Etterspurt: Marknaden etterspør meir angus enn det norske bønder så langt klarer å levera.

Rykta går om at marknaden for Angus er på retur. Det avkreftar Nortura. – Meny satsar på Angus og Nortura og Prima klarer ikkje levere nok, seier Siri Kvam Haugland.

Liv Kristin Sola

Tilførselsleiar Siri Kvam Haugland i Nortura Vest har fått fleire telefonar frå bønder som «har høyrt på bygda» at marknaden for Angus går mot kollaps.

– Heilt feil. Situasjonen er motsett. Meny satsar på Angus og skal utvide sortimentet til fleire av sine butikkar, seier Haugland.

Meny meiner alvor

Haugland opplever at bøndene manøvrerer i eit terreng med mange usikre faktorar; kvotesal, klima, overproduksjon og etterspurnad. Men ein ting er sikkert.

– Marknaden etterspør meir Angus enn det me klarer å dekke opp, slår ho fast.

Espen Schønning Lie, leiar av Meny-Lauget, Meny-kjeda sine matfaglege ekspertar, stadfestar det Haugland seier. Lie meiner Angus er ei suksessoppskrift for Meny, og viser til kundane sine krav til norsk kvalitet, bærekraft, økonomi og openheit.

– Det er avgjerande å levere det kunden vil ha – ein smakfull og mør biff, og visse for at dei får same gode kvaliteten kvar einaste gong, seier Lie.

Siri Kvam Haugland

Han meiner Angusavtalen med Nortura og Prima er kjeda sitt verktøy for å sikre kvaliteten fra bås til bord.

Eit smotthol

Haugland forstår at val av rase handlar om mange ulike avvegingar, men ber spesielt dei som er i tenkeboksen om å vurdere å produsere Angus.

– Skal me skape lønsemd for Nortura og bonden, må me nok i enda større grad finjustere produksjonen i forhold til etterspurnaden framover. Nortura skal levere rett vare, til rett tid og med rett kvalitet, seier tilførselsleiaren.

Samvirkeselskapet er i full gang med kretsmøta og Haugland har ei klar melding til eigarane.

– Angusavtalen er faktisk ei opning for bønder som vil satse i ein marknad som stangar i taket på det meste, seier ho.

Haugland minner om at Angus er ein landskapspleiar som passar godt i skog og utmarka. Ikkje minst i områda der mange sluttar med mjølk kan Angus vere eit godt alternativ.

– Du må sjå kva du har, kva du trivst med – og kva marknaden vil ha, men ingenting gjer seg sjølv. Du må gjere jobben, ha kontroll på produksjonen og slakte til rett tid slik at du oppfyller kvalitetskriteria i Angusavtalen, seier Haugland.