myra

Varmen frå myra av Sjur Håland ISBN: 9788299902151 Forlag: Ueland historiske forlag

Når vi ein sommardag køyrer over det grøne Jæren, tenkjer dei færraste på at torvmyrane har vore avgjerande for liv og lagnad for jærbuen i meir enn 2000 år –  like opp til vår tid.

Varmen frå myra – torvskjering på Jæren, er skriven av forfattar og journalist, Sjur Håland, frå Varhaug på Jæren.  Boka er gitt ut av Ueland historiske forlag, i samarbeid med historielaga i Klepp, Time, Hå og Time bygdemuseum.

Ei lang tidsline

Håland teiknar det store biletet ved  å trekka tidslina tilbake til yngre bronsealder, 1100-500 år f.Kr. Alt på denne tida var det meste av skogen rydda på Låg-Jæren.
– Om det minka på veden baud myrane på rikeleg av brenne, skriv Håland.
Vi blir minna om at frå førhistorisk tid og fram til tida etter andre verdskrig, var torva grunnlag for at folk kunne leva og bu på det skoglause Jæren. To sitat i boka understrekar torva sin verdi:
«Det er vondt nok med høyet, men det er endå verre med torvet. Sukkande jærbu etter ein blaut sommar.
Varmen er viktigare enn mat. Bonde frå Ogna som hadde knapt med ved og torv.»

Brei tilnærming

Faktagrunnlaget i boka famnar vidt. Vi får kunnskap om alt frå biologiske prosessar i myra til ei brei innføring om reiskap, torvskjering, turking og bruk av dette livsviktige produktet. Torva er ein uløyseleg del av kulturhistoria på Jæren. Etter kvart blei torva også nytta som energi til den framveksande industrien. Teglstein og teglpanner, turking av korn og meieridrift, alt var i si tid avhengig av energien frå torva. Boka har ein brei omtale om energikrisa under dei to verdskrigane. Då var uttaket av torv større enn nokon gong.

Det folkelege

Sjur Håland er på det beste når han skildrar folkelivet rundt torvonna, som kom like etter våronna. Forfattaren har intervjua ei rekke jærbuar som var med på torvskjering i barneåra. Livet på torvmyrane var eit slit utan ende, men hadde også mystikken og kjærleiken ved seg.
I målarkunsten og i litteraturen
Det er ikkje til å undrast over at eit arbeid som handlar om liv eller død, har funne sin plass i kunstmålinga. Boka  er rikt illustrert og presenterer bilete frå kunstnarar av lokalt og nasjonalt format, blant andre  Kitty L. Kielland. At Arne Garborg, ved fleire høve, er sitert, løfter boka. Sitatet frå Haugtussa er som hogd i stein, når Garborg skildrar;

Til deg, du hei og bleike myr
med bukkeblad,
der hegre stig og heilo flyr,
eg gjev mitt kvad.

Forfattaren Sjur Håland har gitt ein historisk dokumentasjon av levd liv over eit tema som var avgjerande for busettinga i fleire tusen år på det trelause Jæren. Faktagrunnlag, skildring av kvardagsliv og samtalar med dei siste som fekk oppleve «torvkulturen»,  knyter fortid til nåtid og gir identitet til dei som høyrer til på den store flata, «der hegre stig og heilo flyr».