Foto: Torstein Lund Eik

Abel, Margit, Reinhard og Philip inviterte «heile bygda» då dei opna bryggeriet på garden. Foto: Torstein Lund Eik

Dei skulle eigentleg bu i Bergen, men 29. oktober opna Margit og Reinhard Lund-Mikkelson «Mykle Mikrobryggeri» i fjøset på garden i Kvinnherad, Hordaland.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten

Som soldatar på geledd står hundrevis av nytappa flasker med American Blonde, IPA og juleøl på golvet. Det som for berre nokre år sidan var kufjøs er i dag gjort om til Mykle Mikrobryggeri. Sjølve brygginga føregår nede i den gamle hevdakjellaren. Då Bondevennen besøker gardsgründerane er det berre ei veke att til offisiell opning. Reinhardt er på jobb. Nervane har byrja å melda seg. Det står att ein del småflikking.
– Ideen om ølbrygging berre poppa opp, forklarar Margit Lund-Mikkelson, ståande blant flaskene. Blikket følgjer minsteguten Abel, som svinsar mellom dei brune glaskjeglene. – Det var lite lokalprodusert øl i området, så me tenkte ‘ Ja! Det gjer me!’

Ølet blir til i den gamle hevdakjellaren. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Ølet blir til i den gamle hevdakjellaren. Foto: Bothild Å. Nordsletten

Sa ifrå seg odelen

Myklebust, garden til Margit (35) og Reinhard (39), ligg øvst i vakre Omvikdalen, ikkje så langt frå Rosendal med sitt vidgjetne baroni. Slake åkrar og brattare beitemarker strekk seg mellom ruvande, haustfarga fjell. Eit utal bekkar rislar ned i Storeelva for så å gå i eitt med Hardangerfjorden der nede. Totalarealet på garden er 338 da, av det utgjer jordbruksarealet 260 da. Her bur det unge paret med sønene Phillip (7) og Abel (3). Samt to alpakka, to mangalitsasvin (ullgris), fire får, fem høns – og eit marsvin.
Eigentleg hadde Margit sagt ifrå seg odelen og budd seg på eit anna liv, men då broren hennar likevel ikkje var interessert i garden, fekk ho tilbodet om å ta over. Året var 2013 og dei budde i Bergen. Ho med reiselivsutdanning frå Dubai og BI, Reinhard med jobb som siviløkonom.
– Me tenkte oss godt om, men kom til at dette var ein sjanse me ikkje kunne late gå ifrå oss, minnest Margit.
– Men ingen av oss hadde interesse for tradisjonelt landbruk. Me ville bu her, men ynskte samstundes å halda kontakten med omverda og få nye impulsar, forklarar ho.

Kursa av ekspertane

Dei bestemte seg for å leige ut jordbruksarealet til ein nabo. Med støtte til forprosjekt frå Innovasjon Norge for Margit på bryggekurs Scandinavian School of Brewing ved Carlsberg-fabrikken i København.
– Det var ein pangstart og svært lærerikt, slår ho fast.
Då gründarane ikkje fekk støtte til hovudprosjektet måtte dei gjere ting annleis og enklare. Reinhard måtte til med hammar og spiker. Kveld og natt. Ved sida av full jobb på dagtid.– Me er beinharde på likviditet, forklarar Margit forretningsmessig.
– Me tek ingen nye steg i prosjektet før pengane er på plass.

Slekta i sving

Produksjonsutstyret vart tinga frå Tyskland. Då tilvirkingsløyve frå Helsedirektoratet, samt skjenke- og salsløyve frå kommunen var i boks, kunne skuldrane senka seg mange hakk. Oppskriftene på ølet har dei laga sjølv. Med støtte frå det kommunale næringsfondet kjem snart eit kjølelager på plass. Marknadsføringa har dei to gjennomført på facebook og via eigne nyheitsbrev. Broren til Margit er utnemnd til PR-ansvarleg. Store delar av produksjonen baserer seg på manuelt arbeid. Margit sin far, Tore Eik, er med og flaskar ølet.
– Det er ei familiebedrift, ler Margit og legg til: – Hadde me ikkje vore to om dette prosjektet, hadde det aldri gått.

Travelt og full suksess alt på opningsdagen 29. oktober. Foto: Torstein Lund Eik.

Travelt og full suksess alt på opningsdagen 29. oktober. Foto: Torstein Lund Eik.

Først i Kvinnherad

Planen er i første omgang å selja direkte ifrå garden samt å arrangera ølsmakingar. Sidan håpar Margit og Reinhard på plassering av gardsølet hjå lokale skjenkestader og butikkar i regionen. På sikt, når dei blir meir kjende med produksjonsutstyret, leikar dei med tanken på å odla fram eigne råvarer, som til dømes humle.
Dei ulike øltypane har fått lokaltklingande namn slik som Putlo, Dalsvatnet og Drøsøl. Mikrobryggeriets første juleøl heiter Stille grend og Julakulo.
– Turistane etterspør lokalt øl. No kan me tilby det, også i Kvinnherad, smiler Margit vonefull.

Strategisk nabosamarbeid

– Øl er trendy og det er alt omlag 170 lokalbryggeri i Noreg. Nye kjem til heile tida. Er de ikkje uroa for konkurransen?
– Det er sjølvsagt vanskeleg å finna opp kruttet på nytt, svarar Margit. – Det er mange flinke folk der ute som har halde på lenge. Men kanskje er det slik at di fleire som brygger øl, di fleire er det som vert interesserte i kvalitet?
– Garden dykkar er jo eit stykke unna turistløypa i Rosendal, korleis skal de trekke folk hit opp?
– Den lokale interessa er enorm, det er svært oppmuntrande. Me spelar på kvarandre for å få folk oppover i dalen, seier Margit og viser til naboen eit stykke nedi vegen, som trekk folk til sitt nyopna gardsbakeri.
Margit og Reinhard angrar ikkje på at dei forlot byen. Og for dei som måtte vera i tvil har den ferske gardsbryggaren ei klar melding. – Det er i Omvikdalen det skjer!

Nytt brygg med lokale namn. Foto: Torstein Lund Eik

Nytt brygg med lokale namn. Foto: Torstein Lund Eik