Stanley Wirak, ordførar i Sandnes kommune, stod for opninga av landssamlinga til Bygdeservice Norge.

Stanley Wirak, ordførar i Sandnes kommune, stod for opninga av landssamlinga til Bygdeservice Norge.

Festtalar og lovord prega ikkje landssamlinga til Bygdeservice Norge. Framtida og arbeid for auka rekruttering stod på agendaen.

 

Jofrid Aasland

 

– Me ønsker eit aktivt landbruk, og me ønsker dykkar arbeid velkommen i kommunen vår. Lukke til med samlinga, sa Stanley Wirak, ordførar i Sandnes kommune. Han kasta glans over opninga av landssamlinga, som fann stad i Sandnes sentrum. 45 deltakarar frå ulike bygdeserviceføretak rundt i landet hadde samla seg i Sandnes.
– Generelt har det vore litt mindre etableringsaktivitet dei seinare åra. Det har ikkje vorte etablert noko nytt bygdeserviceføretak sidan 2009. Dette er ikkje overraskande. Me veit at når næringslivet går godt, går Bygdeservice og landbruksnæringa litt dårlegare, sa Arild Løvik, dagleg leiar i Bygdeservice Norge. Han summerte året som har gått, og peika på kurs vidare. Ei av utfordringane den daglege leiaren trakk fram var rekruttering av unge arbeidstakarar.
– Kan hende er det lettare å få med yngre folk om dei får vere lønnsmottakarar, i staden for at dei må ha eige føretak, og fakturere for arbeidet dei gjer, sa Løvik.
Vidare understreka han at det er viktig å vise seg fram. Her peika han på media, nettside og nettsamfunnet Facebook som aktive tiltak.
– Det er viktig å ha ein plan for kvar me vil, for å vite kvar me skal gå, sa den daglege leiaren. Han oppmoda dei ulike lokale Bygdeservicekontora om å bruke pengar på dagleg leiing, og ikkje spare seg til fant.

Positiv til framtida

– Me ser positivt på framtida, og behovet for Bygdeservice, sa Solfrid Skjeflo Jellum, leiar i Bygdeservice Norges styre.
Ho utdjupa at arbeidsmarknaden har vorte stramare, og at ho ser fleire bedrifter leige inn arbeidskraft i staden for å tilsette. Noko som kan gi fleire oppdrag til Bygdeservice.
– Me treng og rekruttering, og må kome med nye typar tilbod for å henge med i marknaden, sa Skjeflo Jellum.
Nestleiaren, Paul Tore Barkve, nikka seg einig i utsegna. Han peika på nye tenester, som hjelp i heimen, eller andre daglege gjeremål.
– Desse tilboda er først og fremst retta mot eldre menneske, men me ser og at travle barnefamiliar kan ha behov for heimetenester, sa Barkve.

Velkommen i familien

Ikkje berre ønska representantane for Bygdeservice Norge nye medlemmer velkommen, men og nye og gamle bygdeservicelag.
– Det er fleire lag i landet som ikkje er tilslutta Bygdeservice Norge, og me vil jo veldig gjerne ha dei med, sa den daglege leiaren. Han smilte breitt og kom med lokkemat som HMS-system, sosiale kurs og det å stå sterkare saman.

Leiinga i Bygdeservice Norge vil gjerne ha med seg fleire unge folk framover. (F.v.) Arild Løvik, dagleg leiar i Bygdeservice Norge, Solfrid Skjeflo Jellum, leiar i Bygdeservice Norges styre, og Paul Tore Barkve, nestleiar i Bygdeservice Norges styre.

Leiinga i Bygdeservice Norge vil gjerne ha med seg fleire unge folk framover. (F.v.) Arild Løvik, dagleg leiar i Bygdeservice Norge, Solfrid Skjeflo Jellum, leiar i Bygdeservice Norges styre, og Paul Tore Barkve, nestleiar i Bygdeservice Norges styre.