Administrerende direktør i FKRA foran en kraftfôrbil

Meir mat i tankane: Felleskjøpet Rogaland Agder bygger ny kraftfôrfabrikk til 200 millioner kroner i Hillevåg. – Betre produkt, energieffektivisering, lågare driftskostnader og større fleksibilitet ligg til grunn for styrevedtaket, fortel administrerande direktør i FKRA, Ola Bekken. (arkivfoto)

Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) bygger større kapasitet og blir langt meir effektive og fleksible når den nye kraftfôrfabrikken til kring 200 millionar kroner står ferdig hausten 2018.

Sjur Håland, Bondevennen

Alt i dag er fabrikken på Kvalaberg i Hillevåg landets største kraftfôrfabrikk. Med kapasitetsutvidinga i kjølvatnet av den føreståande bygginga, tar FKRA høgd for å også i framtida kunna produsera minst tjue prosent av kraftfôret til den norske marknaden.
– I tillegg til å framleis vera landets største, får vi den mest moderne og effektive kraftfôrfabrikken, seier administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder, Ola Bekken.

To fabrikkar

Den nye kraftfôrfabrikken vil ikkje framstå som eit nytt landemerke. Fabrikken vil i hovudsak bli bygd i eksisterande bygningar.
– Det meste skjer innvendig, men det blir også noko rivearbeid med tilhøyrande påbygging og endringar, forklarer han.
I det store bygningskomplekset til Felleskjøpet på Kvalaberg skjuler det seg eigentleg to kraftfôrfabrikkar. Den eldste er frå 1960-talet, medan den nyaste fabrikken framleis er å rekna som ein både moderne og effektiv kraftfôrfabrikk. Under ombygginga vil kraftfôrproduksjonen gå for fullt mesteparten av tida.

Kundane blir oppdaterte

– Ein eventuell stopp i eine fabrikken vil bli føreteke på sommaren då produksjonen er lågast. Då vil den andre fabrikken gå på maks kapasitet 24 timar i døgnet, kundane våre skal sjølvsagt få det kraftfôret dei bestiller, og vil ikkje bli berørt av byggeaktiviteten, understrekar Bekken.
Men om kraftfôrbilane kjem inn på tunet som bestilt, skal FKRA sine kundar og medlemmar haldast oppdaterte på endringane i anlegget.
– Me kjem til å informera grundig undervegs i prosessen. Kundane skalvita kva som skjer frå byggestart tidleg i 2017 fram til fabrikken er ferdig bygd, seier han.

Ikkje dyrare kraftfôr

– Det blir vel dyrare kraftfôr som følgje av den tunge investeringa?
–  Nei. Det blir framleis slik at det er råvareprisane som utgjer den største delen av kraftfôrprisen. I den nye fabrikken er effektivitetsvinsten nøkkelen. Me skal driva effektivt og ta ut vinsten av dette, seier Ola Bekken.
Ny teknologi og utnytting av den elementære tyngdekrafta blir ein del av effektiviseringa.
–  Enkelt forklart kan ein seia at me startar prosessen med råvarene oppe og nyttar tyngdekrafta nedover etasjane mot ferdig kraftfôr. Det betyr mellom anna lågare energiforbruk og færre motorar og kulelager, alt dette bidreg til lågare pris.

Gunstig overkapasitet

Dagens anlegg ligg opp mot grensa på produksjonskapasiteten.
– Dei siste tonna i kapasitet er ekstremt billege. Med det nye anlegget får vi ein overkapasitet som også gir plass til nye reseptkrav og andre eller nye råvarer.
Krava til innhald og kvalitet i fôrblandingane blir ikkje mindre i åra som kjem. Ola Bekken er oppteken av at FKRA skal vera leiande også her framover.
– Den nye fabrikken gjer oss i stand til å laga både nye og meir avanserte fôrreseptar og å møta komande endringar i fôrkrava. Det betyr sjølvsagt mykje for kundane våre, og vil styrka konkurransekrafta til FKRA i marknaden.
– Tang og cellulose kan bli blant fôrråvarene i framtida, blir fabrikken rusta for slike alternativ?
– Val av aktuelle og gode råvarer er viktig. Den nye fabrikken vil ha eit grunnlag for å ta i mot råvarer me ikkje kjenner i dag, sjølv om «Den blå åkeren» nok ligg ein del år fram i tid.