Tar siste stikk: Brunbia, vårt minste husdyr, vinn no beiteretten framfor dei andre honningbiartane Krainier og Buckfast på Jæren. Foto: Istock

Sinte bier av blandingsrase er hovudgrunnen til at Jæren birøktarlag vil gjera området sitt til reinavlsområde for den truga norske brunbia.

Bothild Å. Nordsletten

Med overveldande fleirtal avgjorde Jæren birøktarlag på årsmøtet 28.november å gjera opplandet sitt til reinavlsområde for brunbia. Går alt etter planen vil området frå Rennesøy i nord til Egersund i sør innlemmast i reinavlsområdet som sidan 1987 eksisterer i Dalane.

– Eg er veldig glad, seier Sylvi Slettebø, som har røkta bier og avla dronningar i Bjerkreim i 21 år.

– Dette kan bli det største reinraseområdet i Europa. Det blir enklare å oppnå, og å halda på, avlsframgang på dei eigenskapane me ønskjer, slik som svermetreigheit (at dronninga ikkje forlet kuba med bifolket sitt, red.meld) og snille bier, seier ho.

Historisk

Leiar i Jæren birøktarlag, Georg Grødem, er også nøgd med klar tale frå årsmøtet.

– Ei historisk avgjerd. Brunbia er den rette bia for dette området. Ho flyg først ut om våren, tolar kaldare vêr og er tilpassa regionen. Historiske funn viser at brunbia har vore her sidan vikingtida.

Grødem fortel at brunbia no er truga. Mange års oppblanding med Buckfast- og Krainier-bier, dei to andre honningbiartane i Noreg, har ført til sinte krysningsbier, særleg rundt Sandnes og Stavanger.

– Det handlar om tillit blant folk til det me birøktarar driv med. I tillegg meiner eg at brunbia er det einaste ansvarlege nær reinavlsområdet i Dalane.

Kulturarv

Det er om lag 1400 registrerte bifolk/kuber i området til Jæren birøktarlag. Styret i birøktarlaget set no i gang arbeidet for å få etablert reinavlsområdet i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Prosessen med høyringsrundar og forskriftsendring kan ta fleire år.

– Her får me ein unik moglegheit til både å ta ansvar for å sikre den kulturelle arva vår, og samstundes å rydde opp i dei krysningane som eksisterer i regionen vår. Eit utvida reinraseområde vil også føra til eit betre arbeidsmiljø for birøktarane, seier Grødem.

Ekspanderer: Området frå Rennesøy i nord til Egersund i sør blir lagt til det eksisterande reinavls-området for brunbia til høgre for den stipla linja.

Sylvi Slettebø

Georg Grødem

Share This