DSC_0828

Rogalandsgarden bidreg til at kvinner opprettar sparegrupper. Dei sparer litt kvar veke, og dette blir nøysommeleg registrert.

 

Har du lyst å vere med og sjå og høyre om korleis eit bistandsprosjekt kan forandra kvardagen i ein landsby i Kamerun? No har du ei unik moglegheit.

 

Jane Brit Sande

 

I februar 2015 reiser U-landsutvalet på reise til Kamerun for å besøka Sambolabo, der Rogalandsgarden no har prosjekt. Prosjektet retter seg mot eit haldningsskapande arbeid og danning av grupper – spesielt blant kvinner og
ungdom – med vekt på motivering, organisering og mobilisering av lokale ressursar, bygging av brønner og bruer, og danning av innkjøpssamvirke.

Evalueringstur

–    Me har som mål å reise ned kvart tredje år for å besøke prosjektet, fortel Elisabeth Kallevik Nesheim, leiar i u-landsutvalet.
–    Sist me reiste ned, var i jubileumsåret 2012. Då inviterte me for fyrste gong interesserte med på tur, og både eg og Terje Øen, som òg sitt i styret til U-landsutvalet, fekk fleire telefonar med nyfikne og reiseglade i andre enden. Derfor ynskjer me igjen å gi denne moglegheita, forklarar Elisabeth.
Bistandsprosjektet Rogalandsgarden har sidan 2007 vore plassert i Sambolabo, nær grensa til Nigeria. Sambolabo er den femte landsbyen i rekka der Rogalandsgarden har gjort ein forskjell.
–    Kvart halvår får me rapport frå våre medarbeidarar i Kamerun, Asta Pauline og Iya Paul, der dei fortel kva som er gjort i prosjektet. Det er imponerande kva dei får til. Kvart tredje år reiser me ned ei gruppe frå styret i u-landsutvalet ned for ein evalueringstur. Då inspiserer me og ser til at arbeidet blir gjort. På same tid håpar og trur me at besøket vil motivere medarbeidarane våre og lokalbefolkninga til å halde fram med det gode arbeidet. Me i U-landsutvalet lar oss inspirere og motivere til å halde fram med arbeidet me gjer frå Norge, fortel ho vidare.
Bistandsprosjektet held seg i same landsby over fleire år, det er ikkje små mål U-landsutvalet har for landsbyen og dei som lev der. Dette er arbeid som tar tid, for å nå måla må haldningar endrast.
–    Eg hugsar eit tidlegare besøk, i 2006, så var det ei gruppe kvinner som ikkje fekk lov av lamidoen, øvste mann i landsbyen – etter gammal, muslimsk tradisjon, til å starte sparegrupper, slik kvinnene andre stader hadde fått lov til. Då me kom igjen i 2009, såg eg dette hadde endra seg, og eg spurde korleis det var gått til. Lamidoen var svar skuldig; kvinnene hadde gjort opprør. Dei krevja starta med sparegrupper, han blei nøydd gi etter, og han såg at dette var ei positiv utvikling, fortel Elisabeth stolt.

Vil du vere med?

–    Etter tidlegare turar har eg fleire gonger hatt presentasjonar der eg har vist bilete og fortalt om prosjekt og resultat, og eg opplev at eg får positiv respons. Men til sjuande og sist kan det ikkje samanliknast med å vere der sjølv; å få helse på lokalbefolkninga, sjå og oppleve korleis dei lev, kjenne på luktene, smake på maten – det er ei oppleving! Denne gongen legg me opp til fleire dagar i Sambolabo, slik at me får meir tid til å lære meir om korleis dei har det, fortel Elisabeth.
–    Dette er ein tur som passar godt for dei eventyrlystne, og som ikkje er kresne. Denne turen er ein moglegheit til å sjå korleis eit vellykka bistandsprosjekt hjelp eit samfunn. Me reiser til deler av Kamerun der det har vore svært lite europearar før oss, så det er på ingen måte ein vanleg ferietur. Det er ikkje ein tur for den kresne, altså, smiler Elisabeth.
–    Kanskje det er den ideelle gåva til ein sprek 50- eller 60-åring?, føreslår ho.

Det er ikkje ubegrensa med plassar på turen, så det er første mann til mølla-prinsippet som er gjeldande.

For meir informasjon om turen til Kamerun, ta kontakt med Elisabeth Kallevik Nesheim eller Terje Øen.
Elisabeth: elisabeth.nesheim@vindafjord.kommune.no eller på tlf: 924 61 223
Terje: terje.oen@tine.no eller på tlf: 970 85 158

 

DSC_0504

Rogaland Bondelag har bidrege med forskjellig opp gjennom åra. Damene i sparegruppa i Sambolabo lo godt då det blei insistert på bilete av dette nettet.

DSC_0493

Eit av måla til U-landsutvalet er at fleire born skal få moglegheita til lenger skulegang. Den eine jenta på biletet (nr. to frå venstre) fekk ny skjebne etter besøket i 2012: ho skal få gå på skule, slik at ho lærer seg å lese, skrive og rekne

DSC_0483

Ingenting slepp gjennom fingrane når det skal førast opp kor mykje den enkelte har spart. Fire damer telte, kontrollerte og registrerte.

DSC_0479

…medan andre berre var nyfikne på dei nye folka som kom og laga fest i landsbyen.

DSC_0860

Stolte sparerar har fått utbetalt eigen pott. Her har fleire born jobba og spart for seg sjølv.

DSC_0847

Fleire av kvinnene hadde slike «tatoveringar» i andletet. Dette markerer stammetilhøyrighet.