Grep om drifta: F.v. Erlend Ropeid frå Heigre i Sandnes, Ingeborg Havrevoll frå Suldal, Tove Øvrebø frå Rennesøy og Jone Risa frå Undheim trivst med praksis etter ein vinter med teori. I ei veke fekk dei styra drifta av garden på Øksnavad vgs.

Grep om drifta: F.v. Erlend Ropeid frå Heigre i Sandnes, Ingeborg Havrevoll frå Suldal, Tove Øvrebø frå Rennesøy og Jone Risa frå Undheim trivst med praksis etter ein vinter med teori. I ei veke fekk dei styra drifta av garden på Øksnavad vgs.

 

Dreiv skulegarden i ei veke

24. mars 2024

Vintertimane i klasserommet vart til våryr praksis når avgangselevane på Øksnavad vgs fekk kontroll på gardsdrifta denne veka.

Bothild Å. Nordsletten

– Me var i grevens tid med dei mjølkeprøvane!

Tove Øvrebø ser mjølkebilen frå Tine svinge inn i tunet på Øksnavad vgs og bakka inn mot fjøset.

Tankbilsjåfør Leif Bjarte Vold hoppar ut, koplar slangen frå køyretøyet til tanken i tankrommet og tar med seg eit brett ferske prøvar på vegen ut att.

– Heilt perfekt, seier han om jobben som dei fem agronom-ungdommane på vg3 har gjort med prøvane.

Erlend Ropeid er likevel litt spent. Saman med Tove, Ingeborg Havrevoll, Jone Risa og Johan Nord-Varhaug (sistenemnde ikkje til stades då Bondevennen var på besøk), har han hatt ansvaret for fjøset, grisane, kyrne og sauene på skulen sin ei heil veke. Inga undervising i klasserom, ingen teori. Berre masse praksis.

– Celletalet var høgt ved siste henting, og me måtte sette i verk fleire tiltak, seier Erlend.

– Eg lurar på kva prøvane viser denne gongen.

«Iallfall betre enn å sitja inne å rekna dekkingsbidrag. »

Jone Risa

Arbeidsglade

– Nei, nå skal eg køyra lort! Eg har ein viktig jobb å gjera, erklærer Jone Risa frå Undheim.

Ungdommane salta tistlar på beite dagen i førevegen. Nå står fleire oppgåver står for tur. Jone får kontant beskjed om at han først må vera med å måka hjå gjeldkyrne først.

Ertande seier jentene at Jone er «maskinmann» meir enn «dyremann». Jone bles av dei.

Og så er alle på veg til kyrne.

Kontroll på alt

På Øksnavad er det tradisjon for at agronom-elevane tar styringa ei veke i tredje klasse. Ein populær tradisjon, skal me tru lyden frå dei unge.

– Me får kontroll på alt i lag, seier Tove.

Blikket er vakent, trass i at ho starta køyreturen frå Rennesøy halv fem same morgon. Første økt på skulen starta kvart på seks. Dei lengste dagane denne veka varar til fem.

Saman med Ingeborg bukserer ho ei grind for å skilja kyrne frå der dei skal måka. Vegleiing frå lærarane er minimal denne veka. Ungdommane må sjølv finna løysingane og utstyret dei meiner er best.

– Og så er det lettare å be om tilgjeving enn om tillating, seier Tove lurt.

«Det flyt godt mellom oss.»

Ingeborg Havrevoll

God flyt

Dei fire 18-åringane, eigentleg fem, skal anten overta gard, eller ønskjer seg ein karriere i landbruket. Samarbeidet vitnar om medelevar som kjenner kvarandre. Alle tar i, alle veit med éin gong kva oppgåva si er. Flokken med store gjeldkyr handterer dei trygt og roleg, som om dei aldri hadde gjort anna. Ingeborg meiner jentene er litt betre på dyr. Gutane litt betre på mekanikk.

– Men det flyt godt mellom oss, seier ho.

– Litt knuffing, men…

På stell: Tines tankbilsjåfør Leif Bjarte Vold er nøgd med prøvetakinga til Ingeborg Havrevoll (t.v. bak) og Tove Øvrebø.

På stell: Tines tankbilsjåfør Leif Bjarte Vold er nøgd med prøvetakinga til Ingeborg Havrevoll (t.v. bak) og Tove Øvrebø.

Teori i praksis

Jone har vore å henta traktoren. Han likar å vera ute og i aktivitet, har arbeidd heime på garden på Undheim, iallfall sidan han var sju.

– Det er berre greitt å vera ute. Iallfall betre enn å sitja inne å rekna dekkingsbidrag, slik me har gjort heile vinteren. Dette motiverer.

Erlend, som satsar på å overta heimegarden på Heigre i Sandnes, meiner det har gått greitt å overta ansvaret for skulefjøset, gitt all erfaringa dei har frå eigne fjøs.

– Teori er bra, det. Men her ute får me gjort ting annleis enn om me berre sat på skulebenken. Her må me ta ansvar.

…og så eksamen

Bondevennen får ein prat med Ingeborg når sjefsveka er over.

– Det har vore veldig kjekt, oppsummerer ho.

– Godt å koma ut av klasserommet. Me har vore heldige med veret. Og ikkje minst har me fått sjå korleis me fungerer i lag, og som gardbrukarar. Saman har me vore nøydde til å tenka logistikk, og å legga ein plan for dagane.

Etter denne veka startar førebuingane for eksamen i mai og juni. Ingeborg tar det heile med ro, ho er ikkje nervøs.

– Lærarane har sagt at me i gruppa vår vil klara oss bra.

Stikkord denne saka: