På rekke og rad: Slåmaskinar på rekke og rad på Jæren. Først i rekka ein Kverneland slepeslåmaskin 4336 LT.

Det var lite som vitna om den vanskelege sommaren då eit drygt 30-tals ekvipasjar ekspederte tredjeslåtten hjå Sandnes-bonden Magnus Folkvord førre fredag.

Sjur Håland

Vel 400 maskininteresserte valte å setje av dagen til å sjå nytt utstyr fossa fram i grønt raigras under knall blå hausthimmel.

– Me hadde ein liknande grashaustedemonstrasjon for ti år sidan. No kjende me det var på tide med eit nytt arrangement, seier Jan Ove Hole, leiar av Forum ku, som står bak arrangementet.

Han er ein av mange med gulgrøne refleksvestar som styrer med parkering, grillmat og ivaretaking av tryggleiken under demonstrasjonane.

Jan Ove Hole

Vinn, vinn

– Kvifor drar de i gang ein grasdemonstrasjon av dette formatet?

– Dette likar bøndene, som du ser. Utstillarane vil også visa kva dei har å rutta med, så dette er vinn, vinn. Her møtest mykje folk, og eg reknar med at mange også vil vera med på bondepuben i kveld.

Hole erfarer at utstyret blir større, dyrare og langt meir teknisk avansert enn for berre få år sidan.

– Er du bekymra for vekt og jordpakking?

– Så klart. Men i år har det vore lite grunn til uro mest same kva ein har kjørt utpå med. På eigen gard er me heldige og har ei jord som tåler det meste. Eg meiner det er viktig å ta med i debatten om vekt at dei tunge haustemaskinane har stor kapasitet og gir mindre transling totalt sett.

Nyttig demo

Jogeir M. Agjeld er bonde i Stryn og arbeider i tillegg med presisjonsjordbruk og maskinteknikk sentralt i Norsk Landbruksrådgiving. Han er imponert over maskindemonstrasjonen.

– Dette er eit fascinerande og proft gjennomført arrangement som illustrerer at det heile tida skjer mykje også på maskinsida i landbruket, slår han fast.

Agjeld meiner det er matnyttig for bøndene å studera maskinane i bruk i staden for å sjå dei utstilt under flaumlys på eit teppebelagt golv.

Ballevogn: Jogeir M. Agjeld, frå NLR, ved sida av ei kanadisk Anderson rundballesamlevogn importert av Ålgård Landbrukssenter. Vogna har plass til 20 rundballar. Importøren opplyser at dei har selt tre vogner så langt.

Vanskeleg å skilja

Om traktorar og tilhøyrande reiskap kjem ut frå utstillingslokala og blir synt fram i praksis, kan det likevel vera vanskeleg å skilja eigenskapane til dei enkelte fargane og modellane.

– Alle slåmaskinane slår sjølvsagt graset, men dei gjer det jo på litt ulike måtar. Eg kunne gjerne tenkt meg ein demonstrasjon der det var mogleg å krypa ned på bakken eller inn i fôret for å sjå kva den enkelte maskinen faktisk har gjort og kva som skil han frå dei andre. Dette er vanskeleg å få til på demonstrasjoner, heller ikkje på store utstillingar i andre land får dei til eit slikt konsept. Kanskje kan me i NLR bidra i den retninga når me kjem skikkeleg i gang med maskinteknikksatsinga, seier Agjeld.

Kjem meir

– Saknar du noko her. Robotar for eksempel?

– Robotane er ikkje klar for å ta den jobben desse maskinane gjer. Dei kan koma, men enn så lenge treng me traktor med førar og ein reiskap bakpå, slik me ser på Jæren i dag. Her i dag er det vel ingen ting me aldri har sett før, men det er interessant å merka seg at pickup-riva, som har vore på marknaden ei tid, no byrjar å bli meir aktuell. Rundballesankevognene er elles nye her i landet.

Agjeld held fram at det vil koma enda meir GPS-utstyr og anna som hjelper traktorføraren til å til dømes halda rette linjer og dermed mindre overlapping.

– Reduserer du overlappinga med ti prosent, får du tilsvarande reduksjon i dieselforbruk og jordpakking, understrekar han.

Lett: Lite tvil om vekta på denne traktoren, ein Kubota M 5111.

Tyngre: Også tungvektarane var i aksjon på grashaustedemonstrasjonen. Krone Big M 420 slåmaskinen har ei arbeidsbreidde på 9,8 meter, medan vekta er ca. 12 tonn.

Stikkord denne saka: