HØYR!

Brøyt veg for mjølkebilen

25. november 2022

Det siste me vil er å koma borti uhell.

Set opp snøstikkene langs gardsvegen og klipp greinene på trea langs vegen nå før vinteren kjem, oppmodar Tine-sjåfør Jone Birkeland.

Sjur Håland

Han ber også om at bøndene sjekkar at stikkrennene er opne slik at ikkje overvatn frys til is. At bakken opp til tunet og snuplassen er strødd kan vera avgjerande på glatt føre. Då nyttar det ikkje med frosen strøsand.

– Eg vil rå bøndene til å lagra strøsanden frostfritt, eller bruka strøsand blanda med salt, seier Birkeland.

Mjølkebilen skal fram til garden din. Uansett vêr og føre. Birkeland seier dei fleste gjer ein god jobb med å leggja til rette for mjølkebilen. Men at andre har forbetringspotensial.

– Hugs at eit snøras frå løetaket over tankrommet kan vera katastrofalt om det treff ein person.

Vinterlandet Norge kan vera vilt og krevjande for dei som skal fram til gardsbruka ute i distrikta for å henta mjølk. Om sjåførane vurderer køyreforholda til å ikkje vera forsvarleg vedlikehalde med omsyn til snø og is, er dei pålagde til å setje igjen mjølka.

– Det er viktig at bøndene under brøyting tek omsyn til at tankbilane er breie og treng godt med plass, særleg på vinteren, og ikkje minst der me skal svinga eller snu. Prøv også å rydda vekk ting som lett kan koma i vegen på snuplassen, som rundballar eller parkerte bilar.

Birkeland har køyrt Tine-bilar i snart 20 år. Han køyrer for tida i Bjerkreim, Egersund og Sirdal. Den treaksla tankbilen er 2,5 meter brei med ein tank som rommar 14.000 liter.

– For å koma fram har eg ofte måtta køyrt på nedsnødde gardsvegar og utan snøstikker. Det er vanskeleg å vita kor vegen er dei verste dagane, særleg når det er mørkt i tillegg. Ver så greie og brøyt vegen før me kjem til gards, seier han.

Nokre gonger er det naudsynt å ta på kjettingar på hjula.

– Det gjer me sjølvsagt når me må. Men det er ikkje slik at me kan ha dei på over lange avstandar. Dei må av og på. Då går det på tida om me skal nå siste bonden på ruta før mjølketid om kvelden.

Når greinene på trea langs gardsvegen blir tunge av snø, kan dei koma i vegen for lastebilen.

– Ein hardfrosen brøytekant eller ei grein som stikk ut er meir enn nok til å få skadar på plastdeksla på bilen.

Birkeland er glad for den moderande bilparken til Tine.

– Me sjåførar er redde for bilane og passar godt på dei. Det er også i Tineeigarane si interesse. Det er til sjuande og sist bøndene som eig bilane våre.

– Gruer du deg til vinteren?

– Nei. Men eg har stor respekt for vinterføret. Det siste me vil er å koma borti uhell, seier Birkeland.