Medan klassekameratane gjekk heim siste skuledag før påskeferien, klar for meir enn ei veke med fri, hadde Thea (7,5) og Heidi (10) Skårland tankane heilt andre plassar.

 

Det var ikkje fri Thea og Heidi tenkte på, dei var på veg heim for å bruke påskeferien i sauefjøset. 87 lemmingsklare søyer var fordelt i ulike hus og bingar, listene var klare, og nudlar var kjøpt inn og låg i hyllene på kontoret. Her ein serie med bilete frå då Bondevennen var på besøk i sauefjøset. I vekas nummer av Bondevennen får du lese meir om dagane som lemmingssjefar.