HØYR!

– Eg mister trua

13. oktober 2023

Foto: Vestland Bondelag

Konkurransekrafta mot importprodukt blir dårlegare, og det kjem berre til å bli verre.

– No kan me berre håpa på at Stortinget pressar på for at regjeringa skal følga opp vedtaket om å nytta handlingsrommet i tollvernet, seier fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld.

Jane Brit Sande

– Dette er nok ei utsetting av arbeidet med å auke sjølvforsyninga. Det seier Gry Ingvild Agjeld, leiar i Vestland Bondelag, til Bondevennen, etter at statsbudsjettet er lagt fram.

Ho hadde høge forventingar om styrking av tollvernet med innføring av prosenttoll på fleire volumproduksjonar. No er ho skuffa. Regjeringa føreslår ein overgang frå kronetoll til prosenttoll for heil issalat, kålrot, raudbetar og knollselleri.

– Dette monnar ikkje, seier Agjeld, med referanse til prosenttoll på dei fire grønsakene.

Ho understrekar at grepet vil vere bra for produsentane av desse varene.

– Men det vil ikkje ha noka særleg betyding for landbruket i Vestland, diverre. Regjeringa signaliserer at dei vil jobbe vidare med styrking av toll på fleire produkt. Positivt, men det hastar.

Eit velfungerande tollvern er viktig for bonden i Vestland, understrekar Agjeld.

– Dette er ei viktig sak for distriktslandbruket. Konkurransekrafta mot importprodukt blir dårlegare, og det kjem berre til å bli verre.

I jordbruksforhandlingane til våren må Bondelaget halde fram med å jobbe med dei same sakene: opptrappingsplanen og sjølvforsyning, seier ho.

– Prosenttoll er eigentleg ein sak for statsbudsjettet, men me kan ikkje unngå det i forhandlingane, likevel. Skal me kome nokon veg med opptrappinga og sjølvforsyninga, må prosenttollen på plass, seier Agjeld.

– Endring frå krone- til prosenttoll er eit viktig ledd for å auke sjølvforsyninga. Regjeringa må vise at dei meiner alvor. Dei er lite langsiktige med dette, seier fylkesleiaren.

– Me har eit mindre handlingsrom for å auke inntekta til bonden. Eg mister trua. No kan me berre håpa på at Stortinget pressar på for at Regjeringa skal følga opp vedtaket om å nytta handlingsrommet i tollvernet.

Det berømte handlingsrommet i WTO-avtala går ut på at landa sjølve kan bestemme om det skal vere krone- eller prosenttoll på varene, etter kva som gir best vern.

– Men dette må bestemmast av regjeringa, seier Agjeld.

– Me vil ha prosenttoll på varene. Då følger tollen prisen på varen. Går prisen på varen opp, går også tollen opp, forklarar ho.