland. Der får dei førelesingar og praktiske oppgåver med faglærarar innan ulike felt. Denne samlinga i Aurland er nummer 19 av i alt 20, og no handlar det mellom anna om fruktdyrking og skjæring av epletre.

– Første spørsmål du stiller før du byrjar å skjære, er kva vil eg med treet? Deretter er prinsippa å fjerne sjuke og skadde greiner, opne opp for ljos, redusera fruktmengda slik at du får større eple, stimulere til skotvekst og fornying, forklarer plantelærar Olav Arnar Bøe.

Han tek teoridelen inne i klasserommet, før han slepp elevane laus med saks og sag i skulen sin frukthage.

Jordblanding: Godt modna kompost er ein sentral del i jordblandinga som skal brukast i planteoppal. Fagskulestudentane lærer om alt frå jord og gjødsel til planter, dyr og gardsøkonomi. Foto: Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Finn svar i fruktbar jord

– Med dei utfordringane me har i dag, treng me meir og ny kunnskap. Det betyr også å henta fram att gamal kunnskap, metodar som har fungert godt i tidlegare tid, seier student Petter Tærud.

Han skal overta slektsgard på Eidsvoll, og vurderer å driva både besøksgard og andelslandbruk. I hovudoppgåva på agroteknikar-studiet jobbar han med kompostering. Han ser på kva som må til for at gjødsel skal bli hummus og fruktbar jord.

– Før eg byrja på dette kurset, var jord jord. No ser eg at det er eit langt vidare spekter, med levande vesen, og det er langt meir spennande.

Stikkord denne saka: ,