Masse ugras: Ugrasproduserande felt, som dette offentleg eigde arealet, skapar utfordringar for Aase.

Bjørn Aase sine kjelver blir bombardert av ugrasfrø frå veg- og sykkelstikantar og utbyggingsområde som ligg på vent. – Kvifor er det ingen som tek ansvar og fjernar ugraset, undrar han.

Sjur Håland

I følgje NIBIO sitt Plantevernleksikon er kvar høymoleplante utstyrt med i snitt 9000 frø. Frøspiringa er rekna som svært god, sjølv om frøa ligg på jordoverflata. Bjørn Aase, på Åse i Sandnes, ønskjer å halde enga rein for høymole og anna ugras. Det er alt anna enn lett når naboområda no sist i juli bognar av særleg høymole.

To rundar er nok

– Det er ikkje så mykje som skal til, berre eit par rundar med eigna kuttereiskap i løpet av vekstsesongen hadde vore nok for å hinda frøspreiing, seier han.
Det er bustadutbyggarar som eig dei mest ugrasinfiserte områda, men kommunal eigedom og vegvesenet har også sitt å svara for. Bjørn Aase undrar over den manglande ugraskampen.
– Ein ting er at eg som bonde får store utfordringar med grasdyrkinga, men eg lurar på om utbyggarane tenker at framtidige huseigarar får hagejord infisert med ugrasfrø som kan spira sjølv om dei har lege årevis i jorda. Eg ville ikkje hatt ein slik hage, seier han.

Ugras: Eigedommen til Bjørn Aase grensar til eit utbyggingsområde som ligg «på vent». Her får ugraset veksa fritt.

Må sprøyta jamleg

Bonden, som driv med sau og brukar jorda til fôrdyrking og beite, merkar godt smittepresset.
– Ja, eg må gå med ryggsprøyta jamleg gjennom sommaren for å halda arealet mitt nokolunde fritt for særleg høymole. Dette burde vore unødvendig.
Han har prøvd å få kontakt med utbyggarane, men opplever det vanskeleg å finna fram til dei som har ansvaret for tomteområda som ligg på vent.
– Eg har oppfatta det slik at det er grunneigarane sitt ansvar, og at dei har plikt til å halda områda frie for ugras.

Pliktar å stella arealet

Aase held fram at ugraskamp i eng og beite handlar om fôrkvalitet og økonomi. I tillegg har han som søkjar av produksjonstilskot, plikt til å stella kulturlandskapet.
– Me risikerer trekk i areal- og kulturlandskapstilskotet om ikkje areala blir skikkeleg stelt. Då er det eit paradoks at naboane slepp unna med å la ugraset veksa vilt.

FYLKESMANNEN:

Driveplikt på regulert areal

– Det er driveplikt etter jordlova på jordbruksareal, også om arealet er lagt ut som byggeområde i arealplan og eigd av utbyggar eller kommune, påpeikar assisterande landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Rogaland, Anfinn Rosnes, som uttalar seg på generelt grunnlag og ikkje til det konkrete tilfellet hjå Bjørn Aase.
Rosnes understrekar at driveplikta gjeld uansett storleik, men det må vera logisk at arealet må kunna drivast.
– I driveplikta ligg at det skal vera «vanleg jordbruksdrift», altså ikkje berre ugras, poengterer han, og legg til at det ikkje er stilt krav til driftsform.
Kommunen er i følgje landbruksdirektøren førsteinstans for å følgje dette opp, dersom kommunen er eigar blir det fylkesmannen. Jordlova heimlar tvangstiltak om driveplikta ikkje blir følgd opp.
– Denne driveplikta etter jordlova vil jo ikkje gjelda på offentleg areal langs vegar og i friområde, men her det jo fleire andre gode grunnar til klypping og stell av vegetasjonen, seier Rosnes.

Om høymole:

Høymola står standhaftig og rakrygga i enga på Vestlandet. Ho klarar seg alltid; overlever og trivst i både godt og dårleg ver, og ho syner godt igjen i eng med legde. I år har ho fått ekstra god tid på seg til å utvikle seg godt, og kanskje også fått frøa seg i seint hausta eng. Når vi ser høymola på sitt beste, så kan vi tenkje at her har ho vunne, og vi har ingen middel å setje inn mot ho! Faktum er at høymole er det ugraset vi har flest gode, kjemiske middel mot.
Dag-Arne Eide, NLR Vest