bv27_aktuelt1b

Anne-Lill Fjell Roland lar ikkje tida gå ubrukt

Det har vore 40 travle år. Då dei tok over garden i 1975, var det ikkje store drifta. Kyrne vart handmjølka, men Anne-Lill og John Kåre fekk fart på sakene.
– Sidan den gong har me dyrka opp all jorda, bygd reiskapshus og bustad, me har utvida fjøs, bygd om fjøs, bygd nytt fjøs, og me har utvikla drifta i takt med tida. Me har gått frå å handmjølke ei ku i spann, til litt fleire kyr og røyrsystem, seinare til mjølkegrav, og no: Eit moderne fjøs med 60 kyr og ein mjølkerobot, fortel Anne-Lill stolt.
– Det er viktig for oss at garden er ei framtidsretta bedrift, og at neste generasjon ikkje møter kostbare investeringar med det same garden skifter eigar. Det synast me at me har lukkast med.

Vil vere ein pådrivar

Byjenta frå Mandal hadde med seg Handel og kontor-fag i kofferten då ho flytta opp til garden på Fjeldsgård. Skuleåret 1979/80, etter tredje born var komen til verda, var ho fulltidsstudent på jordbruksskulen i Søgne. Heime tok ein praktikant seg av born og husstell.
– Det var knallhardt det året det stod på, men eg har aldri angra. Garden har utvikla seg mykje dei åra me har drive, og det har vore veldig nyttig med skulen, seier Anne-Lill.
Ho har lang fartstid i fleire organisasjonar og styrer. Det var svigermor som først lokka ho med på møter i Bondekvinnelaget, mot slutten av 1970-talet.
– Det var i den tida me hadde møta heime hjå kvarandre på dagtid, minnest Anne-Lill.
Ferda som engasjert kvinnebonde starta i det små. Ho kom med i styret, som varamedlem, i lokallaget heilt i starten av 1980-talet. Sidan vart ho styremedlem, så nestleiar, noko ho var i mange år.
– Eg ville ikkje opp til leiarplassen, eg kjende nok litt mykje ansvar kring det. Me hadde jo garden og sju ungar her heime. Men etter kvart hoppa eg uti det, fortel ho.
– Eg vil det skal vere aktivitet i bygda, og eg vil vere ein pådrivar.
Sidan har altså ikkje ferda stoppa. I 1991 fekk ho sitt første verv i fylkesstyret, og i 2012 vart ho vald til fylkesleiar. I alle desse åra har ho vore Bygdekvinnelaget sin representant i Bondelaget sitt fylkesstyre.
– Med garden heime, så var nok eg den blant Bygdekvinnene som var mest interessert i posten hjå Bondelaget, smiler ho.
Men Bygdekvinnelaget er ikkje dei einaste Anne-Lill har brukt timar på. Ho var produsentlagsleiar for Tine i Finsland i ti år, ho har vore i Landbruksnemnda, vore jordskiftedommar, og ho har vore med i Tine si regionale valnemnd i tre år, og sidan eitt år i den nasjonale valnemnda – berre for å nemne noko.
– Det er viktig med ei fungerande valnemnd. Me må tenke på kva makt me har der. Den skal brukast, ikkje misbrukast. Ein skal ikkje trumfe gjennom personar til styret, slår ho fast.
– Eg har så mange gonger sett at lokallag og fylkeslag ikkje utnytter sitt fulle potensial, med å ikkje føreslå kandidatar til styra. Dei kan hente så mykje meir!

Mykje kjekt

– Det beste er samhaldet, svarar Anne-Lill på spørsmål om kva ho likar best med Bygdekvinnelaget.
– Me har eit flott kvinnefellesskap der med støttar kvarandre opp, og det er eit breitt spekter av kvinner som er med: i forskjellige yrker og aldrar, på tvers av generasjonar. Me har eit miljø der me kan lære av kvarandre. Eg slutta i jobben då me fekk born, og sidan har eg hatt min arbeidsplass her på garden. Eg trur mange saknar det fellesskapet ein arbeidsplass kan gi, seier Anne-Lill.
Ho skulle gjerne sett at fleire hang seg på. Dei, «støttemedlemmene», er med og støtter opp rundt det som skjer, både når Bygdekvinnelaget svingar grytene, og når dei samlar inn pengar til hjertestartarar, og anna som kjem lokalsamfunnet til gode.
– Dei vil ikkje ha ansvar for styre og stell, trur eg. Dei seier det er for travelt, jobb og born, og eg har ofte fått kommentaren at eg «går berre heime likevel». Men det er jo ikkje slik, at eg «berre går heime». Me har ein gard, ein bedrift, det er mykje arbeid. Det er eit fritt liv, me legg opp dagane sjølv, det er eit slit, men eit godt slit, innrømmer ho.
Sjølv engasjerer ho seg for den gode kjensla. Den gode kjensla det gir, når ein gir noko tilbake til bygda og lokalsamfunnet.
– Eg trur faktisk fleire hadde vore med, viss dei kunne gjort det for pengar. Dei tenker ikkje på andre. Det er mykje jobb og karriere, det er eit slikt jag i folk. Alt kan ikkje målast i pengar, slår ho fast.
– Lokallaga er flinke og kreative. Faktisk så meiner eg dei kunne brukt nokre av dei innsamla midla på seg sjølv, gjere noko kjekt saman, og ikkje berre gi vekk til andre. Det vil kanskje gjere at det er lettare for andre frivillige å engasjere seg meir?, smiler ho.

– Kva er di mest positive oppleving som Bygdekvinne?
Anne-Lill tenker seg godt om, men kan ikkje gi eit bestemt svar.
– Det må vere alt eg har fått tilbake, alt det positive. Det blir verdsatt, og det betyr noko for nokon, det eg gjer.
Anne-Lill er klar til å sjå neste generasjon drive garden vidare inn i framtida. Ho har sansen for reise og opplevingar. Hennar beste tips?
– Den eine sonen vår arbeidde fleire år på Svalbard. Eit besøk der på vinterstid anbefaler eg. Ljoset er heilt spesielt på den mørke tida av året.

 

Anne-Lill Fjell Roland (62) driv gard på Fjeldsgård i Finsland i Songdalen kommune, Vest-Agder.
Gift med John Kåre Roland.
Sju born. 14 barneborn, eitt bonus-barneborn.
Leiar i Vest-Agder Bygdekvinnelag.