Bilete frå Hanasand Gård og GArtneri. To menn og ei dame viser fram tomatkassar.

Hanasand Gård og Gartneri er nominert med tre forskjellige produkt i to kategoriar. Bilete er tatt ved ei anna anledning.

12.-13- september er det duka for Matstreif. Eit av høgdepunkta er delfinalen i Det norske måltid. Målet med konkurransen er å auke etterspurnaden etter norsk mat og drikke, skape stoltheit over norske råvarer og styrke omdømmet for norsk matproduksjon.

 

Jane Brit Sande

 

Meir enn 130 matprodukt var meld på til Det norske måltid i år. Smaksjuryen har smakt, lukta og testa seg gjennom heile rekka med freistande produkt. 54 produkt er veld ut til å gå vidare til delfinalen under Matstreif i Oslo komande helg.

Påmelde råvarer, bearbeida og naturelle, skal vere til sals for vanlege forbrukarar, anten i eigen region eller gjennom gardsmatutsal, butikk og nettbutikkar.

Fleire nominerte produkt

Hanasand Gård og Kjøkken, Rennesøy kommune i Rogaland, er ein av dei nominerte aktørane, og har tre produkt nominert i to forskjellige kategoriar: Årets Det Grønne – Bearbeidet med chilimarmelade, og Årets Det Grønne – Naturelle med Gigawak tomater og Gul perletomat. Energimat AS frå Finnøy kommune i Rogaland har to nomierte produkt i kategorien Året Godbit med Superknask Frokostblanding og Superknask knekkebrød.

 

Regionsinndeling

Deltakarane er delt inn i fire regionar; Østpå (Hedmark, Oppland, Oslo, Akershus og Østfold), Sørpå (Aust-Agder, Vest-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud), Vestpå (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland), Midti (Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal), Nordpå (Finnmark, Troms og Nordland). Region Vestpå dominerer med 28 produkt som går vidare til delfinalen. Sørpå har 14 produkt, Midti har 8, medan Østpå har 3 og Nordpå har 1.

Smaksjuryen sine fem medlemmer er:

  • Tommy Raanti, leiar på Gastronomisk Institutt
  • Frode Selvaag, Ryfylkekokken
  • Guro Rognså, PhD-kandidat Måltidets Hus
  • Anita Løyning, oldermann i Kokkenes Mesterlaug Rogaland
  • Eirik Thomsen, kokk på det norske kokkelandslaget