På bilete ser vi det nye styret i Rogaland bonde og småbrukarlag fra venstre, Tormod Omdahl, Nils Melbøe, Geir Aksdal, Ingvild Sønstabø og Torbjørn Norland saman med leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag Merete Furuberg.  Foto: Vivian L. Huglen

Laurdag og sundag var Rogaland Bonde og Småbrukarlag samla til årsmøte i Stavanger. Leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag var med på møtet og kunne gi utsendingane frå heile Rogaland den gledelege nyheten at organisasjonen er i vekst for tredje året på rad.

Innsendt av Rogaland Bonde og Småbrukarlag v/Stig A. Helgesen

Laurdagen var sett av til eit landbrukspolitisk møte der utvikling i norsk og internasjonalt landbruk og korleis få flest mogleg bønder med vidare, var tema.
Det var innleiingar av næringspolitisk fagsjef i Norske Felleskjøp Ole Nikolai Skulberg, fagsjef i Tine rådgiving Harald Volden og Leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag Merete Furuberg. Lokale politikerar var også med. Sundag var det informasjon frå Inovasjon Norge, og nyvald leiar i Rogaland Nei til EU Leiv Olsen informerte om TISA og TTIP avtalane.
Eit engasjert årsmøte vedtok fleire uttalar. Motstand mot innføring av krav om lausdrift i mjølkeproduksjonen frå 2024 og kravet om styrka jordvern er mellom dei sakene som Rogaland Bonde og Småbrukarlag vil fortsetta å arbeida med. I tillegg pågår det i desse dagar ein aksjon som krev ein ny landbrukspolitikk i Norge. Målet er ein landbrukspolitikk tufta på norske areal og norske ressursar. Arbeidet med dette starta på landsmøtet til Norsk Bonde og Småbrukarlag hausten 2015. Rogalandsbøndene ga full støtte til aksjonen og det var fokus på å skapa breie alliansar i samfunnet for å nå dette målet.

Nils Melbøe frå Sandnes vart attvald som leiar, nye i styret vart Svein Magne Skadsem frå Sandnes og Geir Aksdal frå Tysvær og Bokn. Torbjørn Norland fråStrand vart attvald for 2 år, Tormod Omdal frå Bjerkreim, Sofie Eckhoff Gjermestad frå Eigersund og Lena Sofie Time Lundberg frå Hjelmeland vart valde som varafolk for ett år. Frå før sit Ingvild Sønstabø frå Tysvær og Bokn, John Olav Stangeland frå Sandnes og Lise Brunborg frå Stavanger i styret.