Bonde foran eige fjøs

Ser framover: Ole Anton Liverud planlegg om- og påbygging til lausdrift med mjølkerobot. Ved å inkludera det beste av den eksisterande bygningsmassen, reknar han med å spara 2 – 3 millionar kroner i høve til å bygga heilt nytt.

Det er i motgangstider ein må sjå opp og fram, erfarer bonde og småbarnsfar Ole Anton Liverud.

Sjur Håland, Bondevennen

Ole Anton Liverud sine byggeplanar inneber ei moderat utviding av mjølkeproduksjonen. Eksisterande bygningsmasse, saman med grovfôr- og beiteressursane på garden, skal vera grunnlaget for utbygginga.
– Mange er så skeptiske til framtida. Men me kan ikkje vita korleis ho blir. Det har me fått oppleve på den brutale måten.
Garden Tjåland, på Undheim i Time kommune, Jæren, er eit typisk kombinasjonsbruk med sau og mjølk.
– Eg treng begge produksjonane framover for å utnytta garden og sikra meg og barna eit godt utkome, seier han.
No ligg teikningar og andre dokument på bordet hjå sakshandsamarane hjå Innovasjon Norge. Svaret frå dei vil vera avgjerande.

(Saka held fram under biletet.)

Bilde fra lufta, av garden og området rundt

Kulturlandskapsperle: Tjåland har det meste. Dyrka jord, gjødsla beite, skog og drygt 3000 dekar utmarksbeite. Desse ressursane ligg i botn for framtidsplanane om utbygging og vidare drift. Foto: Ole Anton Liverud.

Frå Østfold til Jæren

Ole Anton Liverud har det gjerne travelt.
– Eg må berre bestilla ein del til kraftfôrvogna, seier bonden, handhelsar og spring inn i fjøset medan han klemmer mobiltelefonen til øyra med den andre handa.
Bonden står solid planta midt i kulturlandskapet på Tjåland, 180 meter over Jærhavet, i Time kommune på Jæren. Men dialekta røper at røtene ikkje er å finna i torvmyrane på Høg-Jæren.
– Fødd og oppvaksen på gardsbruk med mjølkeproduksjon og korn i Spydeberg i Østfold, forklarer han.
Ole Anton er utdanna landbruksmekanikar. Han har arbeidd som mekanikar i Felleskjøpet i to og eit halvt år, og har vore seljar og leiar i ei bedrift som sel landbruks- og parkmaskinar. I bagasjen hans ligg også ei eittårig komprimert agronomutdanning frå Tomb.

(Saka held fram under biletet.)

Bilde fra lufta, slåttearbeid

Effektivt: Siloslåtten på Tjåland går raskt unna. Ole Anton og Atle leiger entreprenør til raking og finsnitting. To slåttar blir lagt i silo, medan tredje slåtten blir beita. Foto: Ole Anton Liverud.

Trefte Monika

I 2002 trefte han Monika frå garden Tjåland på Undheim. I 2003 flytta ho til Spydeberg kor dei to stifta familie og budde til dei flytte heim til Jæren og tok over garden etter hennar foreldre, Inger og Magnus, første januar 2013.

(Saka held fram under biletet.)

To nabobønder

Samarbeid: Maskinsamarbeidet mellom naboane Atle Tjåland og Ole Anton Liverud er unikt og kostnadssparande for begge. Humor og rausheit er nøkkelord i samarbeidet.

Råka av kreft

Monika vart sjuk første gongen i 2013, men vart friskmeldt etter ein operasjon. På haustparten i 2014 vart Monika på nytt råka av kreft, samtidig som ho var gravid. Etter at Inger Alida vart fødd, og nye operasjonar, såg det lyst ut, og Monika vart på nytt «friskmeldt». Men sommaren 2015 fekk ho eit alvorleg tilbakefall. Monika døydde 13. mai i år, 38 år gammal. Monika og Ole Anton fekk fire barn. Livet vart snudd på hovudet og Ole Anton vart brått og meiningslaust åleine med barna.

 

Denne teksten er eit utdrag av ein reportasje som var på trykk i Bondevennen 42 – 21. oktober 2016. Er du ikkje abonnent? Trykk her.